8 millionar til å sjå på mediebruk i Afrika

I Botswana har kyrne fått id-brikker som gjer det vanskeleg å stele buskapen og enklare å hindre munn og klauvsjuke. No skal forskarar finne ut kva meir teknologien kan hjelpe til med.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei neste tre åra skal ti forskarar sjå nærmare på mediebruken i Afrika. Prosjektet, «MediAfrica», er eit samarbeid mellom Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA), London School of Economics, Harvard University og universiteta i Oslo, Birmingham, Botswana og Cape Town.

Jo Helle-Valle (biletet over) ved HiOA er prosjektleiar. Søndag reiser han til Botswana for å gjere feltarbeid i hovudstaden Gabarone og i ein Kweneng landsby.

Mobilar opnar moglegheiter

IKT-utviklinga i Afrika har gått enormt raskt. Mens man i Norge først hadde internett gjennom fasttelefonlinjer, hoppa dei mange stader i Afrika glatt over dette og fekk internett gjennom mobile nettverk.

Medium tryllar ikkje fram pengar, men dei effektiviserer og gjer kvardagen
enklare.

Jo Helle-Valle

— I dag skjer 96 prosent av internettbruken i Afrika over mobile nettverk. Dei har spart mykje ved å ikkje først innføre ein infrastruktur, før dei innførte ein annan. Ein er heller ikkje avhengig av PC, ein mobiltelefon har ein med seg over alt.

Kweneng landsbyen, kor Helle-Valle skal vere halvparten av tida si i Botswana, hadde ikkje strøm i 1990. I 2012 hadde mange smarttelefonar.

— Den mobile teknologien opnar mange moglegheiter for Afrika. I ei jordhytte går det ikkje an å ha ein stasjonær PC, men ein mobiltelefon er ikkje noko problem. Du treng ikkje strøm ein gong, du får lada for ein liten slant pengar, i butikkar, eller hjå folk som driv ladestasjonar, fortel han.

8 millionar frå FRIPRO

Dei neste seks månadene skal han vere i landet for å forske på kva ikt-teknologien har å seie for innbyggjarane i landet.

— Kva trur du de kjem til å finne ut?

— At dette er komplekst og samansett, ler Helle-Valle.

— Hadde det ikkje vore det, hadde nokon sett på det her før oss. Men målet er å få betre innsikt i korleis teknologien bidrar i folks liv.

Forskingsprosjektet er støtta med åtte millionar kronar frå Forskingsrådet si prosjektstøtte, FRIPRO. Det var det einaste prosjektet med oppstart i 2015, frå høgskulesektoren som fekk midlar. Helle-Valle fortel at utan midlane hadde ikkje prosjektet vore mogleg å gjennomføre. Han kallar FRIPRO indrefileten av forskingsmidlar.

— Det er fritt for tema, så lenge det er fagleg bra. Å få desse midla er prestisje for høgskulen, smiler Helle-Valle.

Enklare handel

— Det har vore mykje krangling om kven som eig kyr i Botswana, nå gjer ei RFID-brikke (radiofrekvensidentifikasjon) at dette er noko ein lett kan finne ut av.

— Munn og klauvsjuke har vore eit stort problem i Botswana, men med brikka kan òg kontrollørar sjekke for eksempel kva vaksinar dyra har fått.

Eit anna eksempel på kor nyttig ikt-teknologien har blitt er i handelen.

— Ein bonde kan nå gjennom internett finne ut kva han kan selje ei ku for, og kvar han vil få best pris. Ei kvinne som vil starte ei lita bedrift kan finne informasjon på nett og bestille varar. Ein heksedoktor kan selje tenestene sine gjennom ein mobiltelefon, fortel professoren ved HIOA.

Samtidig understrekar han at medium ikkje tryllar fram pengar, men at dei effektiviserer og gjer kvardagen enklare.

Brukar nettstad for å nå informantar

På teknologifronten er tanken at også forskingsprosjektet skal vere ledande.

— I dag er det eit krav at forskingsprosjekt skal ha ei eiga heimeside. Eg har tenkt at dette er ein pest og ein plage, men nå ser eg fordelane.

«MediAfrica» har fått Niels Theissen med på laget for å utvikle nettsida og ambisjonen er at heimesida skal bli brukt aktivt under feltarbeidet.

Sjå her: Heimesida til MediAfrica

— Tanken er at vi kan bruke sida for å koma i dialog med forskingsverda og organisasjonar og grupper som er interesserte i det vi driv med. Vi håpar også at vi kan bruke sida ovanfor informantar som ein datainnsamlingsplattform, seier forskingsleiaren.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS