Debatt ● Åse Johnsen, Kari Soriano Salkjelsvik og Synnøve Ones Rosales

Årsstudium er viktig — og studentane veit det

Dei siste åra har me sett ein nedgang i studentar som tek heile grader i framandspråk. Men kanskje det er på tide å godta at ikkje alle studentar treng ein heil grad. Kanskje me no skal tora å seia at me fokuserer på årskurs.

Undervisning i spansk i en klasse
Studentane finn sjølve fram til relevansen av våre emne, skriv kronikkforfattarane. — Men me meiner at rekrutteringa kan aukast dersom institusjonane satsar på årsstudium i større grad. På bildet underviser Ane Christiansen i spansk på Charlottenlund videregående skole i Trondheim.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Debatten om framandspråksstudium lever, både i Khrono og no sist på møte i regi av UHR torsdag 25. april. Me vil i dette innlegget framsnakka årsstudium som ein viktig milepæl i studieløpet til mange studentar i Noreg. 

Eit fornya og sterkare fokus på årsstudium kan ha positive konsekvensar for synleggjeringa av studentane sin kompetanse for framtidige arbeidsgjevarar. Det kan i tillegg gjera at finansieringsmodellar slår meir positivt ut for framandspråka fordi mange ynskjer framandspråkskompetanse, men ikkje ein heil BA- eller MA-grad i eit framandspråk.

Dei siste åra har me sett ein nedgang i studentar som tek heile grader i framandspråk. Men kanskje det er på tide å godta at ikkje alle studentar treng ein heil grad i eit framandspråk eller at dei skal verta lektorar. Kanskje me no skal tora å seia at me fokuserer på årskurs. 

Dette gjev den dobbelkompetansen næringslivet etterspør, sist nemnt av representantar for UD og næringslivet på møtet den 25. april. Idar Kreutzer, områdedirektør i NHO, trekte spesielt fram kontekstkunnskapen som ligg i framandspråksstudiet, til dømes historie. I dette ligg det at eit årsstudium i framandspråk kombinert med spesialisering i eit anna fag, gir ein kompetanse som er spesielt etterspurt i arbeidsmarknaden.

Men me opplever at årsstudium ikkje vert vektlagde like mykje som grader, verken når det gjeld finansiering eller periodeevalueringar. I statistikkane er det studiepoeng «produserte» i gradar som tel, finansieringsmodellar har fokusert på gradar, og periodeevalueringar skal skrivast om BA- og MA-gradar og ikkje om emne eller årsstudium. Frå eit fagleg perspektiv vert det oppfatta som at studentar som ikkje tek heile gradar, ikkje er like attraktive for oss. Me treng at årsstudentane vert sidestilte med gradsstudentane i eit økonomisk perspektiv.

Eit årsstudium i framandspråk kombinert med spesialisering i eit anna fag, gir ein kompetanse som er spesielt etterspurt i arbeidsmarknaden.

Johnsen, Salkjelsvik og Rosales

Studentane har derimot forstått verdien av eit årsstudium. Som døme på dette vil me trekkja fram vårt eige årsstudium i spansk språk og latinamerikastudium ved Universitetet i Bergen. I vårt spesifikke tilfelle opplever me at studentar oppfattar emna me tilbyr som relevante, men at dei ikkje nødvendigvis ynskjer å ta ein heil BA-grad hjå oss. 

I inneverande semester har 61 studentar tatt eksamen tilsvarande 30 studiepoeng på vårt 100-nivå. Av desse er berre 5 på BA-programmet og 6 på lektorprogrammet. Dei andre 50 er studentar som tar vårt 100-nivå (årskurs) som frie studiepoeng eller som tillegg til andre studium på mat. nat., medisin, jus, SV eller NHH. 

Det vil seia at studentane finn vårt studium og innhaldet i dette, relevant for sin framtidige yrkeskarriere. Desse studentane oppnår dermed den dobbelkompetansen næringslivet og UD etterspurde på nemnde møte.

Årsstudiet i spansk språk og latinamerikastudium ved UiB inneheld i tillegg til dei tradisjonelle framandspråksdisiplinane språk og litteratur, også historie/kulturkunnskap. Me er det einaste framandspråket i Noreg som har to førstestillingar i historie. Tematikken i emna me tilbyr er relevant og dagsaktuell, og gir den konteksten næringslivet spør etter, med fokus på mellom anna demokrati, kultur, klima, kjønn osb. Me møter dermed etterspurnaden frå næringslivet og dette ser studentane.

Tverrfaglege grader med spesifikk arbeidslivsrelevans har dukka opp som ei løysing for framandspråka ved fleire høve. Me har vore involverte i fleire slike, både tverrfaglege, tverrfakultære og tverrinstitusjonelle. 

Felles for alle er at grader som frå studentane og dei fagleg tilsette sine perspektiv har fungert godt, har vorte nedlagde av administrative og logistiske grunnar. Det same gjeld forsøk på å innlemma arbeidslivspraksis i studieløpet. Det er dermed tydeleg at strukturelle barrierar veg tyngre enn faglege innspel og studentperspektiv.

Me foreslår difor at i staden for å satsa på nye slike tilrettelagde fellesgradar, bør me løfta fram årsstudium. Desse eksisterer allereie ved mange fag og institusjonar, både som campus- og nettstudium og bør synleggjerast betre både for studentar og for arbeidslivet. Som våre tal frå dette semesteret viser, finn studentane sjølve fram til relevansen av våre emne, men me meiner at rekrutteringa kan aukast dersom institusjonane satsar på årsstudium i større grad.

Lat oss difor selja årsstudia betre.

Johnsen, Salkjelsvik og Rosales

Lat oss difor selja årsstudia betre. Dersom fleire studentar ser verdien av å ta ei årseining i eit framandspråk, vil det verka positivt på både rekruttering og finansiering.

Powered by Labrador CMS