Høgskolen i molde

Høgskule i kryptokrangel: Blir skulda for å undervise i svindelvaluta

Høgskolen i Molde blir skulda for å legitimere svindlar og kurse studentar i falsk versjon av den digitale valutaen bitcoin.

Den australske IT-gründeren og forretningsmannen Craig Wright hevdar han er oppfinnaren av den dominerande kryptovalutaen bitcoin. Det er løgn, ifølgje ein fersk dom frå ei rettssak i London. Bildet er tatt i samband med ei anna rettssak i Miami i 2021 .

I fleire år har Høgskolen i Molde hatt undervisning i bitcoin og blokkjedeteknologi på programmet. Blokkjeder er den sentrale teknologien bak kryptovalutaen. 

No blir høgskulen og dei kursansvarlege skulda for å støtte opp om falske påstandar og svindel. 

Svindelen skal det vere den australske IT-gründeren Craig S. Wright (CSW) som står bak. Sidan 2016 har han hevda at han er oppfinnaren av bitcoin og blokkjedeteknologien, og meir spesifikt: Han hevdar han er mannen bak pseudonymet Satoshi Nakamoto, namnet som den ukjende opphavspersonen brukte då bitcoin, som den første kryptovalutaen, vart lansert i 2008.

Wright kallar sin «oppgraderte» bitcoin for Bitcoin SV, i kortform BSV (SV står for Satoshi’s Vision). 

— Eit overveldande fleirtal i verdas kryptomiljø har frå første stund hevda at Wright er ein svindlar, seier Svein Ølnes, som har forska på bitcoin og blokkjedeteknologi ved Vestlandsforsking sidan 2012. 

Bjørn Jæger, professor, Høgskolen i Molde
Bjørn Jæger, professor ved Høgskolen i Molde ser ingen problem med å bruke Craig Wrights versjon av bitcoin i undervisninga.

Professor Bjørn Jæger, som saman med førsteamanuensis Anolan Milanes står bak det omstridde blokkjede-kurset ved Høgskolen i Molde, seier han ikkje tar stilling til om Wright er ein svindlar eller ikkje. Han meiner verken han eller Høgskolen i Molde legitimerer Wright ved å undervise i BSV:

— Det vi driv med er å lagre data i blokkjeder. Vi har eit reint teknisk utgangspunkt og har ingenting med finans å gjere. Eg har ingen føresetnader for å meine om Wright er ein svindlar eller ikkje, seier han.

Avkledd i rettssak

Det var etter at teknologiavisene Wired og Gizmondo i 2015 hevda å kunne avsløre at Wright var Nakamoto, at Wright tok eigarskap til pseudonymet Satoshi Nakamoto.

Kritikarar i kryptoverda har lenge hevda at opplysningane var gale, og at Wright snakkar usant og utnyttar dette for eiga vinning.

Tidlegare i mars konkluderte ein rett i London med det same: Craig Wright er ikkje Satoshi Nakamoto, og følgjeleg heller ikkje oppfinnaren av bitcoin, slik han har sagt. 

Søksmålet mot Wright var det ei gruppe som kallar seg Crypto Open Patent Alliance (Copa) som stod bak. 

Dommaren slo fast at Wrights påstandar var for rein løgn å rekne. Ifølgje dommaren var bevisa «overveldande». 

Det kan sjå ut til å passe dårleg inn i kursopplegget i Molde, som har Bitcoin SV på programmet. 

Både på pensum og i eksamensoppgåver ved høgskulen har Wright og Satoshi Nakamoto blitt omtalt som ein og same person.

Fakta

Bitcoin

  • Bitcoin er eit omgrep som dekker både eit digitalt betalingsnettverk og verdieinga i dette nettverket.
  • Verdieininga bitcoin (BTC) fungerer som valuta og blir ofte kalla kryptovaluta.
  • Bitcoin-nettverket er eit digitalt og desentralisert nettverk som baserer seg på blokkjedeteknologi. Det betyr at ein kan overføre bitcoin elektronisk direkte til ein mottakar utan å måtte gå via ein betalingsformidlar, som ein bank.
  • kjelde: snl.no 

Gambling-milliardær

Når ein akademisk institusjon ikkje tar avstand frå Wright og Bitcoin SV, er ein med på å legitimere ein aktør som undergrev ytringsfridom og akademisk fridom, meiner Svein Ølnes.

— Ein ting er at Wright har gått rundt og kalla seg Satoshi Nakamoto. Verre er det at han truar folk til å halde seg tause, og saksøker dei som nektar. Konsekvensen av å kritisere Wright kan vere økonomisk ruin. 

Craig Wrights milliardbutikk kviler på påstanden om at han er opphavsmannen til bitcoin, den opphavlege og dominerande versjonen av kryptovaluta.

Ein av storinvestorane og nær støttespelar i Wrights kryptoverksemd er den canadiske gambling-milliardæren Calvin Ayre. Han har tidlegare vore etterforska for kvitvasking av amerikanske styresmakter.

Blant dei Craig Wright har gått etter med søksmål, er nordmannen Magnus Granath. Han åtvara mot Wright anonymt på Twitter under pseudonymet Hodlnaut og hevda at Wright var ein løgnar og svindlar.

Frå trussel til rettssak

Det førte ifølgje Granath til ei heksejakt, der Wright blant anna lova ein dusør til den som kunne avsløre identiteten bak Hodlnaut. Wright engasjerte privatetterforskarar med det same føremålet. Granath tok imot truslar med valet mellom å trekke tilbake og beklage det han hadde tvitra om Wright — og erklære i ein rettssal at Wright var Satoshi — eller bli saksøkt.

Det enda med injuriesøksmål frå Wright, som enno ikkje er kome for retten i Storbritannia.

I 2022 var det Granath som gjekk til sak mot Wright i Oslo tingrett — som Wright tapte, men har sagt han vil anke. I dommen heiter det mellom anna at Granath hadde «faktisk grunnlag for å hevde at Wright hadde løyet og jukset i sitt forsøk på å bevise at han er Satoshi Nakamoto», ifølgje Dagens Næringsliv

Dommen slo også fast at Granaths karakteristikkar av Wright ikkje var injurierande. 

— Dei som har følgt Wright over tid, veit at han er ein svindlar. Dette har vore ei løgn som berre har fått halde fram. Samstundes har han gått laus på sånne som meg, og eg har no stått i ein rettsprosess i fem år, seier Granath til Khrono. 

— Det er ein skandale at professorar på høgskular i Noreg, betalt av våre skattepengar, legitimerer Wright og denne svindelen, seier han. 

Granath seier rettsprosessane så langt har kosta rundt 30 millionar kroner og at  donasjonar frå bitcoin-entusiastar verda over har gjort det mogleg.

— Wright stilte med 12 advokatar mot meg i Oslo.

Khrono har vore i kontakt med Craig Wrights apparat og fått til svar at han ikkje gjer intervju før injuriesøksmålet mot Granath er avgjort i rettsapparatet. 

Dommar: Rein løgn

Kryptoekspert Svein Ølnes har god kjennskap til fagmiljøet i Molde. Han seier han i 2021 åtvara Bjørn Jæger mot å trekke Bitcoin SV inn i kursopplegget på høgskulen.

— Eg åtvara han etter at eg var i Molde og heldt forelesing og såg at dei promoterte bitcoin SV. Eg skreiv ein e-post der eg sa at alt tyder på at dette er svindel, seier Ølnes.

Craig Wright driv med truslar og forskarar har all grunn til å vere kritiske og halde seg unna verksemda hans, meiner forskar Svein Ølnes.

Professor Bjørn Jæger stadfestar at Wrights Bitcoin BSV er på pensum og blir brukt i eksamensoppgåver. Han seier at forfattaren av ei bok frå 2020 som er blitt anbefalt studentane som støttelitteratur går god for påstanden om at Wright står bak bitcoin. Jæger understrekar samstundes at boka berre er brukt for å beskrive tekniske detaljar, og at dei ikkje legg vekt på den delen der forfattaren påstår at Wright er Nakamoto.

Han avviser at han eller andre knytt til kryptokurset i Molde bidrar til å legitimere svindel eller falske påstandar.

— Den noverande boka frå 2024 er basert på bitcoin BTC, noko som blei bestemt lenge før denne siste kontroversen om kven Nakamoto er. BSV og BTC er svært like, men berre bitcoin BSV eignar seg for vår bruk i verdikjeder, seier han.

Meiner ingenting

— Kva tenker du om at Wright og at han skal vere ein svindlar som kjem med falske påstandar? 

— Det har eg ingen føresetnader for å meine noko om. På begge sider av bordet er det milliardar av dollar i omløp. Det er klart det blir oppheita debatt når noko prøver å kuppe skuta og gjere krav på opphavet til bitcoin. Høgskolen i Molde er ingenting i dette. Dette er finansverda som kranglar. Vi held oss til å lage data i blokkjeder.

— Magnus Granath kallar det ein skandale at du som professor bidrar til å legitimere ein svindlar?

— Det er eg totalt usamd i. Udokumenterte påstandar i sosiale media er berre trist, og skaper dårleg stemning. Granath er velkommen til å ta kurset og delta i den akademiske debatten, seier Jæger. 

Han meiner vidare at Wrights Bitcoin SV ikkje kan kallast ein falsk versjon.

— Dette er open source, det finst fleire hundre variantar med same utgangspunkt. Wright er langt frå åleine.

Open source betyr at kjeldekodane bak dataprogramma er fritt tilgjengelege.

— Får dommen frå London, der det blir slått fast at Wright er ein løgnar, nokon konsekvensar for undervisninga i Molde? 

— Nei, det kan eg ikkje tenke meg, seier Jæger. 

Høgskolen i Molde har sendt ei erklæring på engelsk der det heiter at BSV blir brukt for å «illustrere ulike konsept» (illustrate the concepts»), og at dei ikkje støttar spesifikke personar knytt til ulike plattformer eller teknologiar dei bruker for å illustrere ulike konsept.

I erklæringa blir det understreka at akademisk fridom er ein kjerneverdi ved Høgskolen i Molde. 

Powered by Labrador CMS