Når ein student ikkje fullfører eller tar opp ein eksamen kostar det dyrt, men skulane får ikkje meir pengar. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Universiteta kan spare ein halv milliard

Universiteta kunne ha spart ein halv milliard kroner dersom studentane deira var like flinke som høgskolestudenter til å fullføre kurs og stå på eksamen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har saman med konsulentselskapet Deloitte studerte korleis høgskular og universitet bruker pengar.

Jobben er gjort på oppdrag for Kunnskapsdepartementet og er utført parallelt med arbeidet i finansieringsutvalet.

Les òg: Skuffelse over mangel på nye økonomiske grep i sektoren

2,5 ganger så mykje per studiepoeng

Eit viktig funn er at prisen per studiepoeng er 2,5 ganger høgare ved dei gamle universiteta enn ved høgskulane. Forskarane meiner at årsakene til dette er: 

  • Høgare kostnader til støtte- og stabsfunksjonar,
  • Lågare undervisningsbelastning på grunn av meir tid til forsking,
  • I gjennomsnitt mindre klasser.

Forskarane meiner at forskjellane mellom universiteta, spesielt dei «gamle» universiteta, og høgskulane heng saman med at institusjonane har ulike roller i høgare utdanning. Forskjellar mellom studiane handlar både om fagleg eigenart og om korleis undervisninga er organisert.

Dette kan forklare nokre av forskjellane, men ikkje alle, meiner forskarane.

Kan spare ein halv milliard

Rapporten frå NIFU slår fast at kostnadene knytte til gjennomføring og stryk/konting på eksamen i snitt var 147 kroner meir per produserte studiepoeng på universiteta enn på høgskulane.

I 2013 produserte universiteta 3,5 millionar studiepoeng. Dermed kunne universiteta ha spart ein halv milliard kroner om dei hadde hatt like god gjennomføring som høgskulane.

— Det er kjent at studiegjennomføringa på universiteta er lågare enn på høgskulane. Dei brukar lengre tid på å gjennomføre, og det sjølv om universiteta generelt sett tek inn studentar som har betre karakterar frå vidaregåande, seier Per Olaf Aamodt, ein av forskarane bak undersøkinga.

Utdanningsinstitusjonane får utbetalingar ut i frå kor mange studentar som fullfører eit kurs, og berre første gongen. Det vil seie at om dei ikkje fullfører, stryk eller om dei tar opp igjen ein eksamen (konter) så får ikkje skulane meir pengar.

— Høgskulestudentane kjem rett inn i ein klasse og eit kull, og får naturleg eit betre sosialt nettverk. Eg meiner at det er veldig viktig å få dei til å gjennomføre dei studiane dei startar på, seier Harald Åge Sæthre. Han er prosjektleiar for betre læringsmiljø på Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen.

Meir sosial undervisning får fleire til å fullføre

I Bergen har dei lagt om undervisninga for matematikkstudentane det første semesteret. For femten år sidan var det 40 prosent av studentane som fullførte semesteret, no er det rundt 65 prosent, fortel Sæthre. Han meiner at dei har oppnådd det ved å lage tydlegare grupper og bruke eldre studentar som gruppeleiarar, slik at forskarane framleis kan prioritere forskinga.

— Om dei stryk til eksamen handlar òg om pedagogikk, didaktikk og tilrettelegging av undervisninga. På høgskulane er det fleire av dei tilsette som ser på seg sjølve som lærar og som er tilsett for å undervise. Dei tilsette på universiteta ser meir på seg sjølve som forskarar. Og det er riktig, undervisninga skal være basert på forsking, og då må dei som underviser òg ha tid til å forske, seier Sæthre.

Store forskjellar mellom universiteta og høgskulane

Det er store forskjellar i kva dei ulike utdanningane kostar. Ein legestudent kostar meir enn ti gongar meir enn ein økonomistudent. Den dyraste medisinutdanninga kostar 750.000 kroner for eit år, og den billigaste økonomiutdanninga 72.000 kroner. Eit heilt år, med 60 studiepoeng, kostar 186.000 kroner i snitt for universitet og høgskular. Det vil seie at eit studiepoeng kostar 3110 kroner.

Forskjellane er òg store mellom universiteta og høgskulane. Eit studiepoeng på høgskulane og dei nye universiteta kostar 1902 kroner, og 4708 kroner på dei gamle universiteta.

Andelen førstekompetanse blant dei ansatte og dermed kor mykje undervisning dei tilsette har er den største forskjellen. Dette i seg sjølv utgjer nesten 1300 kroner.

UiO seier at dei skal gå gjennom funna i både NIFU-rapporten og andre rapportar om produktivitet på universitet og høgskular, og vil først kommentere talla i februar.

Fann ikkje stordriftsfordelar

Forskarane trekker òg fram at lønnskostnadene meir enn tre firedelar av dei totale kostnadene ved universitet og høgskular. Av dette er undervisningskostnadene omlag 35 prosent og forskingskostnadane 15 prosent. Kostnadane til støtte- og stabsfunksjonar er 22 prosent. 

Utgiftene per student til støtte- og stabsfunksjoner, slik som IT og bibliotek, er mykje høgare ved dei gamle universiteta enn ved dei statlege høgskulane.

Forskarane skriv at dei venta at utgiftene til støtte- og stabsfunksjonar per student skulle gå ned med auka tall på studentar, men dei slår fast at dette ikkje er tilfelle, og at dei ikkje fann nokre stordriftsfordelar på dette økonomiske området.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS