høgskulen i volda

Triksar seg gjennom lunsjpausen

I tre år har gutegjengen dokumentert lunsjtrimmen og kjempa om dei gjævaste plassane i pausesportens adelskalender.

Per Straume (til venstre) har teke med seg basse frå Trøndelag. Eigentleg er dette ein utandørsaktivitet, men denne maidagen regna det på søre Sunnmøre. Her er kommunikasjonsrådgivaren saman med Tarjei Alvestad, David Høyheim Skintveit og Amund Yksnøy Bergmann.

Volda (Khrono): Ned ei trapp frå den store kantina ved Høgskulen i Volda finn ein fire menn. Mellom seg sparkar dei ein strikkball. Fram og tilbake. Fram og tilbake.

— Me spelar basse, seier Per Straume.

— Det er eigentleg ein trøndersport.

— Du høyrest ut som ein trønder?

— Ja, eg kjenner meg litt skuldig, seier Straume og ler.

Eigen diplom

Kort fortalt er poenget å triksa ballen til kvarandre flest mogleg gongar, utan at han fell i bakken. 

Og tru ikkje at karane overlet noko til tilfeldigheitene. Her finst det excel-ark som seier både kven som har vore med og kor mange gongar ein har klart å triksa den enkelte dagen. Det finst òg ein adelskalender, og ein får diplom når ein har gjennomført femti økter.

— Høgthengande, kommenterer David Høyheim Skintveit.

Han har på seg eit skilt der det står «Basseboss». Det er på mange måtar å sjå på som eit kapteinsband.

David Høyheim Skintveit er dagens basseboss og har her kontroll på strikkballen. Det er òg sett opp eit skilt ved trappa om at denne aktiviteten pågår.

Tre år

267 pasningar er rekorden. Å telja er ei oppgåve som fleire deler på.

— Det er ein fordel å ha med ein frå økonomiavdelinga, seier Per Straume og peikar på Amund Yksnøy Bergmann. Sistnemnde er ikkje trønder, men seier at han har vorte lokka med.

— No har me halde på med dette i tre år, seier han.

Dei fire karane er alle administrativt tilsette, og set pris på å få røra kroppen litt i løpet av ein arbeidsdag.

— Me et fort, og så brukar me halve matpausen på dette, seier Straume.

Så startar basse igjen. Fram og tilbake. Fram og tilbake. Om lag seksti pasningar vert det før strikkballen går i golvet.

— Du må nemna Steinarr Sommerset, seier ein av dei.

Og rett skal vera rett. Det var Sommerset som viste veg ned til lunsjtrimmen.

— Han er òg med, men har skada seg.

— Ved å spela basse?

— Nei. Me trur det var med fotball.

Powered by Labrador CMS