Debatt ● Steinar Aas

Universitets­utvikling under marknadsstyring

Det er ein fare for at dei faga som er bygd opp som akademiske fag ved Nord universitet gjennom 50 år no er truga av dårlege søkjartal. Men viss vi bygger ned desse miljøa, kan vi då snakke om at vi har eit universitet?

Det er fleire 19-åringar som vil bli leiar enn lektor, skriv kronikkforfattaren. — I verste fall kan det bety nedbygging av tradisjonelle universitetsfag og solide fagmiljø i Bodø, til fordel for meir marknadsretta tilbod.
Publisert

Denne teksten er et debatt­inn­legg. Inn­holdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.

Det er liten tvil om at saka om Kjerkols masteroppgåve har svekka omdømmet til Nord universitet. Sett med blikket som tilsett ved same fakultet som Kjerkolstudiet, fortel saka mykje om den utviklinga universiteta har vore utsett for, pressa av meir eller mindre velmeinande politikarar i seinare år.

Universiteta var eliteinstitusjonar fram til Ottosen-komiteen kom med si innstilling på 1960-talet. Med den opna sektoren seg for langt fleire enn den eliten som høgre utdanning hadde vore eksklusivt retta mot tidlegare. Det innebar at langt fleire unge i landet vårt fekk høve til å ta ei akademisk utdanning. 

I eit nasjonalt perspektiv førte det til ei enorm kompetanseheving, der ungdom frå perifere delar av landet også fekk bli lektorar, doktorar og juristar uavhengig av sosial bakgrunn, kjønn eller geografi. I tillegg førte det til kortare eller lengre studiar innafor ein høgskolesektor som vart spreidd over heile landet, til glede for unge i periferiar utan tilbod på høgre utdanning som Rogaland, Agder, Telemark, Oppland og Hedmark, Nord-Trøndelag, Nord-Noreg, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. 

Sakene har versert i media som eit akademisk reality show der Borch og Kjerkol til slutt vart stemt ut. 

Steinar Aas

Protestane frå dei etablerte universiteta let ikkje vente på seg. Medisinstudiet ved Universitetet i Tromsø vart ikkje levna nokon tiltru. Det kom til å bli andrerangs, og fagfolk ville ein neppe få til å drive det med høg nok kvalitet. 

Heldigvis tok dei feil.

Innlegga i debatten kring Kjerkols og Sandra Borchs plagiatsaker har gitt den slags haldningar bensin til bålet, og haldningar om at fusk er noko som eksklusivt høyrer heime i små, perifere høgskolar og universitet, har florert. Sakene har versert i media som eit akademisk reality show der Borch og Kjerkol til slutt vart stemt ut. 

Då har folk bak innlegga i liten grad sett korleis deira eigne, etablerte institusjonar har klart seg. Heller ikkje at digitaliseringa og introduksjonen av kunstig intelligens trugar heile sektorens sertifiseringsordningar — eksamen.

Utfordringane i tida framover står med andre ord i kø trass i at mange av studia ved Nord universitet held høg akademisk kvalitet. 

I seinare år har konkurransen om studentane blitt utslagsgjevande for finansiering av sektoren. For Nord universitet er nær 60 prosent av finansieringa resultatbasert, og med dei seinare åras sentraliseringskrefter i flyttemønsteret til dei unge vaksne har liberalisering av konkurransen ført til at dei store universiteta har blitt større, og sidan dei er mest attraktive får dei best finansiering. 

I dag avgjer derfor studievalet til 19-åringane framtida til fagmiljø på universitet og høgskolar. Går søknadstala ned må ein redusere i tilbod, eller legge ned studie, slik ein har sett det for Nesnas del.

Paradoksalt nok er mange av dei studia som slit med å passe inn tradisjonelle akademiske rammer blant dei mest populære. På den andre sida har mange av desse studia kortast akademisk fartstid. Det gjeld ikkje minst leiarutdanningane som gjerne kom inn på universiteta via høgskolane. I tilfellet Kjerkol synte det seg at den akademiske skrivinga gjennom sjølve krona på verket — den forskingsbaserte masteroppgåva — lett vart eit bytte for plagiat og snarvegar. 

I verste fall kan det bety nedbygging av tradisjonelle universitetsfag og solide fagmiljø i Bodø, til fordel for meir marknadsretta tilbod.

Steinar Aas

Samstundes som desse nye faga slit med sitt, står akademiske fag med lengre tradisjonar som historie, statsvitskap, sosiologi, språk og litteratur overfor sine utfordringar. Dei er mindre attraktive blant 19 år gamle førstegongssøkjarar. Det er nemleg fleire 19-åringar som vil bli leiar enn lektor. I verste fall kan det bety nedbygging av tradisjonelle universitetsfag og solide fagmiljø i Bodø, til fordel for meir marknadsretta tilbod.

Det er ein fare for at dei faga som er bygd opp som akademiske fag ved Nord universitet gjennom 50 år no er truga av dårlege søkjartal. Mange av dei var fundamentet i Høgskolen i Nordland sin søknad om universitetsstatus. Framtida deira er med andre ord avhengig av vala til russen kvar vår, ikkje av den faglege kvaliteten i utdanning og forsking. 

Viss vi bygger ned desse miljøa, kan vi då snakke om at vi har eit universitet? Kravet for framtidas Nordland må vere å halde oppe eit minimum av fagmiljø til å dekke landsdelens behov for forsking og utdanning. 

Vi kan ikkje reversere høgre utdanning til tida før Ottosen-komiteen, då tilboda var eksklusivt for dei som hadde råd til det, primært i dei største byane Bergen, Trondheim og Oslo. Sektoren treng derfor sterkare politisk styring, med etterfølgande fagleg styrking.

Powered by Labrador CMS