ny jobb
Morten Anstorp Rosenkvist (42) ny sjef i Lånekassen
Byttar ut sjefsjobb i Kunnskapsdepartementet med sjefsstillinga i Lånekassen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Styret har tilsett Morten Anstorp Rosenkvist (42) som ny administrerande direktør i Lånekassen.
Han er tilsett for ein åremålsperiode på seks år, skriv Lånekassen i ei pressemelding.
Rosenkvist vil med det ta over stafettpinnen frå konstituert administrerande direktør Lars Petter Flåtten, som har fungert i stillinga sidan oktober i fjor.
Tidlegare sjef i Lånekassen, Nina Schanke Funnemark, valte i haust å avslutte sitt seks år lange åremål tre år før tida, til fordel for direktørjobben i Skatteetaten.
— Opplevd eit stort engasjement
Styreleiar Seunn Smith-Tønnessen meiner Rosenkvist er ein utviklingsorientert leiar som har gode føresetnader for å videreutvikle Lånekassen.
— Han har inngåande kjennskap til forvaltning og politiske prosessar, og samstundes god forståing for kundane sine forventningar og behov. Styret er trygge på at Morten vil balansere behova for utvikling med stabil og sikker drift. Gjennom rekrutteringsprosessen har vi opplevd at Morten har eit stort engasjement for Lånekassen og samfunnsoppdraget, seier Smith-Tønnessen i pressemeldinga.
Kjem frå sjefsstilling i Kunnskapsdepartementet
Rosenkvist kjem frå stillinga som ekspedisjonssjef i Kunnskapsdepartementet der han har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskule, kompetansepolitikk og utdanningsstøtteordningane.
Den ferske administrerande direktøren gler seg til å starte i det som han meiner er ein av Noreg sine mest spennande offentlege verksemder.
— Eg er veldig motivert av det store samfunnsoppdraget til Lånekassen – å gjere utdanning mogleg. Lånekassen betyr utruleg mykje for veldig mange, seier Rosenkvist i pressemeldinga.
Nylige artikler
Ivar Bjørklund (1949 — 2026)
Universiteta i Afghanistan fungerer ikkje lenger
Det som telles, teller
Kritisk til Horisont Europa-fokus. Vil ha mer kvalitet
Washington Post: Forsker testet våpen for mikrobølgestråling på seg selv
Mest leste artikler
Da styret skulle dele ut 90 millioner, var åtte av ti medlemmer inhabile
Slutt på skriftleg eksamen for ex.phil.-studentane
— Aktører ville stoppe munnen på meg
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke
Stipendiatenes klagesang, vers to