studentombod

Studentane i Tromsø krev to studentombod

Studentombodet ved UiT Noregs arktiske universitet må senda saker vidare fordi ho ikkje har kapasitet nok. No vil studentparlamentet i Tromsø ha lovendring og to studentombod.

Studiestart ved UiT Norges arktiske universitet i Tromsø
Her i Tromsø er det omlag 11.000 studentar, men det eine studentombodet universitetet har, skal jobba for nærare 17.000 studentar, fordelt på elleve studiestader.

UiT Noregs arktiske universitet (UiT) har nærare 17.000 studentar fordelt på elleve studiestader. Flest er det i Tromsø med vel 11.000, i Alta er det over 2000 studentar, og Harstad og Narvik har omlag tusen kvar. Universitetet har eitt studentombod som skal hjelpa alle desse studentane.

— UiT har ikkje berre ein stor studentmasse, men med universitetet si geografiske spreiing og breie studieportefølje er det per i dag studentar som ikkje får tilgang til eit studentombod på grunn av kapasitet. At det berre er ein person i denne stillinga, fører òg til at ordninga er sårbar, skriv studentombodet i årsrapporten sin for 2023/24.

Som Khrono har skrive før, varierer det kor mange studentar norske studentombod har ansvar for. Lene Loy, som er studentombod ved Høgskulen på Vestlandet, sa nyleg til Khrono at ho har eit reisebudsjett på 75.000 kroner. Det skal halda til to høgskular med totalt seks campusar totalt omlag 22.000 studentar.

Måtte visa studentane vidare

I årsrapporten frå studentombodet ved UiT kjem det fram at det i studieåret 2023/24 vart handsama 306 saker. Men det kom inn over 900 saker. I mange av dei vart studentane vist vidare eller til andre instansar: «Omlag 20 % av henvendelsene henvises på grunn av manglende kapasitet hos studentombudet».

No har studentane ved UiT engasjert seg i saka. I ein fersk resolusjon frå studentparlamentet heiter det at dei meiner at UiT skal ha minst to årsverk som studentombod.

— Det heiter at norske studentar skal ha tilgang til eit studentombod. Me seier at nei, det har me ikkje.

Det seier Amanda Adelaide Molvik, læringsmiljøansvarleg hos studentparlamentet.

Ho seier at ho allereie før jul drøfta problemstillinga med både studentombodet og med studentutval ved universitetet.

— Opplevinga er at saker som vert sett på som ikkje alvorlege nok, må nedprioriterast.

— Hadde vore betre rusta

— Eg trur studentombodsfunksjonen ved UiT vert betre rusta med to studentombod, og at ein dermed kan bistå universitetet med kvalitetssikring og forbetringsarbeid i større grad enn no, skriv studentombod Torill Varberg i ein e-post til Khrono.

Ho seier at ein med to ombod i større grad vil kunne fokusera på overordna og prinsipielle problemstillingar for å sikra rettstryggleiken til alle studentar. I 2022 var ho i ein periode vekke frå jobb, skriv ho i årsrapporten. Då var det ingen som tok over hennar oppgåver, og studentane var utan studentombod. 

— Kva saker er det du må velja vekk?

— Saker frå stipendiatar, saker eg trur lett kan løysast i linja og studentar som verkar å ha god kontroll på eigen studiesituasjon og regelverk, svarar Varberg.

Studentombod Torill Varberg meiner ombodsfunksjonen hadde vorte styrka av å ha eit studentombod til.

Vil ha rådgiving før praksis

Mange av studentane ved UiT har praksis som ein del av studiet sitt. Molvik ønskjer at studentombodet til dømes har kapasitet til å rådgi studentar før dei skal ha sin første praksisperiode.

— Når ein har praksis, er ein på eit vis ikkje heilt student og samstundes ikkje heilt tilsett. Så kva rettar og kva plikter har ein? Og kva skal ein kunne venta seg? Dette er noko ein burde få vita noko om på førehand, seier Molvik.

Studentombod Varberg seier at studentar allereie får slik informasjon før dei skal ut i praksis, men at det ikkje er nok.

— Alle studentar er ikkje like strukturerte, engasjerte eller merksame på å setja seg inn i relevant regelverk og skildringar av praksis. Og i nokre enkelttilfelle er det så spesielle omstende at dette ikkje er noko som nødvendigsvi er regulert. I andre tilfelle oppstår det situasjonar der særskilde omstende gjer praksisperioden kompleks og komplisert.

Praksis er òg ei sak som er løfta fram av studentombodet i årsrapporten som universitetsstyret handsama i 2023. Der vert det vist til eit case der studenten opplevde praksisrettleiar som fysisk pågåande, og der det enda med ei tvilsmelding mot studenten. Dette er ei sak som dei fleste studentombod kunne nytta som case, heiter det i rapporten.

— Me veit at mange studentar ikkje gir beskjed. Dei vil ikkje varsla og stå åleine i saker mot tilsette, for då fryktar dei for konsekvensane. I slike saker er reell rettstryggleik gjennom eit studentombud essensielt for studentane, seier Molvik.

Amanda Adelaide Molvik i studentparlamentet ved UiT vil ha ei sak om studentombod opp i universitetsstyret.

Nasjonalt fokus

Khrono har gått gjennom årsrapportar frå ei rekkje studentombod og fann liknande tilbakemeldingar frå fleire av dei: Omboda er uroa mellom anna over maktubalanse og opptekne av at studentar vert møtt på ein god måte i krevjande saker.

Ved UiT ønskjer studentparlamentet å få opp ei sak om studentombod i universitetsstyret.  Amanda Adelaide Molvik seier at dei først kjem til å løfta saka i det strategiske utdanningsutvalet ved UiT.

— No er det eit nasjonalt fokus på studentombodsordninga, der det har kome fram at liknande problemstillingar gjeld fleire, seier ho.

Då styret ved UiT handsama ombodet sin årsrapport i oktober 2024, vedtok det at ei vurdering av ombodsordninga skulle vert teke med i neste plan for internrevisjon.

Vil ha lovendring

Studentparlamentet ved UiT ønskjer også at Norsk studentorganisasjon (NSO) tek tak i saka. I resolusjonen slær dei fast at dei meiner at NSO skal jobba for lovendring og styrking av studentombodsordninga. Dette skal skje ved at store universitet og høgskular skal ha fleire studentombod.

Kaja Ingdal Hovdenak leier NSO, og seier studentombod er ei sak som vert jobba med. Ho er glad for at ordninga er lovfesta.

Så konkrete ønskjer ikkje NSO å vera førebels. Leiar Kaja Ingdal Hovdenak seier at NSO jobbar med å vidareutvikla politikken på feltet, og at dei det siste året har vore i kontakt med fleire studentombod.

— Det er sjølvsagt ikkje godt nok at dei ikkje har nok kapasitet til å gjera jobben sin. Det kan gå ut over studentane sin rettstryggleik, seier Hovdenak.

Då ho var studentpolitikar ved Universitetet i Bergen var ho med på å få gjennomslag for at UiB skulle gå frå eitt til to studentombod.

— NSO er kjent med at mange studentombod ikkje har nok ressursar til å kunne vera fysisk til stades for studentane. Kanskje er det behov for at ein får på plass ei ramme som seier noko om til dømes kor mange studentar kvart studentombod skal ha ansvar for, seier NSO-leiaren.

Rektor vurderer

Viserektor Rikke Gürgens Gjærum skriv i ein e-post til Khrono at rektor gjennomfører ei vurdering av studentombodsordninga. Vurderingane vil verta lagt fram for universitetsstyret i juni.

— Kapasiteten til studentombodet er eit sentralt element i dette arbeidet, skriv ho.

Ho seier at det er uro frå både studentombod og studentar som er ein av hovudgrunnane til det arbeidet som no vert gjort.

— Målet er å sikra at alle saker vert handtert forsvarleg og at studentane sin rettstryggleik vert ivaretatt.

Resolusjonen frå studentparlamentet vert lagt fram for styret som ein del av saka i juni.

— Parlamentet er oppteke av at alle studentar, uansett kor dei studerer ved ein av UiT sine 11 studiestader, skal ha lik tilgang til studentombodsordninga. Her er universitetsleiinga sjølvsagt einig, skriv Gjærum.

Powered by Labrador CMS