minneord

Til minne om Asbjørn Magne Bjørnset (1938-2023)

Asbjørn Magne Bjørnset, tidlegare fakultetsdirektør ved Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, gjekk bort 6. juli 2023, 84 år gamal.

Det er mange i universitetssamfunnet som var heldige å ha Asbjørn som kollega og leiar. Vi opplevde han som ein svært raus, varm og støttande leiar som ga rom for personleg utvikling. Asbjørn var genuint oppteken av eit godt arbeidsmiljø. Han sytte for sterk og nytrekt kaffi om morgonen, lunsjen skulle nytast i fellesskap og BT-quizen gjennomførast med høgast mogeleg score. Minst like viktig var vaflane og vinlotteriet som eit fast innslag kvar fredag ettermiddag på kontoret hans, gjerne med ein arbeidande Asbjørn i bakgrunnen. Han opna heimen sin for oss kvar sommar og inviterte gjestfritt til det som vart legendariske krokket-turneringar heime hjå seg og Kari på Askøy.

Asbjørn Magne Bjørnset var tilsett ved Universitetet i Bergen frå 1970. Han vart 84 år gamal.

Asbjørn var oppvaksen i Sunnfjord og utdanna historikar ved UiB. Han vart tilsett ved HF i 1970 og gjekk gradane i administrasjonen frå studierettleiar til fakultetsdirektør. Han var fakultetsdirektør ved HF frå 1993 til 2004. Sjølv om han òg arbeidde andre stadar i universitetsorganisasjonen, var han lengst ved HF. Det var her han høyrde heime og ved HF han hadde hjartet sitt. Som pensjonist var Asbjørn ofte innom HF for å helse på og drøfte dagsaktuelle utfordringar og trendar, til stor trivsel, inspirasjon og nytte.

Gjennom eit langt yrkesliv ved universitetet, opplevde Asbjørn eit universitetspolitisk landskap i sterk endring. For han representerte dette også høvet å bruke breidda i eiga kompetanse og erfaring til beste for universitetet og for HF. Han vart ei leiande kraft i utforminga av ein ny organisatorisk arkitektur, der den tydelegaste signaturen hans var ytterlegare profesjonalisering av administrasjonen og styrking av instituttnivået.

Universitetssektoren og humanistiske fakultet er ikkje kjende for å vere støyfrie soner, men Asbjørn møtte alltid godt førebudd og stod støtt i endringsforslaga. Han var sakleg, roleg og krevjande i diskusjonane, men alltid løysingsorientert. «Dette lyt me få til», oppmoda han oss alle til. Det gav resultat. Dei organisatoriske nyvinningane ved HF vart rollemodellar for andre fakultet, og står seg godt også den dag i dag.

Asbjørn bygde både organisasjon og folk. Han stilte tydelege krav, men ga medarbeidarane sine stort handlingsrom og tillit. Asbjørn var eit tenkjande og engasjert menneske i heile si tid ved universitetet. Som leiar var han både uredd og samlande. Han etterlet seg eit organisatorisk reisverk som har lagt grunnlaget for det moderne humanistiske fakultetet som HF er i dag. Det kanskje aller viktigaste reisverket, finn vi likevel ikkje igjen i noko organisasjonskart, men i oss som kollegaer og menneske.

På vegner av vener og kollegaer ved Det humanistiske fakultet, UiB

Camilla Brautaset, Kim Ove Hommen, Unni Utvik, Inger Marie Hatløy og Sonja Dyrkorn

Powered by Labrador CMS