Høgskulen skal straks vedta korleis dei skal handtere studentar som vil dekke til ansiktet sitt på grunn av religion.

Studentane vil ikkje ha niqab-forbod

—Ein må skilje mellom kva som er umogleg å gjennomføre med eit plagg som dekker ansiktet, og kva enkelte kan ha motvilje mot, seier Tord Øverland.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Studentparlamentet skal stemme over «ansiktsdekkende hodeplagg» tysdag 27. januar. Administrasjonen ved HiOA jobbar med å finne ut korleis høgskolen skal handtere studentar som ønsker å bruke niqab, etter at det blei mykje merksemd om ein student med niqab i haust.

Arbeidsutvalet i Studentparlamentet meiner at eit totalforbod mot niqab ikkje er i tråd med profilen til høgskulen. Det skal vere lik rett til utdanning, og mangfald er ein del av strategien for høgskulen, skriv dei i innstillinga si til Studentparlamentet som skal avgjere saken neste veke. 

Les meir:

— No må høgskulen gå gjennom dei ulike utdanningane og sjå på kor det faktisk er umogleg å bruke eit plagg som dekker ansiktet.  Og så må dei ha ein fagleg grunn som ikkje er open for tolkning, slik at dei kan svare framtidige studentar allereie før dei startar på høgskulen, seier Tord Øverland, leier av Studentparlamentet. Han meiner òg at ein må sjå på dette på nasjonalt nivå, slik at alle universitet og høgskular har ein felles haldning.

Dersom det er en lærer som føler det er ubehagelig å undervise for studenten, er dette en utfordring man må ta internt på institusjonen.

Studentparlamentet

Tryggleik, helse og hygiene

Studentparlamentet er samd med HiOA i at niqab ikkje kan brukast dersom det er ein fare for tryggleiken til studentane i verkstader og laboratorium. Dei må og innrette seg etter krava til klede der dei skal ha praksis, til dømes i helsevesenet.

Kommunikasjon og identifikasjon

Studentparlamentet skriv at «Vi mener at bruk av ansiktsdekkende hodeplagg i de fleste undervisningstilfeller ikke vil være et hinder for gjennomføring. Vi opplever at hvis så er tilfellet går dette mer på hva en foreleser eller medstudent selv finner ubehagelig, og ikke hva som er praktisk gjennomførbart.» Dermed er dei mindre skeptiske til niqab i undervisninga enn forslaget frå HiOA. Dei er òg meir opne for å sjå til andre land for å lære korleis ein student med niqab likevel kan identifisere seg på eksamen.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS