Ørjan Nordhus Karlsson har gitt ut spenningsromanar, både i thriller-sjangeren og krim, i snart 20 år. Men han seier han vert mørkredd av sin eigen skugge dersom han vert sitjande åleine for lenge, og har difor både sivil jobb - og skriv doktorgrad.

Å skriva krim var overkommeleg, tenkte professoren. Han tok feil

Publisert Oppdatert

— Eg har jaggu meg begynt å skriva frå min eigen heimby.

Ørjan Nordhus Karlsson humrar på telefon frå Roma. Khrono avbraut han i lesing av manus til den neste romanen hans, som kjem til hausten. Denne gongen er handlinga lagt til Bodø.

Sjølv om tida der påskekrim på fjernsyn samla folket, er forbi, er det framleis mykje krim å sjå i påska. Og for mange litteraturinteresserte er krimbok i solveggen, på hytta, i byen eller ein annan stad viktig i påska. Då er det greitt å vita at det faktisk er mogleg å velja kriminalromanar der forfattaren høyrer heime i akademia. Nokre gonger er det til og med ein forskar - eller administrativt tilsett - som er hovudpersonen i romanane.

Og Karlsson: Han tek for tida doktorgrad ved Nord universitet.

Kanskje var det nokon som skulle takast livet av?

Over til ein annan. I 2014 kom romanen «Kileskrift».

— Eg hadde ein idé om eit språk for kjensler, seier Christen Krogh.

No fersk rektor ved OsloMet, men altså òg med ein kriminalroman på samvitet.

Krogh forklarar at han hadde eit plot som handla om at mannen som hadde laga system for dette språket døydde. Deretter kom sonen hans inn på arbeidsrommet til den då døde språkforskaren.

— Så tenkte eg at kanskje det skulle koma ei kvinne inn i handlinga. Kva var hennar rolle? Og kanskje mannen vart drepen?

Krogh fortel at han byrja kvar dag med å sitja ein time på ein kafé. Her skreiv han eit kapittel kvar dag.

— Eg hadde lenge hatt lyst til å skriva ein roman, men eg hadde ikkje gjort noko seriøst forsøk og sett av tid.

— No når du har vorte rektor, har du då tid til å skriva?

— Eg har eit prosjekt. Det er nokon som døyr i denne forteljinga òg, men det skjer ikkje med vilje. Eg får sjå kva det vert, men per no trur eg ikkje det er ein kriminalroman, seier Krogh.

Christen Krogh jobba med romanen sin ein time kvar dag. Forskarbakgrunnen gjer at ein vert systematisk, trur OsloMet-rektoren.

Gjekk over til å skriva om Hamsun

Henning Howlid Wærp byrja òg kvar dag på kafé ein periode. Litteraturvitskap-professoren ved UiT Noregs arktiske universitet hadde forskingsopphald ved Columbia University i New York, og hadde teke familien med seg dit. Frå leilegheita på Brooklyn var det ein halvtime med undergrunnen før han var på universitetet. Før han reiste dit, sat Wærp ein time kvar morgon på ein kaffibar.

— Eg oppdaga at eg budde i eit litterært strøk, både Walt Whitman, Truman Capote og Norman Mailer hadde budd i same område. Eg hadde lyst til å bruka den intense New York-opplevinga til å skriva noko, fortel Wærp.

Han prøvde først å skriva ein vanleg roman om den litterære gata. Det fekk han ikkje til.

— Krimsjangeren er ein handfast sjanger med eit visst formelpreg. Eg tenkte at det måtte gå an å bruka ein time kvar dag og få til noko, seier Wærp.

Resultatet vart romanen «Den kaldeste vinteren i Brooklyn Heights». Men det viste seg at professoren tok feil.

Henning Howlid Wærp har skrive både krimroman og fleire andre skjønnlitterære tekstar. Men det var vanskelegare enn han hadde trudd å skriva krim.

— Lenge var det lett, og eg skreiv tre firedelar av boka ved å jobba ein time for dag. Men så stoppa det. Eg fann ikkje ut kven som var mordaren!

Boka vart liggande eitt år, og Wærp skreiv i staden om Knut Hamsuns forfattarskap - som er blant forfattarane han forskar på. Så las kona romanutkastet, og kommenterte at det ektemannen hadde konstruert var ganske sjølvsagt. Deretter låg romanen endå eit år før han fekk ein ny slutt og vart publisert.

— Eg har fått stor respekt både for sjangeren og krimforfattarar, smiler Wærp.

Les krim med studentane

Litteraturvitskapsprofessor Christine Hamm har Jakob Stougaard-Nielsen si bok «Scandinavian crime fiction» på kontorpulten. Professoren, som er tilsett ved Universitetet i Bergen, fortel at kriminallitteratur ikkje er blant dei utvalde når førsteårsstudentar skal få eit overblikk over litteraturen, men at ho ved fleire høve har hatt kriminallitteratur og andre spaningsromanar på pensumlista på andre kurs. Sist mellom andre Agnes Ravatn si «Dei sju dørene», der ein litteraturprofessor nyttar teknikkar frå eige fagfelt til å nøsta opp i ei forsvinningssak.

Om Stougaard-Nielsen si bok seier omtalen av henne at ho utforskar sjangeren sine nøkkeltema, internasjonale påverknad og sosiopolitiske kontekst.

— Fram til 1970-talet var kriminalsjangeren sett på som rein underhaldning. Framleis er det sjeldan at ein forskar på eitt verk, ein forskar då heller på ein heil serie eller på kriminallitteraturen som eit fenomen. Sjangeren er interessant mellom anna fordi ein ser kva type litteratur folk vert fóra med, seier Hamm, og viser til at ein stor del av det som er seld av litteratur i Noreg er nettopp kriminallitteratur.

— Tenkjer ein framleis at kriminallitteratur har dårlegare kvalitet enn andre romanar?

— Det finst gode og dårlege krimromanar. Samstundes er det litteratur som ikkje er meint som eit kunstverk, romanane er tenkt å ha ein annan funksjon, seier Hamm.

Ho seier at for studentane har ho nytta krim på pensum for å mellom anna øva på sjangergjenkjenning og òg for å seia noko om tekst og tolking.

— I «Scandinavian crime fiction» vert det peika på at kriminallitteraturen er prega av nostalgi etter ein velferdsstat. Det er òg ein sjanger som kan ta opp moral utan å vera moralistisk, seier Hamm.

Når ein plasserer figurane i ein kriminalroman i eit universitetsmiljø, kan ein betre få fram eit klasseaspekt og at nokon smuldrar opp, seier litteratur-professor Christine Hamm.

Sosiologen og detektiven

I Sverige har ein Maj Sjöwall (1935-2020) og Per Wahlöö (1926-1975). Frå 1965 skreiv dei ein romanserie med etter kvart velkjende Martin Beck som ein av politietterforskarane som løyste saker.

— Dei var ideologikritiske og skreiv nok i politisk augeméd, seier Hamm.

Ho legg til:

— Dersom ein som forskar vil nå ut med noko, skjønar eg at det er freistande å nytta romansjangeren!

I Skandinavia har ein fleire kriminalseriar med politietterforskarar i hovudrolla. Gunnar Staalesen sin Varg Veum går inn i den sosialrealistiske tradisjonen frå dei to svenskane. Det same gjer Svend Foyn.

Foyn held hus i Tønsberg, og bøkene om han vert gjerne plasserte i sjangeren «småbykrim».

— Eg brukar Tønsberg som bilete på eit gjennomsnittleg Noreg. Men så flyttar handlinga i romanane seg ofte derifrå, seier forfattar Jan Mehlum, som mellom anna har fått Rivertonprisen for bøkene om Foyn.

Han er emeritus no, men den eigentleg pensjonerte førsteamanuensen ved Universitetet i Søraust-Noreg rettleiar framleis studentar både fram til master- og bacheloroppgåver.

Mehlum er sosiolog, og seier sjølv at han står på skuldrane til både Sjöwall og Wahlöö og Henning Mankell.

— Ein del av det eg har forska på, som rusproblematikk, rusreform og justismord, brukar eg òg i romanane mine. Eg har òg profilert det sosiologiske miljøet ved høgskulen i Vestfold, no universitetet, seier Mehlum.

Lang, lang rekke med Mehlum-romanar på eit norsk folkebibliotek.

Trudde han kunne skriva …

For han, som for fleire av dei andre, begynte skrivinga fordi han hadde rydda seg litt tid. Heilt konkret var han på Norad-oppdrag i Aust-Afrika og reisa heim vart forseinka.

— Eg hadde ikkje noko anna å gjera, og fekk ein idé til ein roman. Eg hadde tent inn litt ekstra pengar, så eg kunne ta fri eit par månader, seier Mehlum.

Seinare har han skrive både om natta, hatt kortare permisjonar og tidvis noko redusert stilling. 19 bøker om advokaten Foyn har det vorte sidan 1996, og den neste kjem i mai.

Men er det ein fordel å vera akademikar når ein skal skriva romanar?

Både Krogh og Wærp trekkjer fram at ein er van med å jobba med tekst, og ein er van med å få attendemeldingar.

— Eg er filosof og informatikar. Når det var noko som ikkje stemde i manuset, såg eg på det som ein bug som måtte fiksast, fortel Krogh.

Men om ein kan skriva romanar fordi ein kan skriva vitskapelege tekstar? Vel. Jan Mehlum peikar òg på at ein som forskar er van med attendemeldingar. Men:

— Då eg byrja å skriva skjønnlitteratur, trudde eg eg kunne skriva. Men å skriva ein roman er noko heilt anna. Kvart ord i setninga skal ha ein funksjon. Det var ein tung læringsprosess.

Laga ein borgarskapsdekan

— Eg hadde skrive fleire romanar som aldri vart gitt ut, og takk og lov for det, ler Gunnar Furseth Klinge.

I 2017 gav han ut romanen Alma Mater. Den første romanen med administrativt tilsette i hovudrolla. Til dagleg er Klinge seniorrådgivar ved Høgskolen i Innlandet. Han fortel at det tok mellom fem og sju år å få skrive ferdig romanen.

— Er akademia ein stad der det er lett å finna figurar ein kan nytta i ein kriminalroman?

— Eg la vekt på at eg ikkje plukka frå kollegaer. Det var Trine Syvertsen som var dekan ved det fakultetet eg var tilsett. Ho er jo ein gamal raddis, så eg skreiv inn ein borgarskapsdekan i staden. Men det er mange flotte, fargerike, outrerte personar i akademia, og det har ein med seg, seier han med eit smil.

Gunnar F. Klinge gav ut Alma Mater i 2017. Året etter fekk boka Maurits Hansen-prisen for beste norske krimdebut.

— Det som driv handlinga framover er konflikt. Dersom ein har vore lenge nok på ein arbeidsplass ser ein det. Og akademikarar er vel heller ikkje særleg fredsæle, seier Ørjan Nordhus Karlsson.

Han har bakgrunn frå Forsvaret, jobbar no som fagdirektør ved Direktoratet for sikkerheit og beredskap, og skriv altså i tillegg doktorgrad ved Nord universitet. Skrive har han gjort lenge, den første romanen kom ut allereie i 2004.

— Når eg har skrive særleg thrillerar, har eg lånt eller vore inspirert av dei eg har møtt i anten uniform eller i byråkratiet. Men det er openbert mykje å ta av i akademia òg, humrar Karlsson.

Som fleire av dei andre ryddar han plass i timeplanen og har ei skriveøkt kvar morgon - før han reiser til den «vanlege» jobben.

— Du har gitt ut romanar i snart tjue år. Har du vurdert å skriva på heiltid?

— Det handlar om fleire ting. For det første handlar det om økonomi. Det er ikkje synd på meg, men eg er ikkje Jo Nesbø heller. Det andre er at eg synest det er spanande å vera på jobb. Det er eit sosialt nettverk der eg set pris på. I dei periodane eg berre har skrive, har eg jo vorte mørkredd av min eigen skugge.

Powered by Labrador CMS