universitetet i bergen

Ber om lenger sensurfrist

Det vert ikkje lenger varsla med sablane og truga med bot for forseinka sensur. Men eitt fakultet ligg så langt bak skjema at dei ber om forlenga sensurfrist.

Styremøte Universitetet i Bergen 5. mai 2022

I 2019 vedtok universitetsstyret ved Universitetet i Bergen (UiB) at det ikkje skulle innførast bot til dei fakulteta som var forseinka med sensuren. Dette skjedde mot studentane sine stemmer, og styrerepresentant Sausan Hussein var skuffa etterpå.

— Svært skuffande, sa Hussein.

No skal saka om forseinka sensur på nytt opp i universitetsstyret - slik det òg var i fjor. Då rasla universitetsdirektør Robert Rastad med sablane og sa at tiltak måtte vurderast dersom ikkje noko skjedde.

Betre enn før

Noko har skjedd: Tala styret får presentert no, viser ei klar betring. I snitt vert sensur gitt innan frist for meir enn 90 prosent av eksamenane. Det humanistiske fakultetet har gått frå å halda fristen i 78,5 prosent av tilfella til 92,9 prosent, og Det psykologiske fakultetet gir tilbakemelding i rett tid i meir enn 95 prosent av tilfella.

Det samfunnsvitskapelege fakultetet har ein svak tilbakegang, men held framleis fristen for meir enn 90 prosent av eksamenssvara.

Vil ha utvida frist

Når sensuren er forseinka, er det i dei aller fleste tilfella snakk om mellom ein og tre dagar. Men for tre av fakulteta; Fakultet for kunst, musikk og design, Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet og Det medinske fakultetet, er det ein del tilfelle der sensuren er meir enn ei veke forseinka.

Tidlegare har Det juridiske fakultetet hatt store forseinkingar. Dei har fått forlenga sensurfrist, vedteken av universitetesstyret, og klarar no å halda fristen for alle eksamenssvar. No ber også Det medisinske fakultetet om å få ekstra frist. Det kjem opp i ei eiga sak i styret.

Der heiter det at hovudoppgåva medisinstudentar skriv er eit obligatorisk emne på 20 studiepoeng. Sjølv om oppgåva er omfattande og studenten får rettleiing undervegs, er det ikkje definert som ei masteroppgåve. Difor gjeld vanleg sensurfrist på tre veker.

— Det medisinske fakultetet melder om at sensorane ofte er travle i mindrebistillingar og at det er lite realistisk at ein held fristen på tre veker. Fakultetet ønskjer ein utvida frist på seks veker, heiter det.

Utdanningsutvalet har allereie tilrådd dette, og universitetsdirektøren gjer det same.

Økonomi og sal av bygg

Møtet startar klokka 10, og du kan sjå det her.

På sakskartet elles står følgjande saker:

S 50/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 51/22 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 5.5.2022
S 52/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 53/22 Økonomirapport per 1. tertial 2022
S 54/22 Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2022
S 55/22 Riksrevisjonens beretning 2021
S 56/22 Gjennomgang av UiBs tematiske satsingsområder
S 57/22 Innovasjon – status og aktivitet
S 58/22 NOKUT-tilsyn av UiBs systematiske kvalitetsarbeid
S 59/22 Orientering om arbeidet med vidareutdanning ved UiB
S 60/22 Behandlingstid for sensur
S 61/22 Utvida sensurfrist for houvdoppgåva på medisinstudiet
S 62/22 Endringer i forskrift om opptak til Universitetet i Bergen
S 63/22 Endring av reglement for Den sentrale klagenemnd - delegasjon av myndighet
S 64/22 Framlegg til resultatmål for 2023
S 65/22 Salg av bygg - Nygårdsgaten 1B og Fosswincelsgate 7
Orienteringer
Styrets halvtime
Eventuelt

Powered by Labrador CMS