FINALIST årets namn i akademia
BI-professoren vil ikkje vere ein taus tilskodar
Ein dag hausten 2023 bestemte Pål Nygaard seg for å bli aktivist. No er BI-professoren og «Historikere for Palestina» ein blant tre finalistar i Årets namn i akademia.
«Vil du for ettertiden bli husket som representanten som stemte for norsk finansiell støtte til okkupasjon og folkemord»? spurde 14 norske faghistorikarar retorisk, under fellesnamnet «Historikere for Palestina».
Rett før sommaren, dagen før stortingspolitikarane 4. juni skulle stemme over eit forslag om «å trekke oljefondet ut av okkupasjon og krigsbrotsverk», stod ein kronikk i Aftenposten.
Historikarane hadde kartlagt 64 israelske selskap Oljefondet investerte i. Målet var å finne ut om vi kan stole på at «de ikke bidrar til ulovlig okkupasjon og folkemord».
Svaret var at det kan vi ikkje.
Historikarar til finalen
Ein næringslivshistorikar på BI er kanskje ikkje det første ein ser for seg gå for fullt inn i ein solidaritetsaksjon for palestinarane. Men det var det som var utgangspunktet for det som utvikla seg til «Historikere for Palestina».
No er Pål Nygaard og resten av «Historikere for Palestina» i finalen i Årets navn i akademia.
Fleire Khrono-lesarar har nominert gruppa for å setje lys på Oljefondet sine investeringar i israelske selskap, og om dei var i strid med dei etiske retningslinjene til fondet. Dei er blitt 18 historikarar frå 8 universitet og høgskolar på laget.
Kven som vert Årets namn i akademia kan du sjå 11. desember, klokka 16:00. Prisutdelinga blir send direkte på Khrono.no.
Greip til Instagram
Det var ein dag eit stykke ut i oktober 2023, at Pål Nygaard blei aktivist, ikkje lenge etter Hamas’ terrorangrep i Israel — og Israels massive bombing på Gaza var i gang. Han høyrde på den amerikanske presidenten Joe Bidens tale som han heldt då han besøkte Israel etter Hamas-angrepet.
— Eg var på ein løpetur etter arkivarbeid i Trondheim og høyrde på talen imens. Det slo meg at orda Biden brukte for å skildre Israels lidingar gjennom tida, formuleringane han brukte, var ei heilt presis skildring av palestinarane sin situasjon. Det er mykje ein kan seie om 7. oktober, men dette blei berre så himmelropande feil for meg. Då kjende eg at eg hadde eit behov for å seie ifrå, eg måtte gjere noko.
BI-professoren greip til Instagram.
«For meg er det umulig å være stille når jeg er vitne til et folkemord. Jeg ser på det som min plikt som historiker. Nå ser jeg også at mitt personlige engasjement styrker min rolle som fagperson», oppsummerte han i Historikeren, medlemsbladet for faghistorikarane.
Bevisst som aktivist
— Eg har bevisst brukt ordet aktivist om eg meg sjølv, fordi mange ønsker å svartmale det og gjere det til noko negativt. I staden prøver eg å bruke den privilegerte posisjonen eg er i til å vise at det er heilt legitimt å vere aktivist. Det er ein heilt kurant ting å vere, også om ein er historikar og jobbar på BI, seier Nygaard.
Deling og kommunikasjon om Gaza-krigen på Instagram, skapte eit heilt anna engasjement og dynamikk enn den han kjende frå dagspressa. På eit tidspunkt debatterte han direkte med Oljefondet på Instagram.
Det var også gjennom dette sosiale mediet han kom i kontakt med Eli Morken Farstad, doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i Søraust-Noreg. Saman skulle dei bli lokomotivet i «Historikere for Palestina».
I 2024 omtalte nettavisa Fri Fagbevegelse opplysningar om Oljefondet og investeringar i okkuperte område.
— Eg opplevde tilsvaret frå Oljefondet som nedlatande, litt sånn «hø-hø, du har ikkje forstått finans». Det provoserte meg, det var ein kjip måte å forhalde seg til journalisten på. Så då fekk eg lyst til å undersøke meir sjølv. Kva heldt dei eigentleg på med?
Historikarkompetansen med kjeldekritikk og kontekstualisering var nøkkelen til det omfattande gravearbeidet Nygaard såg måtte til. Saman med Farstad, mobiliserte dei no ein heil gjeng fagfolk. I fleire månader jobba dei på spreng etter arbeidstid, på kveldar og i helgene.
Frykt for «minefeltet»
Før løpeturen i Trondheim hausten 2023 var politisk aktivisme noko heller framandt for Nygaard. Den politiske aktiviteten hadde avgrensa seg til det han kallar «eit passivt støttemedlemskap i SV». Det å kaste seg ut i «minefeltet» det er å engasjere seg offentleg, som professor, i konflikten mellom Israel og Palestina er ikkje utan risiko.
— På kulturfeltet, men også innanfor akademia i andre land, finst det historier om folk som mistar oppdrag og jobb. Eg kjende på frykt for at eg skulle miste respekt og tillit som historikar, ei konkret uro for at det skulle gå utover faget og stillinga mi, fortel Nygaard.
Det har ikkje skjedd, tvert imot. Tilbakemeldingane, også på BI, har vore så godt som udelt positive og har ført til at fleire har engasjert seg, ifølgje Nygaard.
— Men eg krev ikkje av andre at dei skal bli aktivistar, eg misjonerer ikkje. Eg ønskjer berre å vise at det er heilt legitimt å engasjere seg. Eg meiner det er mykje betre at ein er open og ærleg om kvar ein står. Ikkje at ein alltid må vedkjenne si tru eller sine synder for å vere ein fagperson — men ein treng heller ikkje late som om ein er heilt objektiv.
Norsk krigshistorie
I prinsippet, meiner BI-professoren, kunne han ha sortert Palestina-engasjementet bort frå den faglege stillinga si, gjort det til eit slags fritidsprosjekt. Det var det også, på den måten at det slukte den tida han i utgangspunktet var fri.
Men for Nygaard er det også ei heilt direkte kopling mellom fagfeltet hans og engasjementet. Han tok doktorgraden på norsk ingeniørhistorie.
— Ein del av den forskinga eg har gjort er kopla til 2. verdskrigen, Holocaust og torturen og massedrapa på jugoslaviske krigsfangar som var i Noreg for å bygge veg. Dette var ei side av norsk krigshistorie eg visste lite om. Det gjorde veldig inntrykk på meg å sjå korleis statsapparatet og næringslivet i Noreg kunne bli mobilisert av nazistane. Eit fleirtal av nordmennene var eigentleg tause tilskodarar og let det skje. Nærkontakten med denne historia påverka meg i vala eg tok hausten 2023. Eg ville ikkje vere ein taus tilskodar, seier Nygaard.
Forslaget i Stortinget om å trekke Oljefondet ut av investeringane med koplingar til okkupasjon og Gaza krigen blei stemt ned.
Men arbeidet til «Historikere for Palestina» er blitt umogleg å ignorere.
Fjerna israelske selskap
30. juni fekk Finansdepartementet, Noregs Bank og Etikkrådet ein rapport på 119 sider i hendene, der historikarane dokumenterte at minst 30 av dei 64 selskapa bidrog direkte til folkerettsbrot i Gaza-krigen. Responsen frå Finansdepartementet, Oljefondet og Noregs Bank var knapt nok ein respons.
Men ballen var begynt å rulle.
Tidleg i august følgde journalistar i Aftenposten opp med ein artikkel om tvilsame investeringar. «Ny informasjon», meinte statsminister Jonas Gahr Støre og oljefondsdirektør Nicolai Tangen.
«Løgn», kunne Nygaard konstatere, og peike på rett side i rapporten dei hadde levert — og at regjeringa og Oljefondet hadde hatt akkurat denne informasjon på bordet sidan 30. juni.
Seinare i august kravde finansminister Jens Stoltenberg opprydding, og Oljefondet fjerna om lag halvparten av israelske selskap frå sine investeringar.
— Har tæra på
I november la Historikere for Palestina fram ei ny liste som viser at Oljefondet framleis investerer i minst 15 selskap som bryt dei etiske retningslinjene.
Nygaard legg ikkje skjul på at innsatsen har kosta.
— Det har vore lite søvn og kvile, og det har tæra på.
Desto gladare er han for at historikarane har kome til finalen i «Årets namn i akademia».
— Det er ei veldig fin anerkjenning å få. Kanskje er dette eit lite bidrag i kampen for det dette handlar om. At palestinarane har rett til å leve.
