lånekassen

Dersom Camilla jobbar meir i november, vert stipendet hennar lån

Camilla Moen var ferdig utdanna sjukepleiar i vår. Men fordi Lånekassen reknar inntekt over eit heilt år, må Moen no ta nokre fridagar for å ikkje få stipend omgjort til lån.

— Heilt på trynet, seier Camilla Moen. Trebarnsmora har teke sjukepleieutdanning i vaksen alder. No er ho nær Lånekassen si inntektsgrense og risikerer å få ekstra studielån dersom ho ikkje tek nokre ufrivillige fridagar.
Publisert Oppdatert

513 946 kroner.

Det er summen Camilla Moen kan tena i år. Summen er høg dersom ein er student, men Moen er ikkje student lenger. I vår var ho ferdig utdanna sjukepleiar.

Men sjølv om studieåret går frå august til juni, brukar Lånekassen kalenderåret når dei seier kor mykje ein kan tena i løpet av eit år som student. På nettsida deira heiter det at dersom ein er student heile året kan ein tena 205 579 kroner. Dersom ein studerer berre eitt semester, er summen høgare, heiter det.

— Eg jobba som ein galen i heile sommar. Studentar gjer jo det, seier Moen.

Måtte be om å sleppa vakter

No jobbar ho ved Betanien sykehus i Bergen. Ho er ikkje fast tilsett, og tek alle dei vaktene ho kan få. Men no er det stopp.

— Neste veke kan eg ikkje jobba, seier Moen.

— Sidan eg er tilkallingsvikar får eg løn månaden etter. No skal eg på jobb denne veka, men så kan eg ikkje jobba meir før desember, seier ho når Khrono snakkar med henne 22. november.

Moen understrekar at ho skjønar at det er ei inntektsgrense for dei som er studentar.

— Men eg er ferdig utdanna. Samfunnet skrik etter sjukepleiarar, og ein er i ei tid der renter og kostnader går opp. Eg har måtta be sjefen om å ta meg av vakter. Elles går eg over grensa og får stipendet mitt frå vårsemesteret omgjort til lån, seier 45-åringen.

Ho har både barn og bustadlån, og seier at ho no får ei desemberinntekt som er mindre enn utgiftene ho har.

Reduksjonsformel

Hanne Bertnes, senior kommunikasjonsrådgivar i Lånekassen, skriv i ein e-post til Khrono at det er ulik inntektsgrense utifrå om ein får støtte frå Lånekassen heile kalenderåret eller om ein får støtte i sju månader eller mindre.

Ein kan tena så mykje ein vil og framleis få studielån, men det er stipenddelen som vert redusert. Det er ikkje slik at alt stipend vert gjort om til lån frå første krone, det vert gradvis redusert etter kor stort inntekt du har hatt, etter følgjande formel:

Inntekt over beløpsgrensa x fem prosent x talet på månader du har fått støtte.

Ein av seks har for mykje pengar

Camilla Moen er ikkje i tvil om om kva ho synest om reglane:

— Ein må kunne leva. Dette er heilt urimeleg.

Frå første desember kan ho igjen ta vakter, for løn for desemberjobbinga kjem ikkje før neste år.

Lånekassen opplyser at omlag ein av seks studentar har inntekt og/eller formue som er høgare enn dei fastsette grensene. 

Powered by Labrador CMS