Universitetet i Bergen

Dette universitetet har ein eigen peparkakeby

300 kilo deig, 120 meter lyslenke og vatt i massevis: Resultatet er verdas kanskje aller første akademiske peparkakeby.

Ja, det er ei mus til venstre i biletet! Muséplass 1, bygget med tårn, rommar mellom anna universitetsleiinga. Men på folkemunne vert det kalla museplass. Oppe til høgre ein modell av Universitetsmuseet.
Publisert Sist oppdatert

Bergen er ein peparkakeby. Og då skulle det kanskje berre mangla at ikkje Universitetet i Bergen (UiB) hadde sin eigen?

Dette er berre ei av fleire ugler ein kan finna i byen.

Vel, no har dei det. 1. desember vart byen offisielt opna av rektor Margareth Hagen, med raud løpar, peparkakepersonar som delte ut kaker og julemusikk på anlegget. Bak den raude sløyfa, som rektor klipte for å gi tilgang til byen, skjulte det seg om lag 200 byggverk forma som ein by.

Eller, sagt på ein annan måte: Omlag 300 kilo deig, 120 meter lyslenke og store mengder vatt.

Kommunikasjonsdirektør Anne Line Grepne stilte som peparkakekvinne, Odd Vegard Kandal Wright, også han frå kommunikasjonsavdelinga, som noko svidd peparkakemann. Rektor Margareth Hagen fekk opna den akademiske peparkakebyen.

Tre ting

— Ein peparkakeby med meining, seier Maren Bjotveit til Khrono.

Saman med Torill Sommerfelt Ervik, begge tilsett ved kommunikasjonsavdelinga ved UiB, var det ho som kom med ideen til prosjektet.

— Kort fortalt handlar det om tre ting, seier Ervik.

— Det avsluttar jubileumsåret til Universitetsmuseet, me får snakka om noko som er viktig for oss og me sameinar tilsette og studentar i eit felles prosjekt.

Universitetet er ein landsby av kritiske tankar og av hyggelige studentar og kollegaer, sa rektor i sin opningstale. Dette er eitt av fleire hus som har ein tydeleg bodskap.

Klima, USA, demokrati

— Akademisk fridom har aldri vore viktigare enn no, sa rektor Margareth Hagen i sin opningstale.

Fleire av dei som laga hus hadde teke utgangspunkt i situasjonen i amerikansk akademia.

For husa i den akademiske peparkakebyen er ikkje heilt som andre peparkakehus. Her er det hus pynta med utsegner som «transrights», «studentdemokrati», «climate change is real» og «bevar biologisk mangfald». 

I tillegg er det fleire hus som viser situasjonen i amerikansk akademia, mellom anna eit litt øydelagt hus og eit heilt flatt. «The broken American universities», står det på eit skilt.

— Utforsking, skaparglede og begeistring er viktige verdiar frå museet si 200 år lange historie. Julekos og fellesskap skal ein ikkje kimsa av! Men her får ein òg ein viktig bodskap, sa rektor.

Storming av kongressen i USA — i peparkakeformat.

Eigen byplanleggar

Huset der rektoratet har kontor, Muséplass 1, finst sjølvsagt også i peparkakebyen. Det same gjer mellom anna museumsbygningen og veksthuset i Muséhagen. I tillegg finn ein til dømes Det humanistiske fakultet sin studentpub Ad Fontes, og ein er ikkje i Bergen for ingenting: Eit av husa har Brann skrive på taket.

Marie-Louise Lorentzen har brukt mange timar på å få plassert ut alle bygga og på å få laga landskapet rundt dei.

— Undervassfarkosten Ægir har vore utanfor Afrika og fotografert nokre havskilpadder. Men eg har plassert han litt sånn borte på Laksevåg, seier Marie-Louise Lorentzen. 

Ho er eigentleg målerikonservator og tilsett ved Universitetsmuseet, men i denne samanheng har ho vore byplanleggar.

— Eg visste ikkje kor mange bygg som kom inn, og då er det litt vanskeleg å driva med byplanlegging. Men eg var oppe i tårnet på Historisk museum og såg formasjonen på fjella, og så teikna eg ei skisse som eg prøvde å forma peparkakebyen etter, fortel ho.

Den akademiske peparkakebyen er open i heile desember.

Kommunikasjonsavdelinga har laga Veksthuset i peparkake og med gelatinplater som vindauge.

 

Powered by Labrador CMS