Diagnosar
Dobling av studentar med diagnosar, mest på toppuniversiteta
Stadig fleire studentar med mild funksjonsnedsetjing legg press på ressursane.
Mellom 2008 og 2023 vart andelen studentar ved britiske universitet som rapporterte at dei hadde ei funksjonsnedsetjing dobla frå 8 til 16 prosent, ifølgje ein analyse som Financial Times har gjort.
Ved eliteuniversiteta Oxford og Cambridge var auken endå høgare, frå 5 til 20 prosent i den same perioden.
Trenden er lik i fleire andre land, mellom annan USA.
Ifølgje ei undersøking omtalt i The Atlantic er 38 prosent av studentane på lågare grad ved Stanford-universitetet registrert med ei eller anna form for funksjonsnedsetjing. Ved Harvard er talet 21 prosent. Ved begge dei amerikanske toppuniversiteta har det vore ein auke, ifølgje Financial Times.
Høg kostnad
Ifølgje avisa har den ekstra tilrettelegginga og støtta diagnosane utløyser dokumentert positiv effekt på karakterar og er til stor hjelp for mange med milde utfordringar. Samstundes kjem utvida definisjonar av kven som har krav på støtte med ein høg kostnad.
Trenden avgrensar seg ikkje til universiteta.
I Storbritannia har talet på elevar med vedtak om spesialundervisning eksplodert og forsterka ein frå før alvorleg økonomisk krise i kommunane. Når fleire — særleg med milde behov — får hjelp, har den gjennomsnittlege støtta per barn falle med ein tredel i det siste tiåret. Resultatet er dårlegare utbyte av tiltaka og eit system som ifølgje kommunane er nær samanbrot.
Også i ei rekke andre land som Financial Times har undersøkt, blant dei Finland, Frankrike, Italia og Spania, er andelen skuleelevar som får særskilt tilrettelegging aukande.
Mest til dei rikaste
Ifølgje Financial Times er det milde tilfelle av autismespekterforstyrring, ADHD, angst og psykiske plager som driv veksten, ikkje dei mest alvorlege tilfella. Og når definisjonane av diagnosar blir utvida, fører det til fleire tiltak, og dermed auka kostander. Desse må i sin tur smørast meir tynt utover. I Storbritannia har støtta per barn i snitt falle med ein tredel det siste året, ifølgje avisa.
At fleire får hjelp, også på universiteta, er i seg sjølv eit gode. Men undersøkinga til Financial Times viser også noko anna:
I Storbritannia og USA er storleiken på lommeboka til foreldra avgjerande for kven som får hjelp.
I USA har andelen unge frå dei fattigaste skuleområde som får spesiell tilrettelegging vore stabil på 1 prosent sidan 2010. I dei rikaste områda har andelen blitt tredobla, frå 2 til 6 prosent.
I Storbritannia, på vidaregåande nivå, dreg privatskulane ifrå. Tidlegare var andelen elevar med spesiell tilrettelegging lik mellom offentlege og private skular, ifølgje Financial Times.
