Khrono helg

Studentane mine vil nok meina at eg er mild på TV, seier dosent — og dommar — Merete Mørk Lingjærde.

Eg er ikkje ekspert på selskapsdans. Eg kan ein god del om det, men det er Trine Dæhli Cleve som er eksperten der. Eg ser på heilskapen og om dansarane har eigenart — eg er ikkje så oppteken av om hælen er nedi golvet eller ikkje, seier Merete Mørk Lingjærde. I tillegg til dei to profesjonelle dommarane er òg Morten Hegseth dommar i Skal vi danse.

Du ser henne på TV kvar laurdag. Men det er på Kunsthøgskulen Merete Mørk Lingjærde er heime

Publisert Oppdatert

På veggen heng det ei klar oppmoding om å bruka innesko. 

Den passerer Merete Mørk Lingjærde (61) glatt. Ho viser veg til ein heis, forbi nokre dansestudio og inn til eit personalrom i åttande etasje.

For mange er ho mest kjent som dommar i «Skal vi danse», som er inne i sesong nummer 19 på TV2. Men det er her, på Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), at ho eigentleg høyrer heime. I 33 år har dosenten vore tilsett her, og no er ho programansvarleg for bachelor i jazzdans. I tillegg er ho hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved KHiO.

— Me er nettopp komne i mål med forhandlingane, seier ho, og beklagar at det ikkje finst nokon god kaffi.

— Eg er ikkje dosent i excel, seier ho, noko tørt.

— Men eg har tru på gode førebuingar, og har jobba masse! Det gav gode resultat for medlemmene våre.

Strutteskjørt som lita jente

Dansen fekk ho nesten inn med morsmjølka, med foreldre som var svært kulturinteresserte og tok henne med.

Allereie på vidaregåande underviste Merete Mørk Lingærde dei som var yngre, og ho trente kvar dag etter skulen. Dagane vart lange for den målbevisste ungjenta. Den kjende dansaren Randi Frønsdal, som hadde Randi Frønsdal Dance Center, sa til henne at Frønsdal ville skulera henne før ho kunne undervisa.

— Eg hadde begynt å dansa klassisk ballett då eg var 5. Då eg var 13 gjekk eg over til jazzdans. Eg elska rytmane og musikken — og så hadde dei litt kulare drakter.

Så søkte ho opptak hos Statens balletthøgskole, og kom inn på fjerde forsøk.

Men korleis gjekk det til at dansaren og pedagogen enda opp i TV-ruta i beste lørdagsendetid?

Som mykje anna i livet var det nok litt tilfeldig.

— Eg trur me reiser på hytta rett etter sending lørdag. Så skal eg sova lenge søndag morgon og deretter berre sjå ut på snøen, sa Merete Mørk Lingjærde då Khrono møtte henne. Då var lønsforhandlingane ved KHiO nett ferdige, og i Skal vi danse venta Disney-sending.

Oppteken av heilskap, ikkje av hæl

I 2006 skulle TVNorge senda første sesong av programmet «Dansefeber». Dette var medan konkurransedrive reality-TV var ganske ungt i Noreg, berre eit par år tidlegare hadde «Idol» starta opp. Og i «Dansefeber», som i «Idol», vart deltakarar stemte ut. 

Etter to sesongar med «Dansefeber» sende TVNorge i 2008 den skandinaviske utgåva av «So you think you can dance». Programmet fekk aldri strålande sjåartal, men Mona Berntsen, som vann i 2008, har hatt ein stor dansekarriere seinare — mellom anna under Melodi Grand Prix i Israel (ho dansa med palestinsk flagg på ryggen, journ.anm).

— Eg trur eg var den aller siste som vart beden om å koma på intervju som dommar i «Dansefeber», seier Lingjærde og humrar.

— Men eg gjorde det, og fekk jobben. Det var mykje arbeid, mellom anna sat eg den siste dagen og skulle gi tilbakemelding til hundre deltakarar.

Så gjekk det nokre år. Men Jarle Nakken, TVNorge-direktøren, hadde skifta jobb og gått til TV2.

— Han tipsa om meg då det skulle bytast nokre dommarar i «Skal vi danse». Og no er eg med på niande året, seier Lingjærde.

Ho har rykte på seg for å vera ein streng dommar, og opplevde å verta bua på av ein av proffdansarane i årets sesong, fordi tilbakemeldinga vart opplevd som for streng. 

— Dansaren fekk sju poeng, noko som er bra, understrekar Lingjærde.

Samstundes var ho den einaste som gav Myra ti poeng i det programmet der artisten rauk ut.

— Det er Trine (Dæhli Cleve, journ.anm) som er ekspert på selskapsdans. Eg er ikkje det. Eg er ikkje så oppteken av om hælen er nedi eller ikkje, men eg er oppteken av dansen som heilskap og av om dansarane klarar å visa eigenart.

For Merete Mørk Lingjærde er dans lidenskap. Dosenten er oppteken av mangfald i dans og av gode arbeidsvilkår for kunstnarane.

— Korleis får du brukt dosenten i deg som dommar?

— I hjarta er eg pedagog! Eg er tillitsvald, eg har vore kunstnarisk leiar med eige dansekompani i mange år, men om det skal stå noko på gravsteinen min så er det «pedagog».

Men når ho gir tilbakemelding til deltakarane er ho ikkje først og fremst pedagog. Ho er dommar, og det er ei anna rolle. Med tjue sekund å prata på må tilbakemeldinga vera kort og poengtert. I tillegg er det stor skilnad på om ein er første eller siste dommar som får ordet, seier Lingjærde.

— Eg kan til dømes seia til ein deltakar at ein må få meir pust inn i rørslene. Dersom eg gir ei slik tilbakemelding til studentane mine, må eg forklara meir. I «Skal vi danse» er det proffdansarane si oppgåve å omsetja til deltakarane kva det til dømes betyr når eg seier at nokon dansar hakkete.

— Har du fått rolla som den strenge?

— Me er tilsette som dei me er. Studentane mine vil nok seia at eg er mild på TV. For meg er dans lidenskap!

Redd for å verta mindre sett

Dersom Merete Mørk Lingjærde hadde satsa på ein karriere som dansar, hadde ho vore pensjonist for lenge sidan. Offentleg tilsette dansarar, hos Den Norske Opera og Ballett, har pensjonsalder 41 år.

Men mange innan kunstfeltet, både dansarar og musikarar, har ikkje ein fast arbeidsgivar. 

Ved KHiO kan ein ta praktisk-pedagogisk utdanning i scenekunst etter at ein har fullført ei bachelor- eller mastergrad, og slik kvalifisera seg for undervisning både i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Mange jobbar litt med undervisning og litt anten som aktive dansarar eller som produsentar eller koreografar.

Skodespelar-og danseralliansen (SKUDA) har no eit opplegg som Lingjærde håpar fleire kan få nytte av: Dei tilset dansarar og skodespelarar for ein periode på to år. Det betyr at når ein er mellom oppdrag, fordi ein jobbar frilans eller har mellombelse stillingar, betalar SKUDA løna di.

Merete Mørk Lingjærde leia Oslo Danse Ensemble i mange år, og har fått både Kongens fortjenstmedalje og Oslo kommune sin kunstnarpris. Ved KHiO har ho i tillegg til å vera dosent og tillitsvald òg hatt ein periode som prorektor.

— Dansarar må ha tid til å trena, seier Lingjærde bestemt.

Ho uroar seg over dansen sin posisjon: Då ho starta opp dansekompani på 1990-talet var det meldingar i alle dei store avisene. Det same skjedde då kompaniet var på turne med Riksteateret.

— Ein får ikkje opp kjendisstatus for dansarar. Med få unntak kjenner ein ikkje namna på dansarar, seier ho, og set blikket strengt i journalisten.

Norske dansekunstnere har offentleggjort dei første tankane sine etter at forslaget til statsbudsjett for 2024 vart presentert. Her heiter det at:

Kunstnere er også arbeidsfolk, har regjeringen sagt til det kjedsommelige. I stortingsmeldingen Kunstnarkår, som ble lagt frem våren 2023 står det at regjeringens mål for kunstnerpolitikken bl.a. er å legge til rette for at kunstnere skal kunne virke nasjonalt og internasjonalt, og å sikre kunstnere rimelig betaling og gode arbeidsvilkår og at de kan virke over hele landet. Det fremlagte kulturbudsjettet for 2024 bidrar slik vi ser det, ikke i stor nok grad til å svare ut regjeringens egne mål, og for dansekunstens del kommer ikke kulturbudsjettet 2024 med det løftet vi så sårt trenger!

— Me serverer dette til kulturministeren. Me er livredde for å få mindre plass, seier Lingjærde.

Ho er òg oppteken av at ein må visa mangfald i dans. Då meiner ho ikkje berre kjønn og etnisitet, men òg alder.

— Ein må anerkjenna at ein kan bruka godt vaksne dansarar og fortelja ei historie nettopp ved bruk av alder.

I studio frå tidleg ettermiddag

I kveld skal dansarane ha årets halloweensending. Førre laurdag var det Disney som var tema i «Skal vi danse».

Desse laurdagsmorgonane har starta som eigentleg kvar dag startar heime hos Merete Mørk Lingjærde: Ektemannen serverer henne kaffi på senga. Men deretter jobbar ho.

— Fredag kveld får me vita kva dansar dei ulike dansarane skal dansa. Så laurdag brukar eg føremiddagen til å sjå på dei ulike dansane, og til Disney-programmet såg eg mellom anna litt på filmane. Så skal me vera på plass i studio klokka 15, så det vert ein lang dag, ja, seier dommaren, og legg til:

— Tidlegare hadde eg jo dansekompaniet mitt i tillegg, men det har eg ikkje lenger. Eg har trass alt fylt 60.

I 33 år har Merete Mørk Lingjærde vore tilsett ved det som no er KHiO. Ho gav seg som aktiv dansar, og tilrår studentane å ikkje gjera som henne: Skal ein på prøve til musikalar er det lurt å òg øva på song.

Søkjartala eksploderte

I år hadde KHiO 170 søkjarar til 8 plassar i jazzdans. Det er det høgaste talet nokonsinne.

— Me såg ei endring då dei første sesongane av «Dansefeber» vart viste. Då eksploderte søkjartala. Me ønskjer oss dansarar med ulik bakbrunn, seier Lingjærde.

— Dansar du noko sjølv lenger?

— Nei, eg gjer ikkje det, det er lenge sidan. Eg kom fleire gongar til siste runde i musikalar, men ikkje lenger — eg gadd jo ikkje å øva på song. Så det fortel eg studentane mine at det er lurt å gjera.

Powered by Labrador CMS