rettleiing

Ein av tre veit ikkje korleis dei skal rettleia

Berre om lag halvparten av dei som skal rettleia ein stipendiat som skriv artikkelbasert avhandling, har sjølv levert avhandling på denne måten. Rettleiarane er usikre, viser ein ny studie.

NTNU heidrar nye doctores. Dei aller fleste som no leverer doktoravhandling leverer den med tre vitskapelege artiklar og det som vert kalla kappe. Men dei som rettleiar, og som tok doktorgrad for ein god del år sidan, jobba på ein annan måte då dei var i startgropa til si vitskapelege karriere.

Ein av tre rettleiarar seier at dei er litt usikre på korleis dei skal rettleia når stipendiaten skal levera artikkelbasert avhandling. Like mange seier at dei er usikre på korleis ein skal rettleia i å skriva kappe.

Fakta

Avlagte doktorgrader

  • Det ble avlagt 1567 doktorgrader i 2022 (39 færre enn i 2021), kvinneandelen var 51,7 prosent.
  • Den samlede nedgangen i antall avlagte doktorgrader i 2022 skyldes i hovedsak en markert nedgang innenfor matematikk og naturvitenskap, fra 319 i 2021 til 258 i 2022.
  • For fire av fagområdene ser vi en svak økning i avlagte doktorgrader i 2022.
  • For fagområdet teknologi har det vært en jevn vekst, og dette er nå det tredje største fagområdet med 18 prosent av de avlagte doktorgradene.
  • For 10 år siden var matematikk og naturvitenskap nesten dobbelt så stort i antall doktorgrader som teknologi, mens det i 2022 ble avlagt flere doktorgrader innenfor teknologi enn i matematikk og naturvitenskap.
  • Nedgangen i avlagte doktorgrader i matematikk og naturvitenskap må ses i sammenheng med nedgangen doktorgrader avlagt av utenlandske statsborgere.

Kilde: Tilstandsrapporten 2022, HK-dir, Kunnskapsdepartementet

Dette viser ein forskingsstudie Rune J. Krumsvik, professor ved Institutt for pedagogikk ved Universitet i Bergen, har gjennomført saman med kollegaer blant nesten 300 rettleiarar frå heile Noreg. 

Sidan 2018 har Krumsvik leia Vestlandets forskerskole for pedagogikk- og utdanningsforskning (WNGER II). Målet med WNGER II er å styrka forskarutdanninga på tvers av seks universitet og høgskular på Vestlandet: Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet, NLA Høgskolen, VID Vitskapelege høgskule, Høgskulen i Volda. I tillegg har Universitetet i Agder kome til.

— Om lag halvparten av dei som er rettleiarar skreiv sjølv monografi då dei leverte si avhandling. Dette illustrerer at me må sjå på om dette heng saman med deira rettleiarkompetanse eller ikkje, seier Krumsvik om dei ferske funna.

— Bør ha kompetanse

Khrono skreiv før helga om førsteamanuensis Sofie Høgestøl som fortalde at ho kjende seg svært åleine som stipendiat. Ho måtte byta rettleiar undervegs i stipendiatperioden.

— Eg tok nærast doktorgrad som privatist, sa Høgestøl.

Khrono publiserte òg eit debattinnlegg, som mellom anna Høgestøl signerte, der innleggsforfattarane skreiv at «for å sikre at konflikter håndteres på lavest mulig nivå, må stipendiatene ha flere de kan henvende seg til, både innad i solide veilederteam, ved institusjonen som helhet, og i tillegg i form av en nøytral instans, som for eksempel et stipendiatombud. Det må også være mulig å bytte veileder (e) uten å bli utsatt for gjengjeldelser».

Krumsvik seier at det er viktig å få fram slike historier, men han understrekar at det heldigvis ikkje er alle stipendiatar som sit att med ei slik oppleving som Høgestøl. Likevel er han oppteken av at noko må gjerast med opplæringa av dei som skal rettleia.

— Ein kan vera ein glitrande fagleg ekspert utan å kunne alt om korleis ein skriv til dømes ei kappe til avhandling. Men det å vera rettleiar er eit såpass stort ansvar at ein bør ha ein god pedagogisk rettleiarkompetanse, seier professoren.

I WNGER II er 116 doktorgradsstipendiatar og 64 rettleiarar frå 7 institusjonar melde inn. Her får både rettleiarar og stipendiatar tilbod om mange ulike kurs.

Rune Johan Krumsvik er fagleg leiar for forskarskulen WNGER II og oppteken av rettleiing. — Det er stor spennvidde, seier han om oppfølginga som vert gitt.

Nokre har null timar

Alle funna frå den ferske studien skal presenterast på ein konferanse i sommar og publiserast til hausten. Men eitt av funna er at halvparten av rettleiarane ønskjer seg meir pedagogisk rettleiarkompetanse.

— Ut frå våre funn meiner eg at ein må gjera fleire ting på ein gong, og ein må differensiera. Det kan vera greitt med korte kurs, men ein treng òg meir omfattande kursopplegg. Ein bør òg sjå på kven som rettleiar. Dei fleste har ein birettleiar. Dersom hovudrettleiar sjølv har levert avhandling som monografi, bør kanskje medrettleiaren sjølv ha skrive artikkelbasert, seier Krumsvik.

Studien viser òg at det er stor variasjon i kor mykje tid som er sett av til rettleiing. To av ti har berre mellom null og tjue arbeidstimar sett av til rettleiing per stipendiat per semester. Fire av ti har mellom 20 og 40 timar, og like mange har mellom 40 og 80 timar. Samstundes meiner sju av ti at rettleiing er ein av dei viktigaste faktorane for om ein stipendiat lukkast eller ikkje.

Krumsvik meiner at det er fleire ting som må gjerast:

— Ein må gjera ein jobb hos leiinga for at dei skal få betre rammer og fleire til å ta rettleiingskurs. Eit slikt kurs må ikkje berre verta ei plikt i ein elles hektisk kvardag. Ein må òg få på plass ei tydelegare institusjonell operasjonalisering av ansvaret for rettleiing. I tillegg må særleg yngre rettleiarar få tilbod om opplæring. Det er nokre av desse som står med null timar til rettleiing, seier han.

Ikkje teori åleine

I studien rapporterer rettleiarane at stipendiatane òg er usikre på korleis dei skal skriva kappe. Krumsvik seier at å sjå på dei kappene som er levert av andre sjølvsagt er nyttig. Men han meiner òg at ein må ha nokre retningslinjer, og dessutan sjå på heile opplæringsdelen av doktorgradsprogrammet.

Opplæringsdelen skal vera minst 30 studiepoeng.

— Eg meiner ein må redesigna denne noko for å ta høgde for at dei fleste i dag skriv artikkelbaserte avhandlingar. Det bør dermed verta ei tydelegare kopling mellom kursporteføljen i opplæringsdelen, avhandlinga si metodiske innretning og avhandlingssjanger, seier Krumsvik.

Powered by Labrador CMS