gatekunst
Estetisk utval gav grønt lys til å måle over kunstverk
Det finst ikkje nokon juridisk bindande avtale med kunstnaren, ifølgje Universitetet i Bergen. — Universitetet har ikkje ansvar for å ta vare på verket, seier utvalsmedlem.
![Eigedomsdirektør ved UiB, Kjartan Nesset, vil ikkje svare på spørsmål om vurderingane som vart gjort då gatekunstverket «Fjordprinsessa» vart måla over.](https://image.khrono.no/381698.webp?imageId=381698&width=960&height=548&format=jpg)
Khrono fortalte onsdag om gatekunstverket «Fjordprinsessa»
som har stått ved hovudinngangen til SV-fakultetet sidan 2016 – og som no er
blitt måla over med svart.
Ifølgje kunstnaren, Sandie Carol Dougnac, vart verket godkjent og ønskt velkommen av Universitetet i Bergen (UiB). To år etter vart det tatt med i boka «Art and Architecture at the University of Bergen», som universitetet sjølv hadde bestilt.
Dougnac vart ikkje varsla på førehand om at verket skulle målast over.
— Ingen juridisk avtale
Etter det Khrono forstår gav estetisk utval grønt lys då eigedomsavdelinga ved universitetet tok kontakt med utvalet for å finne ut av status kring kunstverket.
![Medlem i estetisk utval, Sigrun Åsebø](https://image.khrono.no/808179.webp?imageId=808179&x=0.00&y=32.00&cropw=100.00&croph=60.24&width=960&height=720&format=jpg)
— Det finst ingen juridisk bindande avtale med kunstnaren. Det betyr at UiB ikkje har ansvar for å bevare verket, seier medlem i estetisk utval, Sigrun Åsebø, til Khrono.
Utvalet har det overordna ansvaret for kunst og utsmykking ved UiB.
Åsebø viser elles til at leiar i utvalet, Ann-Helen Mydland, må svare for innhaldet i e-postkorrespondansen som fann stad mellom utvalet og eigedomsavdelinga.
Khrono har tatt kontakt med eigedomsdirektør Kjartan Nesset i eit forsøk på å finne ut kva vurderingar som er gjort i forkant av at verket vart måla over. Han ønskjer ikkje å kommentere saka, og viser til rektor.
Også rektor Margareth Hagen viser til leiar av estetisk utval, professor Ann-Helen Mydland.
Mydland har så langt ikkje svart Khrono.
— Mellombels kunst
Åsebø legg til at sjølv om verket ikkje er
offisielt innlemma i UiBs samlingar, betyr ikkje dette at det er utan verdi eller interesse.
— Det betyr berre at det ikkje er UiBs ansvar å ta vare på det.
Åsebø viser elles til at gatekunsten ikkje er meint å vare, at det er mellombelse prosjekt i sin natur. Derfor er det ikkje nødvendigvis overraskande at det blir måla over, ifølgje henne.
![Utsnitt av gatekunstverket «Fjordprinsessa».](https://image.khrono.no/808181.webp?imageId=808181&x=0.00&y=29.21&cropw=100.00&croph=42.96&width=960&height=634&format=jpg)
På spørsmål om kunstnaren burde fått beskjed, viser ho igjen til utvalsleiar Mydland.
Åsebøs syn på gatekunst blir støtta av forfattaren av kapittelet om gatekunsten i boka som UiB bestilte og som kom ut i 2018.
På Facebook skriv Walter Wehus:
«Selvsagt vil det bli malt over på et tidspunkt. Hele poenget med gatekunst er at det er en flyktig kunstform. Hvem som helst kan i prinsippet ta seg til rette og lage kunst på offentlige vegger. Iblant spør de om lov – som her – og iblant ikke. Så lever kunstverket på offentlighetens nåde, helt til det blir malt over – og i praksis omgjort til et blankt lerret for en annen kunstner».
Og vidare:
«Det å klage over at et verk blir fjernet etter å ha fått stå på en vegg i byrommet i syv år, og i tillegg trekke inn åndsverksloven, vitner om liten forståelse for gatekunstens vesen».
Nyeste artikler
Han er en av åtte menn på studiet. 70 er kvinner
Anne Borg blir styremedlem i EU-institutt for innovasjon
Kjempet for å få tilbake vitnemålet — nå har han tapt i to rettsinstanser
Sommerlektyre for genier
Kritisk mangel på studentboliger i Norge
Mest lest
Etter at han ble pensjonist, har han tatt fire mastergrader
Vedtok endring av rasistiske plantenamn. — Eg er glad, stolt og letta
Kan Kaptein Morf lære barn om de minste delene av språket?
« … det handler ikke bare om å utdanne en elite …»
Forskere sperrer innsjekk på Gardermoen