vis meg ditt kontor
Etter at Arne byrja å ha smågodt på kontoret, får han stadig meir besøk
Ein drone, ein spesiell pokal, lenestolar — og ei skål med fargerikt godteri. Arne Skodvin Kristoffersen har innreidd eit heilt standard kontor til å verta si eiga vesle hole.
— Korleis klarar du å ha det der på kontoret?
Det er ein onsdag ettermiddag, klokka nærmar seg 14 — altså er den berømte toknekken nær. På eit lite bord på kontoret til førsteamanuensis Arne Skodvin Kristoffersen står ei skål med fargerikt godteri.
— Eg har laga ein regel for meg sjølv, seier Kristoffersen og smiler lurt.
— Eg har berre lov å ta dersom eg har vore ute eit ærend. Då kan eg ikkje ha vore på toalettet eller henta meg kaffi, det må vera eit møte eller undervisning eller noko anna som gjer at eg synest eg kan påskjøna meg sjølv.
Det heile byrja med at han skulle ha eit møte på kontoret med nokre studentar. Då kjøpte han noko søtt, og fann ut at det var finast å ha det i ei skål. Og så har det vorte ei slags greie på kontoret i andre etasje.
Journalisten og forskaren tek ein sur fot kvar.
Ein ekte Munch?
Kristoffersen har eit heilt vanleg, ikkje så veldig stort, kontor i Bjørn Trumphys hus, også kalla Fysikkbygget, ved Universitetet i Bergen. Men innhaldet i det standardiserte rommet er annleis enn i mange andre. Her er det kunst på veggane, to gode stolar å sitja i når ein et, eller helst ikkje et, dette godteriet, og i glaskarmen står det ein liten drone.
— Han var meir i bruk før. Då eg var stipendiat likte eg å fly han inn på andre sine kontor. Men eg har fått meir respekt for andre sitt arbeid sidan den gong, seier Kristoffersen og ler.
Han fortel at då han flytta inn for fem-seks år sidan var kontoret heilt sterilt. Han gjekk til instituttleiinga og fekk løyve til å kjøpa inn nokre møblar, som eit skap, ei hattehylle og eit whiteboard. Men det som gjer rommet spesielt, har kome frå andre stader.
Lenestolane fekk han gratis på finn.no. Det vesle bordet og måleri er frå eit dødsbu.
— Svogeren min kjøpte eit gamalt hus som altså var eit dødsbu. Eg skulle hjelpa med å rydda, og tenkte at det kunne vera fint med litt kunst på veggane. Men eg veit altså ikkje om det er ein ekte Munch, seier førsteamanuensen.
Ph.d.-kunst
Eller, førsteamanuensis og førsteamanuensis. På veggen heng det eit forseggjort skilt som fortel at Kristoffersen, han er professor. Ved sidan av heng det noko som kan sjå ut som eit slags ordførar- eller rektorkjede.
— Dette fekk eg då eg var på Sri Lanka i samband med eit forskingssamarbeid. Så på Sri Lanka, der er eg professor, smiler 43-åringen lurt.
På same veggen heng det nokre fargerike bilete. Det er mikroalgar, og det er kunst Kristoffersen sjølv har laga.
— Dersom ein lyser med blått på dei, får ein til dømes raudt lys ut. På denne måten kan ein mellom anna seia om algane er stressa.
— Er desse stressa?
— Det er dei absolutt. Det er viktig å seia at her har eg brukt falske fargar, men det er reelle data frå doktoravhandlinga mi. Eg fekk vist fram nokre av bileta på ei kunstutstilling, og det var til og med nokre som kjøpte!
Veit ikkje når han må flytta ut
Frå vindauga ser Kristoffersen bortover den lange Allégaten. Det er ekstra morosamt rundt studiestart, seier han, då kjem det hordar av studentar gåande.
Men kor lenge han får ha kontoret sitt, er uvisst. Universitetet i Bergen har lenge hatt store planar om det som vert kalla Nygårdshøyden sør. Då må dei tilsette først flytta ut, og så inn i eit nytt bygg.
— Eg får ei god kjensle når eg kjem inn hit, og eg synest det er kjekt at gjestar synest det er fint. Det har vore gjort ein del med dette bygget dei siste åra, kontor har vorte delt og grupper flytta på.
3 kjappe
— Kor viktig er det for deg at det er ryddig på kontoret?
— Eg likar best at det er ryddig. No før du kom syntest eg at det hadde hopa seg opp litt for mykje papir her på den eine sida av pulten — så eg flytta dei til den andre. Eg reknar ein del på papir, og dersom eg skal lesa ein artikkel likar eg å skriva han ut og setja meg i ein av lenestolane.
— Kva er det viktigaste du har på kontoret?
— Det viktigaste er at eg kan lukka døra!
— Det betyr at kontorlandskap ikkje er noko for deg?
— Nei, eg trur ein misser noko der. Ein treng den djupe konsentrasjonen og ro og fred. Ein kan stenga ute lyd når ein sit i landskap òg, men eg trur eg ville hatt meir heimekontor då. Men det skal seiast at det er sjeldan at døra mi er heilt lukka, stort sett er ho berre inntil, slik at kollegaene mine kan sjå at eg er her. Og etter at eg byrja med det smågodtet har eg lagt merke til at det er nokre som gjer seg nokre ærend hit.
