Likestilling

Etterlyser tid til samanhengande forsking

Tida går til utvalsarbeid, administrasjon, undervisning. Men forsking? Kvinnelege forskarar må verta flinkare til å seia nei, seier prorektor.

Førsteamanuensis Laura Saetveit Miles ønskjer å kvalifisera seg for professorat - problemet er berre når ho skal få tid til å gjera alt arbeidet som trengs.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg har høyrt ei historie om ein kjent, mannleg fysikar. Han låste seg inne for å få arbeidsro, og så kom kona med mat til han. Slik er det ikkje for oss.

Laura Saetveit Miles ler, men det ligg eit alvor bak: For korleis skal unge, særleg kvinnelege, forskarar, finna rommet som gjer at dei kan få skrive og publisert så mykje at dei kan verta professorar? Då Miles vann loddtrekninga og fekk tildelt hytte ei helg frå Universitetet i Bergen, vart planen lagt: Ho ville ta med seg andre kvinner i same situasjon som seg sjølv og arrangera eit skriveseminar.

— Dette er populært elles i verda. Både akademikarar og andre forfattarar reiser til ein annan stad og burar seg inne. Ofte er sjølve forskinga gjort, men ein treng rom og ikkje minst samanhengande tid til å skriva, seier Miles.

— Slik det er no, vert dagane delt i små bitar.

«Det er fullt»

Miles er førsteamanuensis i engelsk litteratur ved Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen. Ho inviterte med seg Åsta Haukås, professor i framandspråksdidaktikk og tysk, Carolina Amador-Moreno, som er førsteamanuensis i engelsk lingvistikk, Claire Ghetti, førsteamanuensis i musikkterapi ved Griegakademiet – Institutt for musikk og Nafeesa Tarajee Nichols. Ho har hovudstilling som førsteamanuensis i engelsk litteratur, kultur og didaktikk ved Høgskulen på Vestlandet, men har òg ei mellombels stilling som førstelektor i engelsk litteratur ved UiB.

Alle dei fem fortel om dei same røynslene: Dei får ikkje tid til alt dei skal gjera. Dagane vert fulle av undervisning, administrative oppgåver, råd og utval. I tillegg kombinerer dei fleste kvinnene forskarliv med familie og barn.

— I stillinga vår er det 46 prosent forsking. Eg ønskjer meg ein plan som seier at «det er fullt», at nokon passar på meg slik at eg ikkje kan ta på meg andre oppgåver og at eg dermed får forska, seier Haukås.

— Eg prøver av og til å seia nei, men då får eg ofte skuldkjensle fordi andre må ta den jobben.

Ghetti fortel at ho er fagkoordinator. I tillegg leiar ho eit stort forskingsprosjekt, og skal eigentleg vera 70 prosent frikjøpt til det.

— Eg ønskjer at eg kunne seia at «dette er min forskingsdag». Slik det er no, forsvinn timane, og eg må nytta kveldar og helger til å forska. Eg er den på instituttet som fiksar kopimaskina og passar på at oppvaskmaskina vert sett på.

Fire av dei fem kvinnene høyrer til Det humanistiske fakultetet. Fakultetet har ein kvinnedel på vel 47 prosent av dei vitskapelege årsverka. Institutt for framandspråk har den høgaste kvinnedelen, med over 60 prosent.

Færre kvinnelege professorar

Men ser ein på kor mange kvinner som er professorar, er det under halvparten. Dei siste åra har kvinnedelen gått ned. Ved Griegakademiet er berre kvinner i 11 prosent av professorårsverka.

Ser ein på norske universitet, er det OsloMet som har den høgaste prosentdelen av kvinner i vitskapelege stillingar. UiB er verst i klassen blant dei gamle breiddeuniversiteta.

Tala universitetet sjølve rapporterer, er 56 prosent av stipendiatane kvinner, 48 prosent av postdoktorane, nesten like mange, 47 prosent, av førsteamanuensane – og 30 prosent av professorane.

Carolina Amador-Moreno har nett flytta til Bergen frå Spania, saman med ektemann og to barn.

Jobba om natta

UiB har det forskingsrådsstøtta Balanse-prosjektet. Det skal gjera det lettare for kvinner å kvalifisera seg for professorstilling. Miles fortel at ho har vore med på prosjektet og at det var nyttig.

— Men eg saknar oppfølging etterpå. Eg veit heller ikkje om nokon av kvinnene som var med fekk opprykk, seier ho.

Amador-Moreno skildrar ein hektisk kvardag. Med to barn på seks og ti var koronavåren tøff.

— Ein får skuldkjensle fordi ein ikkje gir familien tid, og skuldkjensle overfor kollegaene. Det finst forsking som viser at kvinner har fått forska mindre under pandemien, seier ho, og legg til:

— For første gong fekk eg ikkje gjort alt eg ville. Eg stod opp om natta og jobba.

Haukås har tre barn, og seier at det er ho som er den store organisatoren i familien. Barna er aktive, og må både køyrast og hentast.

— Eg jobbar til alle tider. Eg sjekkar epost når eg står opp, og eg sjekkar epost når eg legg meg. Og eg svarar fortløpande på alt. I vår, då alt var stengt, fekk eg faktisk skrive ein del, fordi eg då ikkje skulle gjera tusen andre ting.

Ønskjer oppfølging

Med pandemien inne i andre fase, er tilsette attende på heimekontora sine. Dei som underviser, må gjera det digitalt. Då samfunnet sakte men sikkert opna på forsommaren, sa Curt Rice, rektor ved OsloMet og leiar i Komite for likestilling og mangfald i forsking (Kif-komiteen), at han meinte at kvinner burde prioriterast og få koma først attende til kontoret.

— Uroa er at dersom ein skal ha heimekontor lenge, vil ein kunne sjå ein langvarig effekt – særleg for forskarar som er tidleg i karrieren. Eg tenkjer på småbarnsforeldre, og eg tenkjer på kvinner, som arbeider meir heime enn menn, sa Rice til Khrono i byrjinga av mai.

Harriet Bjerrum Nielsen, professor emerita ved Universitetet i Oslo, sa i ei anna sak i vår at kvinner sin publiseringsrate går ned når dei får barn. Dette skjer sjølv om dei er i full jobb.

— Dette er truleg eit uttrykk for at dei tek mest ansvar på heimefronten. Dei set karriere på vent i større grad enn menn, sa Nielsen.

Nafeesa Tarajee Nichols etterlyser eit system der ein som forskar vert følgd opp, at nokon spør kva ein treng.

— Då kan ein seia kva ein har gjort, kva ein ønskjer å gjera – og kva som hindrar ein.

Korpsmappe og eldstemann sine fysikkbøker liggande på heimekontorbordet viser organisatorlivet - og professorlivet - til Åsta Haukås.

Skrivefellesskap

Den nye, delvise nedstenginga gjorde at skriveseminaret måtte avlysast denne gongen. I tillegg har fleire av kvinnene no barn heime i karantene.

Men Miles innleier intervjuet, som går føre seg på Zoom, med følgjande beskjed:

— Eg har vunne ein gong til! Eg har levert inn søknad kvar gong lenge, men aldri vunne før.

Det betyr at det kan verta skriveseminar på nyåret – men då i nokre vekedagar.

Miles fortel om mannlege forskarar ho kjenner som fortel at «neste veke er det hytteveke».

— Det er jo ikkje alle som har ei hytte. Men ved å seia det, gjer ein seg utilgjengeleg og får tid til forskinga.

Haukås seier at ho set pris på skrivefellesskapet. Ho seier at Miles kunne valt å reisa åleine, og sjølv kunne ho nytta faren si hytte.

— Det er verdien av å vera saman med andre i same situasjon, dela tips om skriving og forplikta seg til ulike skrivemål for dagen og kunne lufta frustrasjonar som gjer slike skriveopphald ekstra meiningsfulle. At nokon på slutten av dagen faktisk spør kva ein har fått gjort i dag.

Prorektor: Må seia nei

— Dette er ikkje ei nyheit, dessverre, seier prorektor for forsking ved UiB, Margareth Hagen.

Ho peikar særleg på to ting som er viktige for å gjera noko med likestillinga: Kulturen ved institusjonen, som særleg kan visa seg i rekrutteringsprosessar, og planlegging. Det siste meiner ho forskarane sjølve må vera medvitne om, i samarbeid med instituttet.

Forskarane må sjølve ha ein plan, og instituttet må legga til rette, seier prorektor Margareth Hagen. Ho vil også gjerne sjå fleire kvinner i leiarstillingar både på institutt- og fakultetsnivå.

— Det er instituttleiar si oppgåve å legga til rette, til dømes for at ein kan få rettleia mange nok kandidatar til å kunne søkja opprykk. Førsteamanuensane må sjølve sjå på professoropprykk som eit prosjekt, legga ein plan for når ein ønskjer å søkja og arbeida målretta mot det slik at dei fyller dei ulike krava, seier Hagen.

Ho seier at instituttleiar òg kan legga til rette gjennom å seia at ein tilsett kan undervisa mindre og forska meir ein periode.

— Så kan ein ta att undervisninga seinare.

— Bør kvinner òg verta flinkare å seia nei til ymse verv?

— Ja, seier prorektor.

Ho er sjølv både professor og mor, og meiner graviditet, fødsel og småbarnsliv ikkje er ei god nok forklaring på kvifor det er færre kvinnelege professorar enn mannlege.

— Men balansen er ikkje god nok, seier ho.

— Det vert snakka om at i nokre tilfelle kjem det ein hotshot frå utlandet – gjerne ein mann – som vert tilsett framfor ei kvinne, fordi han har fått publisert meir. Kan ein framleis kombinera forskarliv og familieliv i Noreg?

— Ja, eg trur ikkje ein må velja. Ein kan velja å bruka heile livet på jobb, og akademia er veleigna til det, men det er òg mogleg å ha eit vanleg familieliv med søndagsturar og anna. Eg trur dette er ein fordel for Noreg, og noko utanlandske arbeidstakarar som kjem hit òg verdset, seier Hagen.

Powered by Labrador CMS