Storbritannia

Få studentar med dårleg råd går på prestisje­universitet

Dei fattigaste studentane i Storbritannia er like underrepresenterte på toppuniversiteta som for 25 år sidan, sjølv om dei har gode nok karakterar.

Studentar frå område og familiar med lite utdanning og dårleg råd er framleis få på britiske prestisjeuniversitet. Bildet er av King King's College ved Universitetet i Cambridge.

Det har snart gått eit kvart hundreår sidan tidlegare statsminister Tony Blair lanserte Labours utdanningsrevolusjon der målet mellom anna var å jamne ut sosiale forskjellar i høgare utdanning.

Men trass i ein auke på 60 prosent i talet på unge som går på universitetet, er studentar frå familiar med lite pengar like underrepresenterte som før på britiske prestisjeuniversitet, ifølgje avisa Financial Times.

Talmaterialet kjem frå the Sutton Trust, ein organisasjon som arbeider for eit meir rettvist utdanningssystem, og vart lagt fram på tampen av Labour-partiets landsmøte denne veka.

— Heilt sidan Tony Blair for 25 år sidan sa at prioriteringa hans var «utdanning, utdanning, utdanning», har vi sett nedprioritering frå regjeringar i tur og orden, som går utover dei minst privilegerte, seier grunnleggaren av Sutton Trust, Sir Peter Lampl, som kallar utviklinga for «skuffande».

1 av 13

Statistikk viser at delen 18-åringar som studerer på universitet generelt har gått opp frå 22 prosent i 1997 til 35 prosent i 2021. Men på prestisjeuniversiteta som er del av The Russel Group ser bildet eit anna. The Russel Group er ein interesseorganisasjon for 24 forskingsuniversitet med sekretariat i Cambridge.

På desse universiteta var 1 av 13 studentar på lågare grad frå område i Storbritannia der færrast tar høgare utdanning — mot 1 av 7 på andre universitet.

I 2020 var talet på studentar frå dei tradisjonelt minst representerte områda 11 prosent lågare enn forventa, basert på ei samanlikning med kor mange studentar med like gode karakterar som studerer liknande fag på andre universitet.

Dermed er færre studentar i denne kategorien å finne på prestisjeuniversiteta i dag enn i 1997, ifølgje Financial Times.

— Høge levekostnader

— Dei som har ein bakgrunn med foreldre med lite utdanning har ein tendens til å vere mindre mobile og mindre villige til å ta opp gjeld, seier forskar og professor ved Universitetet i Manchester, Andy Westwood til avisa.

— Det gjeld ikkje berre studieavgifter, men også det som går til levekostnader, som er blitt mykje høgare i løpet av dei siste åra. Dette gjer at dei er mindre tilbøyelege til å søke, sjølv om dei har gode nok karakterar

Ifølgje The Russel Group har det blitt langt fleire studentar frå underrepresenterte grupper. I løpet av dei siste fire åra har studentar frå desse gruppene auka med meir enn 50 prosent, ifølgje organisasjonen.

Powered by Labrador CMS