styremøte

Får halda fram arbeid med nybygg

Stortinget har sagt ja til at Universitetet i Bergen kan halda fram arbeidet med prosjektering av nybygg for Griegakademiet. Sjå styremøtet direkte her.

Martine Jordana Baarholm, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal, Margareth Hagen, Sandra Krumsvik og Frode Thorsen utanfor Nygård skole, der Griegakademiet held til i dag.
Martine Jordana Baarholm, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal, Margareth Hagen, Sandra Krumsvik og Frode Thorsen utanfor Nygård skole, der Griegakademiet held til i dag.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Musikkstudentane ved Universitetet i Bergen (UiB) har ikkje eigna lokale. I statsbudsjettet for både 2018 og 2019 låg det inne pengar til prosjektering av nybygg. Men desse pengane var tekne ut i 2020, og låg heller ikkje inne i forslaget til budsjett for 2021 - sjølv om UiB sa at dei kunne stilla med eigne midlar til prosjekteringa.

No kan UiB likevel halda fram arbeidet. I ei av sakene som skal opp til handsaming på dagens universitetsstyremøte, heiter det at UiB kan bruka 32 millionar kroner på prosjektering av nybygg.

Møtet startar klokka 10, og du kan sjå det direkte her.

Synfaring med stortingspolitikarar

I sakspapira vert det vist til at ein rapport frå Statsbygg seier at å få ferdig forprosjektet vil kosta 32 millionar kroner. Ni av desse millionane er sett av i UiB sitt budsjett for 2021, resten må dekkast innanfor 2022-budsjettet. Det har allereie vore oppstartmøte mellom UiB, Kunnskapsdepartementet og Statsbygg.

Endringa kom i gang etter at Martine Jordana Baarholm tok kontakt med Framstegspartiet si stortingsgruppe. Baarholm er nestleiar i Studentparlamentet ved UiB og i tillegg leiar for Vestland FpU, og etter at ho tok tak i saka, fekk komiteleiar Roy Steffensen partiet med på ein merknad til forslaget til statsbudsjett.

I slutten av januar var representantar frå Frp i Bergen for å sjå på bygget.

— Me har fått stadfesta det me allereie visste. Forholda er langt frå gode nok til å bruka til musikkundervisning. Det er viktig at me får på plass eit moderne musikkbygg som er verdig studentane og kulturbyen Bergen, seier Helge André Njåstad frå kommunal- og forvaltningskomiteen i ei pressemelding.

Glade for å kunne halda fram

Njåstad deltok på ei synfaring saman med partifelle Silje Hjemdal, UiB-rektor Margareth Hagen, studentleiar Sandra Krumvik og Frode Thorsen, som er dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design. Thorsen har, som Khrono har skrive, jobba for nybygg i tjue år.

— Dersom prosjektet hadde stoppa opp no, hadde me fått store forseinkingar. Difor er eg veldig glad for at Frp fekk fleirtal for merknaden i statsbudsjettet, slik at UiB kan halda fram med planlegginga av nybygget utan forseinkingar, seier Hjemdal i pressemeldinga.

Det same seier rektor Margareth Hagen.

— Eg er glad for at studentparlamentet, fakultetsledelsen, UiB og politikarane har kome saman og funne ei god løysing på ei viktig sak.

Informasjon om gransking

Pengane til Griegakademiet ligg i saka om revidering av masterplan for areal. Elles skal styret mellom anna verta informert om vidare saksgang i den eksterne granskinga dei har bestilt om arbeidslivsportalen og samarbeidet mellom tidlegare rektor Dag Rune Olsen og tidlegare NHO-topp Tom Knudsen.

S 7/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 8/21 Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret 7.1.2021
S 9/21 Fullmakts- og referatsaker og diverse referater m.v.
S 10/21 Orientering om universitetets beredskapsarbeid i forbindelse med koronaviruspandemi (COVID -19)
S 11/21 Tildelingsbrev for 2021 fra Kunnskapsdepartementet
S 12/21 Økonomirapport 2020
S 13/21 Årsrapport for Universitetet i Bergen 2020 - styrets beretning
S 14/21 Fremragende forskning ved Universitetet i Bergen
S 15/21 Systematisk kvalitetsarbeid ved UiB sin ph.d.-utdanning
S 16/21 Revisjon av Forskrift for graden doctor philosophiae (dr.philos.) ved Universitetet i Bergen
S 17/21 Orientering om status for Arqussamarbeidet
S 18/21 Oppfølging av universitetets Masterplan for areal
S 19/21 Internrevisjonsrapport delprosjekt nr. 2020/03 "Gjennomgang driftsavtaler"
S 20/21 Endring av regler for styringsorganene og mandat for ekstern styreleder
S 21/21 Reviderte statutter for Ludvig Holbergs Minnepris
S 22/21 Videreføring av Bergen Center for Competition Law and Economics (BECCLE)
S 23/21 Redelighetsutvalgets årsmelding 2020
S 24/21 Gjennomgang av sak om praksisportal – prosess for videre arbeid
S 25/21 Muntlige orienteringer
a) Innføring SAP
b) SARS-Fang
S 26/21 Forslag på eksterne styremedlemmer 2021-2025Unntatt offentlighet - Ettersendes
Eventuelt

Powered by Labrador CMS