Russland
Får kritikk for å tillate russisk forskingstokt på norsk sokkel
Noreg gir russisk forskingsskip løyve til tokt på norsk kontinentalsokkel. Regjeringa forstår ikkje trusselen, meiner forskar ved Sjøkrigsskolen.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er Dagbladet som skriv om det planlagde russiske forskingstoktet, som skal gjennomførast i perioden 26. august til 22. oktober med forskingsskipet «Akademik Sergey Vavilov».
Forskar ved Sjøkrigsskolen, Ina Holst-Pedersen Kvam, meiner den norske regjeringa med dette opnar for mogleg sabotasje og etterretningsaktivitet.
— Her forstår ein tydelegvis ikkje kva slags trussel ein står overfor. Akademik-klassen er ei nemning for ei rekke russiske fartøytypar som dei fleste Nato-land vel å vakte seg for. Fleire av desse er knytte til marinen eller Generalstabens eigen «havforskingsdivisjon», medan andre er sivilt organisert, seier Kvam til avisa.
Trass i sivil utsjånad på fartøya, er fellesnemnaren «generelt lumske motiver», ifølgje Kvam. Ho peikar på at «Akademik Sergey Vavilov» har undervassfarkostar om bord som kan plassere lytte- og sabotasjeutstyr på fiberoptiske kommunikasjonskablar eller robotiserte sonarsystem på havbotnen for å overvake ubåttrafikk.
UD: Har gitt løyve
Utanriksdepartementet (UD) viser i svar til Dagbladet at Noreg berre unntaksvis har rett til å nekte forsking utanfor territorialfarvatnet, det vil seie lenger enn 12 nautiske mil frå kysten. «Til denne søknaden har Utenriksdepartementet på vanlig måte fått innspill fra andre deler av forvaltningen. Vi har gitt skipet tillatelse til å forske utenfor norsk territorialfarvann, slik det ble søkt om, og i tråd med våre forpliktelser etter havretten», skriv UD.
Dette dempar ikkje Kvams uro. Til Dagbladet seier ho mellom anna at det er ei kjent sak at russiske etterretningsavdelingar brukar sivile forskingsmiljø til spionasje. I dagens krigs- og konfliktsituasjon er dette særleg uheldig, ifølgje forskaren.
— Det er liten tvil om at Kreml ser det som reelt at Ukraina-krigen kan eskalere ut av kontroll til eit scenario der Russlands strategiske atomubåtar og andre kjernefysiske styrkar på Kola-halvøya kjem meir i spel, seier ho.
Ho peikar på at nordområda dermed vil kunne bli sentrale for konflikten mellom atommaktene og norske hav- og landområde slagmark for både Nato og Russland.

Nylige artikler
Førsteamanuensis ved UiT får skriftlig advarsel
Ikke legg ned Akademisk dugnad
NTL og de andre
Mann (58) sverger til ukulele
Forskningsrådet myker opp reglene for karantene
Mest leste artikler
Delstaten Florida boikotter fem norske universiteter
Ouriginal fant 98 prosent tekstlikhet. Advokat mener det kun er 0,94 prosent
Svarer «langsom professor»: — Ikke mulig å drive toppforskning med norsk arbeidsmoral
Hardt ut mot stempel som ekstrem. — Orwellsk nytale
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert