utdanning

Fleire studentar til fleksible utdanningar

Talet på studentar som tar ei fleksibel grunnutdanning har gått opp. Det kompenserer likevel ikkje for nedgang på ordinære studium.

Totalt gjekk 11 prosent av studentane gjekk på fleksible studieprogram i 2024, mot 7 prosent i 2016. Nord universitet tilbyr mellom anna samlingsbasert barnehagelærarutdanning på Stokmarknes i Vesterålen (bildet).
Publisert Sist oppdatert

Det viser eit notat frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir).

Notatet gjer greie for omfanget av fleksible grunnutdanningar. Det vil seie nettbaserte og deltids- og samlingsbaserte studium.

Blant dei over 40 år tok nesten halvparten fleksible studiar. 

I dei yngste aldersgruppene er det derimot få som vel fleksible utdanningstilbod: Berre 2 prosent av 19-åringane gjorde det. Det er heller ingen teikn til at fleire av dei yngste begynner på fleksible studieprogram.

Økonomi og administrasjon

Auken i talet på fleksible studentar sidan 2016 er i hovudsak konsentrert på nokre få studium, og særleg på økonomisk-administrative fag, viser notatet. Elles er auken størst på historisk-filosofiske fag og bachelorgradar i pedagogikk og spesialpedagogikk.

Både barnehagelærar- og sjukepleieutdanninga har eit stabilt høgt antal fleksible studentar.

På barnehagelærar- og sjukepleiarutdanningar er det eit stabilt høgt antal av fleksible studentar.

Totalt gjekk 11 prosent av studentane på fleksible studieprogram i 2024, mot 7 prosent i 2016.

Flest ved Innlandet og UiT

Ved dei statlege institusjonane har det samla sett vore ein nedgang på nesten 2 200 studentar på ordinære studium, og auken på fleksible studium kompenserer ikkje fullt ut for dette. 

Nedgangen i talet på ordinære studentar skjer særleg på campusar utanfor store byar.

Av statlege institusjonar er det Universitetet i Innlandet og UiT Noregs arktiske universitet som tar opp flest fleksible studentar.

Datamaterialet omfattar grunnutdanningar, det vil seie utdanningar som fører fram til bachelorgrad, integrert mastergrad, profesjonsutdanning eller høgskulekandidatutdanning.

Powered by Labrador CMS