Følg Nesna-konferanse direkte
Kva betyr Hurdalsplattforma for Helgeland og Distrikts-Noreg? Det er tema på ein konferanse dagen etter at statsråden sa at Nord universitet kjem attende til Nesna.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland har det siste året arrangert seks utdanningspolitiske konferansar der dei har samla sentrale fagpersonar innanfor utdanning, forsking og samfunnsdebatt.
2. desember kl 13 arrangerer dei den sjuande konferansen. Dette skjer altså dagen etter at Ola Borten Moe har sagt at Nord universitet igjen skal tilby høgare utdanning på Nesna.
Borten Moe er av dei som deltek, saman med mellom anna finansminister Trygve Slagsvold Vedum. Tema er «Kva betyr Hurdalsplattforma for Nesna og distrikts-Noreg?».
Folkeaksjonen skriv sjølv om arrangementet at dei er urolege over at regjeringa gjennom tilleggsproposisjonen har erstatta dei klare formuleringene i Hurdalsplattformen med mindre forpliktande formuleringar om «et lærested».
— Eit «lærested» inkluderer utdanningsinstitusjonar av ulike typar og inkluderer og mindre studiestader med begrensa tilbod og forpliktelsar. Me ønskjer difor å løfta fram visjonane i Hurdalsplattforma og peika på kva dei betyr for Helgeland og Distrikts-Noreg?
Viktige spørsmål i denne samanhengen vil vera: Korleis skaffe lærarar, barnehagelærarar og sjukepleiarar til distriktskomunane over heile landet?
Konferansen ser du direkte her.

Nylige artikler
Forskere fant nesten 300 artikler med falske referanser
Masteroppgaven statsråden ønsker seg finnes allerede
Kåre Svensson (1961 — 2026)
Reagerer på lavere forskningsinnsats
Bør vi se på SFI-ordningen?
Mest leste artikler
Da styret skulle dele ut 90 millioner, var åtte av ti medlemmer inhabile
— Aktører ville stoppe munnen på meg
Slutt på skriftleg eksamen for ex.phil.-studentane
De fleste har enekontor og faste plasser. Men det er to unntak
Forsker hevdet at død pasient ga samtykke