universitetet i bergen
Går mot raude tal i år, og 2023 kan verta verre
Fleire av einingane ved Universitetet i Bergen rapporterer om ein krevjande økonomisk situasjon. Når universitetsleiinga no presenterer budsjett for 2023, er det heller ikkje lysteleg lesing. Sjå styremøtet direkte her.
:Det er ikkje vidare lysteleg lesing, det som står i styrepapira til Universitetet i Bergen (UiB). Det handlar om budsjett for 2023, og følgjande er ei skildring av det som er føreslege via statsbudsjettet:
Det er ikke lagt inn noe til hjelp og kompensasjon for de svært høye energikostnadene, ingen midler til nybygg for Griegakademiet og heller ikke nye studieplasser til medisin (Vestlandslegen). ABE-kuttet er erstattet med to andre kutt som til sammen utgjør 1,1 %. Andre forslag som påvirker UiBs budsjett, er utfasing av mer enn 200 studieplasser tildelt i revidert nasjonalbudsjett 2020 (koronaplassene) og en reduksjon fra 8,0 til 1,2 mill. kroner i den økte kompensasjonen for BOA-delen av pensjonskuttet som UiB fikk i revidert nasjonalbudsjett 2022.
Dette gjer at universitetsdirektøren fryktar eit nytt år med redusert kjøpekraft.
Universitetsstyremøtet startar kl 9 torsdag 27. oktober, og du kan sjå det direkte her:
125 millionar meir i energikostnader
2023 vert truleg eit år utan rom for store sprell. Dersom energikostnadane held seg, vil meirforbruket her kunne verta 125 millionar kroner.
Summen er føreslege dekka inn mellom anna ved å auka internhusleige og kutta hos dei ulike einingane.
Det vil vera lite rom for omdisponering, heiter det i sakspapira.
Kan enda med å gå i minus
Men allereie i år er det fleire av einingane som slit. Dette gjeld særleg Det medisinske fakultetet, Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet og fellesadministrasjonen. Det gjer dei sjølv om bidrags- og oppdragsinntektene (BOA) er høgare enn det som var budsjettert med.
Totalt sett legg einingane opp til ei negativ overføring på opp mot hundre millionar kroner i sine budsjett. Universitetsdirektøren skriv i saka om økonomirapport per august at det ikkje er uvanleg at ein er meir pessimistisk når ein legg budsjetta enn kva som vert resultatet til slutt. Men i år er det fare for at UiB totalt sett kan enda med eit negativt resultat. Dette er òg særleg knytt til usikre energikostnader.
Sakslista
Her er heile sakslista:
S 84/22 Godkjenning av innkalling og saksliste
S 85/22 Godkjenning av protokoll fra møter i universitetsstyret 15.09.og 12.10.2022
S 86/22 Fullmakts- og referatsaker og diverse referat m.v.
S 87/22 Økonomirapport per 2. tertial 2022
S 88/22 Rekneskap for Universitetet i Bergen andre tertial 2022
S 89/22 Budsjett for Universitetet i Bergen 2023
S 90/22 Innspel til statsbudsjettet 2024
S 91/22 Universitetets klimarekneskap 2021
S 92/22 Nye SFF-senter ved UiB
S 93/22 UiB FRAM- Rammevilkår for kvalitet i forsking. Status og oppfølging
S 94/22 Status for UiB Ferd Karrieresenter for yngre forskere
S 95/22 Årsrapport fra Læringsmiljøutvalget 2021/2022 og forslag om endring i samansetjing av utvalet
S 96/22 Ny organisasjonsmodell for Khrono
Eventuelt
Nyeste artikler
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Stipendiat tapte rettssak, må betale 250.000 kroner
Menneskene først: Teknologiens sanne verdi ligger i å forstå virkelige problemer
Klar for et kvantesprang?
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord