Vis meg ditt kontor

Gjett kva Marion er avhengig av på kontoret

Frå kontoret til Marion Solheim ved Universitetet i Bergen treng ingen å gå tørste ut.

Marion Solheim med sine kjære raude og blå Red Bull-boksar. Diplombevisa frå karrieren hamnar i andre rekkje.
Publisert Sist oppdatert

Den søtlege dufta er der i same sekund som heisdørene opnar seg i 4. etasje i Armauer Hansens Hus på Haukeland. Her på Det medisinske fakultet er det ikkje eit direkte helsebringande ærend vi er ute i denne gong — men vi lar det stå til. Tipset om å besøke kontoret til senior kommunikasjonsrådgjevar Marion Solheims var for freistande for Khronos nye serie Vis meg ditt kontor

Fakta

Vis meg ditt kontor

  • I en artikkelserie presenterer Khrono mangfoldet av kontorer i akademia.
  • Har du et kontor eller en kontorplass du ønsker å vise fram — eller kjenner du noen som burde være med i Khronos kontorserie?
  • Ta kontakt med redaksjonen@khrono.no

Kontorutsikta vestover er upåklageleg. Bergen bada i sol — tru det eller ei. Men synet av den skinande byen kjem i skuggen av eit anna, skinande syn: akademias kanskje største samling av Red Bull-boksar.

— Kva i all verda, Marion Solheim?!

Ho responderer med ein høg og smittande latter.

Eit titals boksar står klare til resirkulering, men om ein liten månad vil det sjå heilt likt ut igjen. Vi har hamna hjå ein ekte Red Bull-entusiast. For å bruke eit forsiktig ord.

Høgt snitt

— Kva er historia her?

— Det byrja for snart 18 år sidan. Eg hadde fått tvillingar, verdas søtaste jente og gut, som eg var åleine med. Så var dei som mange andre i mi slekt — svært livlege. Og der sat eg, og trong noko for å halde meg vaken.

— Då blei det Red Bull?

— Ja. Og eg hadde ikkje ein gong smakt det før. Eg drikk ikkje kaffi ein gong! Så eg er ikkje van med det der koffeinkicket. Men eg skal love at det slo inn.

— Første skot er gratis. 

— Ha-ha. Ikkje sant. Og sidan var det fleire ungar og jobb og alt som følgjer med, så eg har berre halde fram med å kose meg med Bullen min.

— Kor mange per dag er det vi snakkar om her?

— Nja, det kjem heilt an på korleis dagen er.

Fakta

Marion Solheim

  • Alder: 46
  • Arbeidsstad: Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen
  • Stilling: Senior kommunikasjonsrådgjevar
  • Har hatt dette kontoret sidan: 2015

— Om det er ein litt dårleg dag?

— Då kan det fort bli fem stykk. Men i snitt? Kanskje to-tre. Både blant kollegaer og venner er Red Bull-drikkinga eit kjend fenomen. Eg fekk ei stor og flott Red Bull-lampe av nokre venner av meg.

— Kvifor stoppe der? Du har sett desse Red Bull-bilane som køyrer rundt omkring …?

— Nei, der går grensa. Ingen Red Bull-bil på meg, seier ho og ler hjarteleg.

Fem kjappe

— Kva har du på kontoret ditt som ingen andre veit noko om?

— Ullhue og teppe. Eg er ein skikkeleg frostpinn, og vi bur trass alt i Bergen der vêret kan snu på ein femøring. Men eg er budd, som dei seier. Eg har altså eit teppe eg kan slenge over meg når eg sit framfor PC-en. Ikkje fordi det er så grusomt kaldt inne, men det blir ekstra koseleg. Og varmt, hehe. Og så er det alltid greitt å ha ei hue liggande om det pissregnar og er kaldt ute og du må vente på bussen. Når eg tenker meg om, må eg få ein reserveparaply hit også.

 — Korleis ville du klart deg i eit ope kontorlandskap?

— Eg jobba i ope landskap før, men det ville nok blitt veldig hardt å gå tilbake til det. Rett og slett fordi eg elskar kontoret mitt. Ord blir faktisk fattige. Dette er plassen eg kan konsentrere meg, eg kan drøse med spennande forskarar om spennande forsking, eg kan preike i telefonen med journalistar og le høgt i lag med folk utan å forstyrre nokon. Hadde eg fått lov, så hadde eg glatt overnatta på kontoret i ny og ne!

— Bortsett frå PC-en og telefonen, kva er det viktigaste du har på kontoret?

— Viktig og viktig, fru Blom … Reint teknisk treng eg ikkje anna enn PC og telefon; eg er ikkje så nøye på om kontorstolen er tipp topp eller om pulten senkar og hever seg. Men altså, om det brann på kontoret og eg berre kunne røske med meg ein einaste ting … då måtte det bli den vakre, gamle vimpelen til gamle Sogn og Fjordane fylkeskommune, som vart funne på eit gammalt lager for lenge sidan og nesten (!) kasta. Men fylkesvåpenet er like vakkert no som den gong då, må vite.

Hadde eg fått lov, så hadde eg glatt overnatta på kontoret i ny og ne!

Marion Solheim

— Kor viktig er det for deg at kontoret er ryddig?

— Det er i det heile ikkje viktig med eit ryddig kontor for min del. Tvert om, vil eg seie. Eg diggar å komme inn på kontor der han eller ho som sit der har sett sine spor; det kan vere bøker opp til taket, det kan vere ein veldig fascinasjon for pyntefuglar eller tekniske duppedittar. At kontoret gjenspeglar den som jobbar der, synest eg berre er spennande. Og desse kontora er sjeldan veldig ryddig. Det er ofte det glade kaos, og kvifor ikkje? Whatever floats your boat, som dei seier. Viktigaste er vel at ein jobbar godt på kontoret, tenker no eg.

— Kva fortel kontoret om deg som person?

— Fargestiftane som ligg spreidd vil nok avsløre at eg av og til tek med meg pjuske ungar på kontoret. Det same vil vel dei påfølgande teikningane hengt opp rundt om. At eg likar Red Bull er enkelt å sjå, og ingen kan påstå at her sit det ein superryddig person. Men kanskje ein kreativ sjel. Nerdefaktoren i bokhylla er tidvis høg, med gamle permar fulle av dokument som går heilt tilbake til då svineinfluensaen herja, på ekte! Eg har alltid hatt interesse for pandemiar, og det kjem jo godt med her på det medisinske fakultet.

Powered by Labrador CMS