Språk
Halv ordbok blir endeleg heil
Norsk Ordbok, det største ordbokverket for norsk, er endeleg komplett på nett.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
For første gong sidan Norsk Ordbok vart overført til Universitetet i Bergen i 2016, blir ny ordboktekst publisert. I tillegg kjem ein prøveversjon av ei ny søkeside. Der kan brukarane søke i heile ordboka ikkje berre i delar av alfabetet, som tidlegare.
— Fram til no har vi i praksis berre hatt ei halv nettordbok, seier ordbokredaktør og språkforskar Gyri Smørdal Losnegaard til uib.no.
Norsk ordbok er rekna som ein grunnstein i den nynorske kulturarven, og har meir enn 330 000 oppslagsord. Det gjer det til det største ordbokverket for norsk. Grunnlaget for ordboka vart lagt i arbeidet til Ivar Aasen, som systematiserte dialektane og la grunnlaget for det nynorske skriftspråket. Det var Aasen som stod bak den første utgåva av ordboka i 1873.
Arbeidet med ordboka slik vi kjenner ho i dag, starta allereie i 1930, i regi av Samlaget. I 1972 tok Universitetet i Oslo over. Men det var med naud og neppe redaksjonen greidde å fullføre det langvarige arbeidet med verket, etter at UiO i 2014 bestemte seg for å seie opp dei fleste medarbeidarane i prosjektet.
Universitetet i Bergen overtok arbeidet med oppdatering og digitalisering av ordboka i 2016.
Ifølgje Losnegaard er det særleg språknerdane som no har grunn til å glede seg.
— Ordboka er nok mest for avanserte språkbrukarar som studentar forskarar og lærarar i skulen. Samstundes veit vi jo at nordmenn generelt har ei stor interesse for språk, både for dialektane våre og for skriftspråket, men òg for etymologien, altså orda sitt opphav og historie. Vi trur difor at boka har ei ganske stor målgruppe, og no når heile verket er tilgjengeleg på nettet, vert ho også mykje enklare å bruke, seier Losnegaard til uib.no.

Nylige artikler
Debatten trenger klarere begreper
Hun vil ha et eget, militært doktorgradsprogram
Bruk NPM-verktøyene til nødvendig profesjonalisering
Har stilt 150 spørsmål — 10 handla om forsking
Fra frie katter til lydige sauer?
Mest leste artikler
Søknaden ble vraket. Klage ga ny sjanse og tommel opp
Store forskjeller mellom de mest og minst fornøyde studentene i sykepleie
Oppfordrer til sensurnekt
Ho veit at det kjem ein ny, vondarta svulst. No har ho tatt doktorgrad
Forskningsetikk: Dette synes forskere er mest uakseptabelt å gjøre