Adventskalender
Håpar på ein god modell for finansiering av ulike typar universitet
2022 var året der det vart varsla strammare økonomi for universiteta og høgskulane. Og nok ein gong har dei vist at dei kan tilpassa seg, seier viserektor Ingvild Marheim Larsen.
Ingvild Marheim Larsen er viserektor for utdanning ved Universitetet i Søraust-Noreg.
— Korleis vil du oppsummera 2022 med universitets- og høgskulebrillene på?
— Ei blanding av glede over at Noreg opna opp etter pandemien og mykje uro, kan vel skildra 2022. Mykje i Noreg vert lite i den store samanhengen, men i sektoren vår er det særleg dei økonomiske problema i Forskingsrådet og taktskiftet i budsjetta til sektoren som varslar om tøffare økonomiske tider. Men òg uroa pandemien bidrog til fyrste delen av året. Desto meir gledeleg var det at studentar og tilsette kunne koma attende til universitetet på vårparten. På den positive sida viser universitets- og høgskulesektoren seg nok ein gong som utruleg fleksibel og i stand til å handtera store endringar og utfordringar.
— Kva er det kjekkaste du har vore med på i universitet- og høgskuleverda i år, og kvifor?
— Her er det mykje å velja i. Eg byrja i denne jobben under pandemien og har vore altfor lite rundt på universitetet og møtt studentar og tilsette fysisk. At samfunnet endeleg opna i vår har gjeve mange fine møte som dei digitale flatene ikkje opnar for. Om eg skal trekkja fram eitt, så må det vera semesteropninga i august med studentar fysisk til stades. Eg var så heldig å få ynskje studentane i Drammen velkomne i strålande sommarvêr til den fine campusen vår på Papirbredden.
— Kva har vore den største utfordringa, slik du ser det?
— Å ta vare på studentane under pandemien, inkludera dei i eit fagleg og sosialt læringsmiljø og sikra at dei fekk den kompetansen dei skulle.
— Kva er ditt juleynske for universiteta og høgskulane?
— Ei god og fredeleg jul! Og så får me håpa at det kjem ein god modell for finansieringa av ulike typar universitet på nyåret.
— Kva skal du gjera i jula?
— Eg skal feira med familien. Så vil vêr og føre avgjera mykje av resten.

Nylige artikler
Forsker vant rettssak mot staten. Nå blir det en ekstrarunde i retten
Student fekk stryk etter bibelske svar om kjønn. Sensor suspendert
Mindre forskningstid hindrer kvinner i å lykkes
En drivkraft i nord har forlatt oss
Anne Husebekk har gått bort
Mest leste artikler
Direktør med uheldig «klaps» på direktesendt TV
På pulten til historieprofessoren låg ein lapp med beskjed om å rydda
– Det er en borgerplikt å dele kunnskapen
Slutt på at ansatte kan bruke Airbnb og Booking.com på jobbreiser
Så mye tjente «kjendisene» i akademia