studieavgift

Hardt ut mot skulepengar under 75-årsfeiring

Den internasjonale sommarskulen ved Universitetet i Oslo markerer 75-årsjubileum. Leiar for studentparlamentet nytta høvet til å gå hardt ut mot Stortinget sitt vedtak om å innføra studieavgift for studentar utanfor EU og EØS.

Oline Sæther har uttrykt seg kritisk mot Ola Borten Moe ved tidlegare høve òg.

— Dette året bestemte den norske regjeringa at studentar som kjem frå land utanfor EØS og Sveits må betala studieavgift, samtidig som alle andre studentar får gratis utdanning. Eg synest det var ei gal avgjerd og derfor må den skrotast.

Det sa Oline Sæther, leiar for studentparlamentet ved Universitetet i Oslo (UiO) og påtroppande leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), ifølgje Uniforum då den internasjonale sommarskulen ved UiO opna denne veka.

Sommarskulen skulle ha feira 75 år i fjor, men på grunn av pandemien vart feiringa utsett til i år. Med kongen og rektor i salen gjekk Sæther ut mot det temmeleg ferske vedtaket frå Stortinget. Som Khrono har skrive, er det no vedteke at studentar frå land utanfor EU/EØS og Sveits må betala studieavgift for å kunne studera i Noreg.

470 studentar

I løpet av dei 75 åra det har vore internasjonal sommarskule ved UiO har totalt 33.000 studentar vore innom, frå mange ulike land. I år er det om lag 470 studentar som skal vera i Oslo og ta ulike kurs i løpet av dei neste seks vekene.

— Her kan de som studentar læra korleis det er mogleg å skapa fred i staden for å nøra opp under konfliktar. Derfor er det viktig å byggja opp vennskap, samarbeid og forståing. Me må vera opne for nye idear. Eg har håp, og eg trur de også har håp, sa Sæther til sine medstudentar frå Afrika, Amerika, Midtausten, Asia og Stillehavsområdet.

Rektor Svein Stølen meiner sommarskulen sine første 75 år har vore vellukka. I rektorbloggen sin skriv han at totalt har studentar frå over 150 land vorte utfordra av kvarandre sine idear og perspektiv.

— Me har jobba for å bygga tillit og gjensidig forståing. Eg håpar me skal kunne halda fram med det i mange år framover, trass i at den norske regjeringa nyleg har innført studentavgift for internasjonale studentar.

Studentane har, som Khrono har skrive, hatt gravferd for gratisprinsippet. Då sa avtroppande NSO-leiar Maika Marie Godal Dam til Khrono at det å ha internasjonale studentar i Noreg ikkje kan målast i kroner og øre.

— Me har kjempa ein hard kamp sidan forslaget kom i oktober, og me gir ikkje opp. Men me vil visa politikarane at det dei no gjer, er å gravlegga gratisprinsippet, sa Dam.

Men ikkje alle politiske parti støtta forslaget.

— Ein sorgens dag for høgare utdanning, sa Hege Bae Nyholt (Rødt) til Khrono etter vedtaket i Stortinget.

Kong Harald, Ola Borten Moe og Svein Stølen
Både kong Harald, og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe var til stades, saman med UiO-rektor Svein Stølen.

Trøndersodd og lutefisk

Uniforum skriv at studentleiaren hadde tale etter forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, så han fekk ikkje svart på det ho sa om skulepengar. Men statsråden var tydeleg på at den 75 år lange historia var noko å feira.

— Når de drar tilbake til heimlanda dykkar, kan det hjelpa Noreg med å auka eksporten av brunost, slik USA har klart med hamburgaren. Og så blir det kanskje eit internasjonalt gjennomslag for lutefisken også, spøkte han med, og han nemnde trøndersodd som ein annan lokal nasjonalrett som kunne trengt litt meir internasjonal marknadsføring, sa statsråden.

Powered by Labrador CMS