I Barentshavet er Noreg og Russland allierte og forskarane på same lag.

Havet, døden og økosystemet

Publisert Oppdatert

Dønningar frå vest løftar forsiktig på forskingsskipet «G.O. Sars», som kvar dag flyttar seg mot aust, nord for kanten av Noreg.

Det er seint på sommaren, tidleg på natta, fargane går frå sans og samling på horisonten. Ein flokk silde- og fiskemåsar har slått leir på framdekket, der dei kan skite og føne fjørdraktene sine i fred. Frå brua har førstestyrmann og Liverpool-supporter Kjell-Petter Pettersen frå Senja fabelaktig utsikt, og på radioen har han ein austerriksk slager frå åttitalet om å leve livet så lenge vi har det. Live is life. Na-na, na-na-na.

Det er nok ein arbeidsdag om bord på forskingsskipet «G.O. Sars», på tur i eitt av klodens mest fiskerike og politisk omstridde hav.

Etter Putin-regimets invasjon og blodige krig i Ukraina, er institusjonelt samarbeid med Russland stansa, både i Noreg og andre vestlege land, som ledd i sanksjonane. Men den norske regjeringa har gjort eit unntak.

Fisk og fred

Don’t mention the war.

Det er ein slags uskriven regel når norske og russiske havforskarar møtes. Slik var det også den 24. februar. Havforskar Bjarte Bogstad sat i digitalt møte i det internasjonale havforskingsrådet (ICES), med russiske kollegaer, då stridsvognene rulla inn i Ukraina.

Marinbiolog Celina Eriksson Bjånes plukkar rutinert ut øyresteinane frå ei brosme. Øyresteinane, eller otolittane, blir kalla fisken sin ferdskrivar. Frå dei kan forskarane få informasjon om alder, vekst, diett, vandringsmønster, kjønnsmodning og mangt anna. Tidlegare har norske og russiske forskarar møttest til «otolitt-workshop» for å utføre det omstendelege analysearbeidet.

— Vi var vel ganske sjokkerte på begge sider. Men vi gjorde jobben. Business as usual.

Bogstad rakk akkurat å besøke Sovjetunionen før det gjekk i oppløysing i 1991. Han er sidan den tid blitt ein av dei norske havforskarane med lengst fartstid i det norsk-russiske samarbeidet. I desse dagar er han og mange andre frå Havforskingsinstituttet i fullt arbeid med det årlege norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet.

Dette er den siste fliken av institusjonelt forskingssamarbeid med stormakta i aust. Den norske regjeringa meiner akkurat dette samarbeidet er for viktig til å avslutte.

— I Barentshavet er Noreg og Russland politisk allierte, seier ein av Noregs leiande ekspertar på norsk- russisk fiskeri- og forskingssamarbeidet i nord, seniorforskar ved Fridtjof Nansens institutt, Geir Hønneland.

Det handlar om enorme fiskeriressursar, store økonomiske interesser og livsgrunnlag for kystsamfunn på begge sider. Det handlar om ei felles norsk og russisk interesse i å halde på og handtere ressursane i Barentshavet på ein måte som gir begge ein fordel.

Det handlar også om korleis djupe faglege og personlege relasjonar mellom forskarar i to land er utvikla over lang tid. I eit stadig kaldare forhold mellom Noreg og Russland er havforskarane ei siste linje inn, ein støytdempar mot konflikt og eskalering i nord.

Informasjonen frå toktet er dessutan grunnlaget for fastsetjing av fiskekvotane.

Derfor seglar «G.O. Sars» og to andre skip frå Havforskingsinstituttet for 18. år på rad i norsk sone, og på russisk side eit skip frå søsterinstituttet i Murmansk. Målet er å kartlegge alle delar av livet i Barentshavet: frå kval til plankton og fugl til flyndre, og korleis alt påverkar alt i dette havet, som er i stadig endring, blant anna som følgje av forureining og menneskeskapt klimaendring.

Forskingsskipet «G.O. Sars» til kai i Kirkenes i naboskap med russiske trålarar, som fortsatt har lov til å ligge i norske hamner. «G.O. Sars» opererer mest i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen, men har også gjennomført tokt i Atlanterhavet og Antarktis.

Bogstad kjem også i år til å sende julekort til kollegaer, på sitt haltande russisk.

— Men i år er eg ikkje sikker på at det kjem fram. Eg er uroleg for korleis det skal bli framover, seier han.

Havmus og yoga

— Havmus er så søte!

— Nei, dei ser heilt dust ut!

— Dei er skikkeleg søte når dei er små, i alle fall!

Samtalane i salongen, denne gongen om djupvassfisken på latin omtalt som Chimaera monstrosa, er av det kompromissvillige slaget. Nesten konstant går strikkepinnane. I pausar og frivakter spring nokon på tredemølle eller løftar vekter. Eller, når godvêret slår til, yoga på dekk.

Livet om bord i eit forskingsskip kan vere fysisk krevjande, stillesitjande, variert og monotont – alt på ein gong, og i all slags vêr. På det månadslange økosystemtoktet tar dei sprekaste dekk i bruk for å halde seg i form når forholda er gode: Celina Bjånes (t.høgre), Hege Haraldsen-Lien og Lea Hellenbrecht (nedst).

«G.O. Sars» på tokt er eit finkalibrert lagarbeid, døgnet rundt. På laget finst forskarar og forskingsteknikarar, maskinistar, IT-ekspertar, matrosar og navigatørar. Medan trålbasen bøter nota, støvsugar nokon andre korridorane, medan stuerten står over grytene i byssa. Når nokon går på lugaren for å sove, står andre opp, går i maskinrommet, pakkar prøver, reparerer saunaen, plottar data eller ser etter fuglar og kval: På brua har to norske kvalobservatørar og ein ornitolog frå London fast utkikk frå morgon til kveld.

Frå der Norskehavet endar og Barentshavet startar går «G.O. Sars» heile vegen austover langs Finnmarkskysten, omtrent fram til Russland. Deretter går kursen nord i havet, og aust, tett opp til russisk sone.

På stasjonane, dei faste stoppestadene som er plotta inn i toktkartet, går eín trål djupt, ein annan grunnare, for å hente inn eit variert utval fisk og sjødyr. Ein minitrål blir også trekt gjennom vatnet for å samle inn prøver som kan fortelje om innhaldet av mikroplast og anna avfall. Frå hangaren midtskips senkar mannskapet ein spesialkonstruert rigg ned til bestemte djup og hentar opp vassprøver. Temperatur, saltinnhald, mengda av næringssalt og algar, blir undersøkt.

«G.O. Sars» er stappa med avansert utstyr for å gjere undersøkingar i havet. Forskingsskipet har sonar og ekkolodd som kan følgje med på fisken frå overflate til botn, kontinuerleg. Midtskips står seks vinsjar med seks kilometer kabel kvar for å kunne senke instrument til dei djupaste havområda. På innsida står den diesel-elektriske maskinen, som gjer «G.O. Sars» til eit av verdas mest stillegåande forskingsskip.

Song og rytme

Korleis hamnar ein her?

— Det er ei lang historie, seier Lea Marie Hellenbrecht, men prøver å gjere ho kort.

Ho voks opp i Frankfurt, 500 kilometer frå havet. Blei student i Hamburg. Fekk deltidsjobb på det tyske fiskeriinstituttet. Derifrå tok ho spranget til Bergen, der ho utdanna seg til fiskeribiolog på universitetet. Ho var heldig, og fekk toktjobb då ho studerte.

— Og her er eg, seier ho, og tømmer ein stamp med blanke, små fisk utover sorteringsbordet.

— Masteroppgåva tok eg på havet. Det var ein hard kombinasjon, hugsar ho, men ho er aldri blitt sjøsjuk.

Livet på havet finn si eiga rytme. Balansenerven lyttar etter kvart lydig til alt som gyngar. Livet på land nynnar stadig lenger bak i bakhovudet.

Her er «botnfiskfolket», som kan torsk, hyse, kveite, uer, pluss alle dei andre fiskane som folk flest ikkje kan namnet på – ja, og havmus. Her er «pelagikarane», som kan pelagisk fisk, som sild, lodde, makrell og mindre berømte artar som tobis og øyepål.

Forskingsteknikar Erlend Langhelle har utdanning frå Griegakademiet og ei karriere som profesjonell songar bak seg.

Nokre av fagfolka frå Havforskingsinstituttet er på tokt fleire månader i året. Lea Hellenbrecht, opphavleg frå det «djupe» fastlandet midt i Tyskland, er blitt eit havmenneske. Her sorterer ho yngel av mellom anna torsk og hyse, to av dei viktige fiskeslaga som veks opp i Barentshavet.

Korleis hamna han her?

— Det blei mange oppdrag i gravferder, seier Langhelle, ein smule lakonisk.

Fakta

Økosystemtoktet

  • Økosystemtoktet blir gjennomført i samarbeid mellom Havforskingsinstituttet og det russiske søsterinstituttet (VNIRO) i Murmansk. Det blir rekna som det største toktet i verda i sitt slag.
  • Toktet skal gi oversikt over alle delar av livet i heile Barentshavet og registrere endringar. Det blir også gjort målingar av vatn, temperatur, straumforhold og forureining. Havforskingsinstituttet gjennomfører i hovudsak tokt i norsk sone og VNIRO i russisk.
  • Den norske regjeringa har «inntil videre» gitt havforskarane unntak frå sanksjonane for arbeid som er knytt til fiskeriforvaltninga i Barentshavet.
  • Samarbeid mellom norske og russiske havforskarar strekker seg meir enn 100 år tilbake i tid. Det første felles toktet i Barentshavet vart gjennomført i 1965.

Livet som songar og frilansar var eit usikkert liv i ein trong marknad. Då kan det vere bra å ha torsk- og hysekompetanse og jobb i staten å falle tilbake på. Men han har ikkje slutta å synge.

På frivaktene på økosystemtoktet må han øve på eit komplisert verk, som koret hans skal framføre når han kjem i land.

Liten og stor

Sidan 1976 har fiskekvotane blitt forhandla og fastsett i den norsk-russiske fiskerikommisjonen, basert på toktdata frå Barentshavet og rådgiving gjennom det internasjonale havforskingsrådet (ICES), der ei rekke nasjonar er representerte.

I mars i år vart Russland kasta ut.

Noreg og Russland, havforskarane i Bergen og Murmansk, har raskt snudd seg og blitt bilaterale, som det heiter på diplomatspråket. Norske og russiske forskarar diskuterer på Teams, snakkar i telefonen og skriv e-post. Dei utvekslar data og publikasjonar. Nokre av dei har igjen tatt kvarandre i hendene, etter pandemien.

I mai kom ein russisk delegasjon til Bergen. Reisene måtte på grunn av sanksjonane gå via Kairo og Istanbul.

— Det er ingen tvil om at konteksten var spesiell. Begge partar var spente på korleis det skulle gå. Men begge partar var også veldig innstilte på finne måtar å samarbeid på. Resultatet av møtet var bra, seier forskingsdirektør Geir Huse.

Målet er å kunne levere det vitskapelege grunnlaget for kvoteforhandlingane til hausten i tide.

Grunnlaget for dei årlege fiskeriforhandlingane vart lagt etter store endringar i havretten på 1970-talet. Desse gjorde at Noreg og Russland begge kunne erklære 200-milssoner i Barentshavet. Dermed kunne dei to kyststatane i større grad sjå på ressursane i havet som sin eigedom.

— Då det norsk-sovjetiske forvaltningssamarbeidet vart etablert på syttitalet, vart ein del av kvoten gitt til andre land, basert på historisk fiske. Men i det store bildet sat Noreg og Sovjet igjen med meir enn før. Det ligg ei grunnleggande felles interesse her i å oppretthalde dette. I praksis respekterer Russland også den norske fiskevernsonen rundt Svalbard. Norsk politikk i Svalbard-sonen er dei siste åra blitt utfordra av våre politisk allierte, særleg Storbritannia. Russland har stillteiande stått på Noregs side, seier Geir Hønneland, seniorforskaren på Fridtjof Nansens institutt.

Side om side

I Noreg står havforskarane i ei særstilling. Ingen andre har lengre tradisjonar og sterkare band til russiske fagfellar under og etter den kalde krigen.

I 1955 fekk Russland, den gong Sovjetunionen, igjen plass i det internasjonale havforskingsrådet, etter å ha blitt ekskludert under 1. verdskrigen. Tre år etter møttest havforskarar frå Sovjetunionen og Noreg. Då kom forskingsskipet «Sevastopol», oppkalla etter byen på den i dag russisk-okkuperte Krim-halvøya, til Bergen. Litt seinare drog norske forskarar på gjenvisitt i Murmansk.

Den politiske alliansen mellom Noreg og Russland i Barentshavet ligg fortøydd her.

Erlend Langhelle har utdanning frå Griegakademiet, men på forskingstokt er det botnfisk og ikkje bassrøysta som er viktigast. På frivakter øver han det han kan på eit komplisert, modernistisk korverk han skal framføre med det semiprofesjonelle koret han er med i.

Internasjonalt er det norsk-russiske forskings- og forvaltningssamarbeidet blitt omtalt som «gullstandarden», ifølgje Hønneland. Samanlikna med andre store havområde har ein klart å halde fiskebestandane i Barentshavet på eit oppsiktsvekkande høgt nivå.

Forskarar er naturlegvis ikkje fri for konfliktar, men dei er oftast innanfor vitskapelege rammer, peikar Hønneland på. Når det kokar i politikken, kan fagfolket fortsatt halde på med sitt.

— Forskarane snakkar eit anna språk enn byråkratane og politikarane. Dette har vore ein grunn til at havforskarane har kunna bli så sentrale for kommunikasjonen mellom Noreg og Russland, seier han.

I juli oppstod diskusjon om Russland ville setje delelinja i spel, grensa til Noreg i Barentshavet. Det reknar Hønneland som usannsynleg. Han trur også den norske regjeringa vil gi forskarane lov til å samarbeide. Men sikker er han ikkje.

— I alle år eg har jobba med dette og fått spørsmål frå journalistar om samarbeidet vil bryte saman, har eg svart nei. Men det er klart at vi no har ein situasjon som er kvalitativt annleis enn noko anna vi har sett før. Presset har aldri vore større, seier Hønneland.

Og om samarbeidet mellom norske og russiske havforskarar faktisk skulle bryte saman?

— Då kan Noreg og Russland drive lenger ifrå kvarandre og gå tilbake til kald krig.

Svampebob

Fleire gonger i døgnet glir forskingsfangsten gjennom ei luke frå dekk til eit transportband ned i «labben», der eit assortert utval endar sine liv i vitskapens teneste. Og ein dose benthos – framandord for sjøstjerner, sjøpølser, korallar og andre raritetar frå botnen.

Digre svampar kan sjå oppdikta ut, som vesen frå andre planetar. Dei er tause, ikkje som den berømte teikneseriefiguren og svampen Svampebob.

I høgt tempo tar laget i fiskelabben fiskefangsten unna, medan Barentshavet skummar på gluggane. Først må dei sortere artane. Lodde hit. Sei dit. Deretter er det tid for å dissekere, registrere og notere. Kor gammal er torsken? Finst det parasittar i levra? Kva kjønn har kolmulen?

Artsmangfaldet som blir henta frå alle lag av havet skal setjast i system om bord, for å kunne registrere, preparere og analysere.

Slik går dagane og nettene på havet, frå stasjon til stasjon — medan «G.O. Sars» seglar sikk sakk og klatrar stadig høgare på jordkloden.

Over støyen frå transportbandet trenger Erlend Langhelle si bassrøyst fram. Mjukt glir han inn i «Våren» av Grieg.

På botnen av Barentshavet er svampane talrike. Dei er enkle organismar med ein viktig funksjon fordi dei levere av å filtrere, og dermed reinse, enorme mengder vatn.

Oftast har ein kollega frå russisk side vore med på laget om bord. Det har vore ein del av samarbeidet, dialogen, utvekslinga. I år er det umogleg. Når, og om, det igjen blir aktuelt, veit ingen.

— Eg er sjølvsagt spent på korleis det kjem til å gå, og korleis krigen vil påverke det vi held på med her, seier Frøydis Tousgaard Rist.

Marinbiologen, opphavleg frå Lofoten, har arbeidd sidan 2016 i pelagisk faggruppe i Bergen. Meir enn 90 dagar i året reiser ho til havs på ulike tokt. Det har blitt fleire treff, på møter både i Russland og Noreg, og på båt. Ho har til og med eit semesteremne og litt brakk russisk å skilte med. Det har vore fine møte. Ho skryt av fagkunnskapane til russarane.

— Eg har bestemt meg for å ikkje gjere meg altfor mange tankar om kva som vil skje framover, seier ho.

Ei natt ligg ein merkeleg ting av plast og metall, med kablar og mikrochip, i fiskehaugen frå trålen på «G.O. Sars». Eit merke med påskrifta «CONF. K» er klistra på.

På dekk startar spekulasjonane. Russisk?

På botnen

— Bru til dekk!

Overstyrmann Kim Hansen, også han frå Senja, ropar opp mannskapet på dekk. Han har hendene på spakane som styrer trålvinsjane utanfor vindauga. Det er mangt å passe på. På eit kart på ein skjerm kan han sjå kor djupt her er. Her og der er informasjon om forholda på botnen notert.

Frå hangaren midtskips hentar havforskarane prøver frå alle djup av Barentshavet. Marinbiolog og planktonekspert Jon Rønning tar imot fangsten frå planktontrålen frå matros Tobias Abrahamsen og Asbjørn Johansen (t. venstre).

— På botnen ligg det forskjellige ting vi kan hekte oss fast i. I dette området er det mange gamle skipsvrak. Borti her ligg «Gaul», seier Hansen.

Den britiske trålaren «Gaul» forsvann sporlaust i 1974 utan eit einaste naudsignal. I år nesten 30 år vart det spekulert i at båten og mannskapet på 36 var blitt senka av Sovjet på grunn av mistanke om spionasje. I 1999 konkluderte ein kommisjon med at trålaren forliste på grunn av uvêr.

Fakta

«G.O. Sars»

«G.O. Sars» er kalla opp etter Georg Ossian Sars (1837-1927), ein av grunnleggarane av norsk havforsking. Han var mellom anna den første som påviste skreiens vandringsmønster frå Barentshavet til gyteområda i Lofoten.

Frå håv og ein mini planktontrål som blir slept på ulike djup, får forskarane prøver frå neste trinn i næringskjeda.

I spennet mellom lysprikkfisk og håkjerring finst mykje rart.

— Men lite anna hadde eksistert utan denne, seier marinbiolog og planktonspesialist, Jon Rønning.

Han peikar på den tre millimeter lange prikken som i mikroskopet blir synleg som monsteret Calanus finmarchicus. Meir populært går dette dyreplanktonet under namnet raudåte, og dette er maten dei minste fiskane må ha for å bli store.

Under seg i næringskjeda har raudåta algane, eller planteplanktonet. Utan planteplankton hadde ingenting eksistert. I tillegg til å vere mat for dyreplankton, absorberer algane enorme mengder CO2. Samstundes blir alle organismar, dei minste inkludert, også påverka av endringane i klimaet. Barentshavet er eit av områda i verda der endringane skjer raskast.

Putinfaktoren

Det norsk-russiske samarbeidet har hatt sine kriser.

Slutten på Sovjetunionen og den kalde krigen var innleiinga til ein kaotisk og uoversiktleg fase i Russland som hadde ringverknader for samarbeidet med Noreg. Korrupsjonen åt seg inn fiskerinæringa. Den norske kystvakta dokumenterte etter kvart eit massivt, russisk overfiske.

Når «G.O. Sars» er på tokt, blir det jobba døgnet rundt. I instrumentrommet, tettpakka med datamaskinar, ekkolodd, sonar, panel og skjermar jobbar Egil Frøyen (t. venstre) og Jørn Patrick Meyer på skift med overlapping.

Samstundes vart slutten av det gamle starten på ein meir regulert kontroll mellom dei to landa. Samarbeidsklimaet tok seg opp nokre år, før det stupte ned i bølgjedalen igjen, i takt med fallande torskebestandar. Forskarane råda til å redusere kvotane, forhandlingsklimaet vart tøffare. I 1999 kom det for første gong til i brot i forhandlingane.

Igjen tråkla partane seg fram til ei semje.

Norske styresmakter gav nordområda høg prioritet i denne perioden. Handtrykket i 2010 mellom utanriksministrane Sergej Lavrov og Jonas Gahr-Støre, som signerer delelinjeavtalen i Barentshavet, står som eit bilde på optimismen. På same tid kom Putins stadig strammare grep om makta til å setje sitt preg også på forskarsamarbeidet.

Bjarte Bogstad har dei siste 20 åra vekselvis reist til Russland og mottatt russiske kollegaer i Noreg annakvart år. I alt det formelle og faglege, opnar også dei sosiale romma seg. Middagar. Bowling. Skitur. Sånne ting som kan få folk til å klatre over barrierane.

— Der er kulturforskjellar, men når vi først er blitt kjent, har fleire av oss blitt nære venner. Noko av det som gjer at dette har fungert, er at mange har vore i same jobb i same institusjon over lang tid. Det er dessutan mi erfaring at det norsk-russiske forskings- og fiskerisamarbeidet har utvikla sin eigen kultur. Der er ei pragmatisk tilnærming. Folk har hatt tid saman. Stått i laboratoriet i lag. Vore på tokt i lag, seier Bogstad.

Men dei seinare åra har dei autoritære vindane frå Moskva vore kaldare også i Murmansk.

— Tidlegare var det ganske avslappa då vi besøkte instituttet der. Siste ti åra er det blitt meir komplisert. Vi får jo sleppe inn, men russarane vil ofte at vi heller skal ha møtast på hotell.

Heller ikkje blant forskarane i Murmansk var det populært då dei vart tvinga til å tilsetje ein medarbeidar frå etterretningsorganet FSB for nokre år sidan.

Elefant og kalasjnikov

Nokon kjem aldri tilbake på tokt med Havforskingsinstituttet. Toktlivet passar ikkje for alle.

Som ho som for nokre år sidan måtte setjast i land etter ti dagar med ustanseleg sjøsjuke. Andre har insistert, meint at tablettar er tull, og i staden stått i det, sortert fisk og kasta opp om kvarandre. Mange her om bord har, som det heiter, vore ute ei vinternatt før.

Kaptein på «G.O. Sars», John Gerhard Aasen var i 2004 på jobb utanfor kysten av Ekvatorial-Guinea om bord i «Dr. Fridtjof Nansen», på oppdrag for FNs matvareprogram. Over radio vart dei kalla opp av eit anna skip på spansk. Før ein spansktalande rakk å kome seg til brua for å kunne svare, dukka to raske militærfartøy opp på flankane. Så knatra det i kalasjnikovar og kulene hagla mot forskingsskipet.

Trålbas Even Rong, her saman med matros Per Magne Næss, løftar på ei 16,24 kg kveite som botntrålen har tatt opp. Etter å ha gitt sitt liv som forskingsobjekt, blir den ettertrakta fisken sendt til stuerten som gjer henne om til framifrå middag for folk om bord.

Det enda godt, etter at Aasen, maskinsjefen og toktleiaren vart tatt i arrest og avhøyr, og fekk ei slags unnskyldning frå fiskeriministeren i landet. Forskingsskipet skulle ha blitt mistenkt for å ta del i eit statskupp.

— Uverkeleg, seier Olsen.

Toktleiar Irene Huse er ein sunnmøring med romsdalsdialekt, innimellom parodibergensk, med eit tilsynelatande kronisk godt humør. Fødd inn i ein fiskarfamilie, hadde ho feriejobbane då ho var ung på trålar. Nordsjøen, Beringhavet, Barentshavet.

Om bord i «G.O. Sars» er ho ofte er ho å finne på dekk 5, der ho studerer alle skjermane som er hengt opp. Saman med karane på instrumentrommet, legg ho bitar i den mest prekære delen av store puslespelet: registreringar og data som i oktober skal på bordet i den norsk-russiske fiskerikommisjonen.

I lange strekk kan 1. styrmann Kjell-Petter Pettersen sjå på havet og la tankane vandre, og det er store sjansar for at han tenker på engelsk fotball.

— Det er som ete ein elefant, vi må ta det i veldig mange og små porsjonar, summerer toktleiaren.

Korleis hamna ho her?

Frå eit mislykka studieopphald i Oslo lokka ei venninne henne til Bergen, som ho meinte var ein betre studentby. Det skulle vise seg å stemme.

— På Blindern … eg kunne ikkje forstå at ingen brydde seg ein døyt om havet, ein så stor og viktig del av landet og jordkloden.

I Bergen hamna ho på rett kurs. Studerte. Drog på sjøen. Studerte. Drog på sjøen. Tok doktorgrad i fangstteknologi. Sidan har det vore Havforskingsinstituttet, med unntak av eit år ho jobba i bank, som ho karakteriser som «døden».

Toktlivet passar hundre prosent for Irene Huse, kanskje meir.

— Det er så mykje gode folk samla her, som kan så mykje, og som er så motivert for å gjere jobben sin. Det er det beste med å vere på tokt.

Kunsten å lytte

Ein stad mellom Bjørnøya og Novaja Semlja tikkar meldinga inn om at økosystemtoktet skal riggast om.

Ryktebørsen svirrar i messa på dekk 3. Kva skjer? Blir ruta lagt om? Kvar skal «G.O. Sars»? Khrono melder at «Kronprins Haakon», som skulle gjennomføre ein annan del av økosystemtoktet, må i opplag. Drivstoffprisane har skote i veret, og Havforskingsinstituttet må spare pengar. Data frå økosystemtoktet, med dei lange tidsseriane, får eit hol i seg.

Etter bunkring og mannskapsskifte i Kirkenes skal «G.O. Sars» rett vest til Svalbard, blir beskjeden. Meldingane frå russisk side går utpå at forskingsskipet der har tekniske utfordringar og enno ikkje er toktklart.

Men det nyttar ikkje å legge seg ned, sjølv ikkje etter ein trøblete sesongstart.

— Det er blitt altfor mykje pengar og sjeikar i fotballen, klagar førstestyrmann og Liverpool-supporter Kjell-Petter Pettersen frå Senja.

Mørke skyer er det mange av på den europeiske horisonten. I det strategisk viktige Barentshavet samarbeider havforskarane om de store økosystemtoktet og held dermed liv i den siste offisielle dialogen mellom Noreg og Russland.

— Men kva kan du gjere?

På høgrearmen har han ei tatovering ein maskinist tok på seg å utføre under landligge i Great Yarmouth for nokre år sidan:

You’ll never walk alone.

Folk om bord i «G.O. Sars», som har greie på slikt, har slått fast at dingsen med påskrifta CONF. K, som kom opp i trålen den natta ikkje er russisk. Det er ei norsk lyttebøye. Sånne som Orion-fly drysser over havet her, for å fange opp signal frå russiske ubåtar.

I Barentshavet gjer himmelen seg grå. Liten storm er meldt.

Khrono har kontakta det russiske havforskingsinstituttet VNIROs avdeling i Murmansk, men har ikkje fått svar.

Lydklippet du høyrer er Erlend Langhelle synge «Sidste Reis - Sjømands-vise» (Henrik Wergeland)

Utgifter til kost og losji for Khronos journalist om bord i «G.O. Sars» er blitt dekte av Havforskingsinstituttet.

Powered by Labrador CMS