språk
Hissig språkstrid på canadiske universitet
Den canadiske provinsen Quebec innfører krav om at engelskspråklege studentar må lære fransk. Det har ført til protestar.
Utdanningsministeren i Quebec, Pascale
Déry, melde sist veke om skjerpa krav til franskkunnskapar for studentar ved
universiteta i den hovudsakleg fransktalande provinsen.
Ifølgje provinsstyresmaktene må 80 prosent av studentane som kjem til universiteta i Quebec beherske fransk på «middels høgt nivå» innan dei har fullført studia.
Dersom universiteta ikkje når dette målet, vil dei får redusert sine økonomiske tilskot, ifølgje mellom anna Globe & Mail.
Dette har ført til sterke reaksjonar frå universiteta som har engelsk som undervisningsspråk.
«Basert på kjensler»
Den øvste leiaren ved McGill University i Montreal, Deep Saini, meiner tiltaket er eit «målretta tiltak» mot dei engelskspråklege universiteta i provinsen, ifølgje BBC. Saini meiner det ikkje finst kunnskapsgrunnlag, at tiltaket er basert på «kjensler» og at det er urealistisk å innføre.
Han har også hinta om at det no kan bli aktuelt å etablere campusar utanfor provinsen, som følgje av språkpolitikken. Om lag halvparten av studentane på McGill er ikkje frå Quebec og har ikkje fransk som morsmål.
Frå Concordia, eit anna engelskspråkleg universitet i Quebec, blir det hevda at det no vil bli færre studentar som vil studere i provinsen, og at Quebecs rykte vil bli skada.
Fransk provins
Quebec er kjerneområdet for fransk språk og kultur i Canada og Nord-Amerika, og fransk er det einaste offisielle språket.
75 prosent av befolkninga har fransk som morsmål, 7,5 prosent er engelsktalande, medan drygt 14 prosent har andre førstespråk.
Språkkravet til universiteta er ledd i språkpolitikken som har som mål å demme opp for presset frå engelsk og sørge for at fransk ikkje taper terreng i Canada og i provinsen.

Nylige artikler
Oi! Universiteter med eierskap i 79 selskaper
NTNU må trekke en tydelig linje mot våpen- og flerbrukssamarbeid
Mer forskningsmidler fra stiftelser og fond? Slik kan det gjøres.
66 tilsette sagt opp ved Københavns universitet
Gir regjeringa skylden for dårlig norsk på studier
Mest leste artikler
Slår alarm om svake norskkunnskaper blant studenter. — Betydelige utfordringer
La inn «KI-feller» i oppgavetekst: — Eksamen bør være rettferdig
Artikkel om vindskala mest lest i 2025. SNL-sjefen er flau over nummer to på lista
Legger ned campuskafé. — Deprimerende å sitte her
Dette teller mest når du søker jobb: — Ikke antall artikler alene