Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet jobbar for ei meir tilgjengeleg førstelinje
I vår kom Studentombodet ved Høgskulen på Vestlandet med fleire tilrådingar. No skal høgskulestyret drøfta nokre av desse.
Høgskulen på Vestlandet har eit studentombod i 80 prosent stilling. Dei siste 20 prosentane av stillinga skal ombodet bruka på Høgskulen i Volda. Det betyr at det er mange studentar som skal få hjelp av eitt ombod. Samstundes kan mange av sakene som Studentombodet får på bordet, eigentleg løysast av nokon andre.
I årsrapporten frå Studentombodet, som styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) handsama i vår, vart ei meir tilgjengeleg førstelinje peika på som noko av det som bør endrast.
No skal styret handsama Studentombodet sine tilrådingar på eit digitalt styremøte 11. september. Møtet kan du følgja her frå klokka 10.
Vil ha betre oversikt
Studentombodet skreiv i rapporten at dei fleste spørsmåla som gjeld studiesituasjonen i første omgang skal kunne rettast til studentrådgivinga, studieadministrasjonen og/eller faglinja ved fakultetet.
Studentombodet er ingen konkurrerande instans til førstelinjetenesta, heitte det. Det er i
dei tilfella der studenten opplever at dialogen har køyrd seg fast, eller ein har behov for
å søke råd eller snakka fortruleg med nokon utanforståande, at Studentombodet kan
kontaktast.
I Studentombodet sin årsrapport heiter det også at mange av studentane som tek kontakt, seier at dei opplever eit
«ansiktslaust system», der dei saknar enklare tilgang til å kunne snakke med ein lokal
studierettleiar på campus eller nokon på eksamens- eller opptakskontoret. Særleg er
dette behovet stort når det oppstår ein akutt situasjon der ein treng ei rask avklaring.
— Eg skjønnar at det er mange som har mykje å gjera. Men ei tilbakemelding som går igjen, er at studierettleiarar er lite tilgjengelege. Det same gjeld tilsette på opptaks- og eksamenskontoret, sa studentombod Lene Loy til Khrono i vår.
I saksframstillinga til styret heiter det no at det er ei prioritert sak å finna ut korleis høgskulen kan styrka samarbeidet på tvers i organisasjonen for å gjera tenestene endå betre, meir effektive og ikkje minst enklare og tydelegare for studentane.
Studenttinget ved høgskulen er bedne om å koma med sine syn på saka. I deira tilbakemelding heiter det at å jobba for både betre synleggjering og oversikt over tenester til studentar er viktig. Det same er tiltak som gjer at studentane ikkje møter eit «andletslaust» system.
Dei to andre punkta Studentombodet peika på, var styrking av kulturar og system for trygg og effektiv informasjonsdeling mellom studenten, institusjonen og samarbeidspartnarar og at meklingsinspirerte metodar bør integrerast i all kommunikasjon og samhandling.
Dette står på sakskartet
Styremøta HVL skal ha seinare dette semesteret vert arrangert fysisk i Bergen. På det første møtet, som altså er eit heilt digitalt møte, skal styret handsama følgjande saker:
- 36/25-B — Godkjenning av protokoll frå styremøte 4/2025 og godkjenning av innkalling og saksliste til styremøte 5/2025
- 37/25-B — Møteplan for Høgskulestyret 2026 — justert utkast
- 38/25-B — Endring i forskrift om graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet
- 39/25-B — Oppfølging av Studentombodet sin årsrapport 2024
Orienteringssaker
- O-36/25 — Etatsstyring 2025 — tilbakemelding til Høgskulen på Vestlandet
- O-37/25 — Studentopptaket 2025 — status etter studiestart
- O-38/25 — Supplerende tildelingsbrev nr. 1 til statsbudsjettet for 2025
Referatsaker
- O-39/25 — Munnlege orienteringar frå rektor — styremøte 5/2025
- O-40/25 — Skriftlege orienteringar til styret: Nytt frå Høgskulen på Vestlandet — styremøte 5/2025
- O-41/25 — Referatsaker — styremøte 5/2025
- E-05/25 — Eventueltsaker — styremøte 5/2025
