Samarbeid
Høgskulen på Vestlandet utvidar idrettssamarbeidet: — Ein døropnar
Idrettscampus Bergen blir til Idrettsklynge Vest. Dette betyr det for Høgskulen på Vestlandet.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Reint konkret handlar det om at fleire av fagmiljøa våre på fleire av campusane våre blir involverte i samarbeidet, seier prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestlandet, Gro Anita Fonnes Flaten til Khrono.
Førre torsdag sat ho namnetrekket sitt på dokumenta som formelt sett gjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) til ein til ein samarbeidspart i det nye aksjeselskapet Idrettsklynge Vest.
Meir innsikt og kompetanse
Det er på det reine at HVL i fleire år har samarbeidd med ulike idrettsaktørar i Bergen, deriblant Sportsklubben Brann og idrettskrinsen i det som tidlegare var Hordaland fylke.
No er samarbeidet og prosjektet både utvida og revitalisert, noko Fonnes Flaten meiner er svært gledeleg både for høgskulen og for dei andre aktørane i samarbeidet.
— For vår del vil omstruktureringa føra til at me kan bidra med meir innsikt og kompetanse både innan folkehelse, fysisk aktivitet og idrett. Meir forsking på innanfor desse område er noko heile samfunnet vil ver tent med, seier Fonnes Flaten.
Mange bidragsytarar
Idrettsklynge Vest er eit aksjeselskap, som no er eigd av Bergen kommune, Helse Bergen HF, Vestland fylkeskommune og Vestland idrettskrins. Høgskulen på Vestlandet, Olympiatoppen Vest, SK Brann, Universitetet i Bergen er samarbeidspartnarar, og skal alle bidra til å gjera prosjektet fruktbart for alle partar.
— Å vera ein dela av eit slikt større og fagleg samarbeid, er noko me som høgskule vil ha stor nytte av. Det gjeld både utdanningane våre og forskinga vår. Tidlegare er det det gjerne interesse frå enkeltpersonar og enkelte fagmiljø som har vore drivarane inn i idrettssamarbeidet med mellom anna Brann og idrettskrinsen. Dette har vore ein døropnar til det me no håpar at skal gje fleire fagmiljø ved alle HVL sine campusar moglegheita til å bidra til det viktige arbeidet, seier Fonnes Flaten engasjert.
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste nyhetene.
Last ned til iPhone - Last ned til Android
-
— Idrettsklynge Vest skal vera ein arena for både tilsette og studentar. Saman vil me bidra med kompetanseutvikling, innovasjon og forsking, held prorektoren fram.
Folkehelseperspektiv
Fylkesordførar i Vestland fylke, Jon Askeland (Sp) er styreleiar i Idrettsklynge Vest, og ser i likskap med Fonnes Flaten lyst på at det breie samarbeidet no får ein ny giv, som vonleg vil føra til betre samhandling mellom dei involverte aktørane.
— Samfunnet må sjåast i samanheng, og det klarar vi fantastisk bra gjennom Idrettsklynge Vest. Her har me dei faste møteplassane som strukturerer oss i samhandlinga, som utnyttar ressursane og som gir grobotn til gode felles prosjekt, på tvers av både fag og organisasjon, uttalar Askeland i ein artikkel på HVL si nettside.
Gro Anita Fonnes Flaten ser fram til samarbeidet.
— Særleg sett frå eit folkehelseperspektiv, er dette noko som vil vera positivt, fastslår prorektoren for forsking ved Høgskulen på Vestlandet.
Nyeste artikler
Hvem skal bestille blomstene?
Myter om hvem som representerer de med høyere utdanning
Kunststudent i Bergen dømt i britisk rettsvesen
Nederlag for scenekunst. Rektors kuttplan vedtatt
Rektorvalget ved UiO: Samiske perspektiver i universitetets virksomhet
Mest lest
Student døde under fjelltur i regi av Nord universitet
— Ansatte med høyere utdanning har i mange år blitt holdt nede lønnsmessig
Mange tomme studieplasser etter nye signaler om masterkrav
Ble avskjediget for å ha stjålet og solgt forsterker på Finn.no
Sjå kva arkeologen skreiv for 150 år sidan