universitetet i bergen
Ingen eintydige råd til rektor. UiB-styret splitta
Dag Rune Olsen skal bruka juleferien på å tenkja på om han skal bli sitjande som rektor ved Universitetet i Bergen eller ikkje.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Should he stay or should he go?
Det ville rektor Dag Rune Olsen drøfta med universitetsstyret ved Universitetet i Bergen. Bakgrunnen er at Olsen har fått ny jobb ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet (UiT). Forskerforbundet ved UiB har vore tydelege på at Olsen bør gå, og etter det Khrono kjenner til, er saka no diskutert fleire stader på UiB.
Men styret kom ikkje med noko eintydig svar. Etter å ha diskutert saka i tre timar, hadde det framleis ikkje kome noko vedtak.
Grubla i jula
— Dei greidde ikkje å koma med noko eintydig råd til meg. No må eg tenkja på kva eg trur er best, seier Olsen, og peikar på det han har sagt tidlegare: Habilitet og interessekonflikter.
— No skal eg bruka jula til å grubla, og vurdera kva som kan vera skjer i sjøen. Så må eg ha landa ei avgjerdsle første arbeidsdag etter nyttår, seier Olsen.
Rektor Dag Rune Olsen sa på førehand at han ville lytta til styret, sjølv om det er hans avgjerdsle å trekkja seg eller ikkje. Både rektor og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sa seg inhabile i møtet, som vart lukka etter ei kort innleiing.
Professor Petter Bjørstad vart utpeika til å leia styremøtet.
— Me har vurdert saka og sendt ei melding tilbake til Dag Rune Olsen, som heile styret står bak, seier Bjørstad.
— Eg meiner det er ganske rimeleg at styret diskuterte saka, seier Bjørstad.
To alternativ
I ei pressemelding frå UiB heiter det at styret hadde ein inngåande diskusjon der dei vurderte to alternativ: At rektor går frå stillinga si 1.1.21 og vert stilt til disposisjon for universitetesdirektøren fram til 1.august, eller at rektor held fram i noverande stilling, der det vert teke særlege omsyn til moglege habilitets- og interessekonflikter, fram til 1.august.
— Styret sin diskusjon avdekka at det ikkje var mogleg å koma fram til ein klar preferanse mellom alternativa, og styret enda difor delt, heiter det.
Brev frå Forskerforbundet
Forskerforbundet ved UiB har vore svært tydelege, og meiner Olsen bør trekkja seg umiddelbart. Lokallagsleiar Steinar Vagstad viser til at Olsen skal ta over som toppleiar ved ei konkurrerande verksemd.
— Dette er noko styret har teke med seg. Dei har fått eit brev frå Vagstad med ei tydeleg tilråding, seier Olsen.
Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte
Vil endre reglar for opprykk og rekruttering av forskarar
Geir Anton Johansen (1960 — 2026)