khrono helg

Når 1. februar nærmar seg, bur namnegranskar Ivar Utne seg på telefonane han veit vil koma.

Stor plass har han ikkje på kontoret, namnegranskar Ivar Utne. I tillegg til fulle bokhyller har han avleggarar i massevis, som han deler ut til kollegaer.

Kva skal barnet heita, undrar foreldre. Og ringjer til Ivar Utne

Publisert Oppdatert

— Du skal ha ein ny plante, du!

Førsteamanuensis Ivar Utne møter ein kollega i trappa inne i HF-bygget ved Universitetet i Bergen.

Kollegaen nikkar og seier smilande at den ho allereie hadde fått, dessverre ikkje lenger er i live. Men det er meir å ta av. Utne, som er tilsett ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, har heile glaskarmen full av avleggarar. Dei er eit resultat av å rydda heime i det grøne bergenshuset. Og dersom ein ikkje ønskjer seg ein blome, kan ein kanskje ønska seg ei bok?

— Eg har rydda på kontoret, seier Utne.

— Kor då?

— Der oppe. Det var ei hylle til der. Eg gir vekk bøker heile tida, og set ut bokkassar her på instituttet. No ryddar eg i tur og orden vekk dei emna eg ikkje skal ha undervisning i lenger.

Ber om eit kvarter til å analysera

Og Utne har rett: Det er faktisk plass til noko anna i bokhyllene. Mellom anna ein glasvase. Den fekk han før jul, under markeringa av dei som har vore tilsett ved UiB i 25 eller 40 år. Utne høyrer til i siste kategori. I februar neste år fyller han 70, og har altså berre to semester att med undervisning.

For det er undervisning, mellom anna i grammatikk, språkhistorie og talemål han faktisk driv mest med. Men det er noko anna han er mest kjent for: Forsking på, og ikkje minst formidling av, personnamn. No nærmar 1. februar seg, og Utne er klar. Dette er dagen då Statistisk sentralbyrå (SSB) kjem med namnestatistikk for fjoråret, og journalistar frå nær og fjern vil ha ein kommentar.

— Er det mange som ringjer?

— Eg likar best å kommunisera med journalistar på e-post. Det går raskare, seier Utne.

— Men eg veit jo at nokon vil ha meg med på radio. Og helst til sendinga klokka 8. Men det dei ikkje forstår, er at eg må analysera statistikken først, eg får ikkje tilgang til han før andre. Så eg plar be om å få eit kvarter.

Men 2022 var nok ganske likt 2021, trur Utne. Dei siste åra har små jenter og gutar fått namn med mange vokalar, og gjerne med konsonantane L, M og N, som Leah, Emilie, Sofie, Emma, og Olivia, Noah, Liam og Elias.

I 2021 var det flest jenter som fekk namna Nora, Emma, Sofie/Sophie, Olivia og Ella. Blant gutane var Noah, Oskar/Oscar, Oliver, Lukas/Lucas og Isak på topp.

— Blant ti på topp tippar eg at det er eitt namn som fell utanfor og eit nytt som kjem inn, og så er det kanskje eit nytt heilt på toppen, seier Utne.

Glasvasen er det synlege provet på at Ivar Utne har vore tilsett ved Universitetet i Bergen i 40 år. Han ryddar ut av hylle etter hylle, og gir vekk dei bøkene han ikkje trur er relevante for han sjølv lenger.

Frå hard konsonant til mjuk vokal

Men kva er det som er viktig når foreldre skal velja namn? Ein vel sjølvsagt det som er fint, men kva som vert rekna som fint, skiftar. Utne fortel at det skjedde eit markant skifte rundt år 2000. Fram til då hadde mange jenter fått namn med «stopp-konsonantar», som P, T og K, særleg dei to siste. Altså namn som Katrine, Kristine og Marte. Dei var litt harde.

— Så kom desse mjuke vokal-namna inn. Det er altså ulike lydar ein likar til ulike tider, og i tillegg ser foreldre meir enn hundre år attende i tid når dei skal sjå etter namn, seier Utne.

Det betyr at ein går minst attende til oldeforeldregenerasjonen. Namn som dei som er besteforeldre i dag har, som Britt, Bjørg, Bjørn og Svein, er førebels lite i bruk.

— Men eg veit noko, seier Utne og smiler lurt.

— Det er ein nettstad som heiter Babyverden, og der kan ein søkja på namn. Eg lagar namnestatistikkar og namneforklaringar for dei. Eg får tilgang til søkestatistikk for desse listene, og der ser eg kva namn som no vert søkt mest på. Der ser eg at gamle, nordiske namn stig mykje, og mest stig namnet Iben.

Når Utne seier gamle, nordiske namn, er det ikkje dei typiske kongelege namna eller andre godt kjende namn frå 1900-talet som aukar, men namn som Eira, Frida, Tuva og Oline på jentesida, og Iver, Vetle, Ask, Trym og Brage for gutane.

Babyverden er berre ein av fleire som tek kontakt med namneforskaren. Utne seier det er ti år sidan han slutta å registrera mediesaker i Cristin. Han vert ofte kontakta fleire gongar dagleg, av media, foreldre, folkeregister, statsforvaltarar og interesserte elles. To-tre ulike medium i veka er det ofte, seier han.

— Den første tida med ny namnelov i 2003 var det ofte fleire telefonar eller e-brev frå folkeregisteret kvar dag, men no er det vel nede i 1-2 i veka. Eg har lagt ut mykje stoff om løysingar av namnesaker på nettet, slik at dei finn noko der, og eg har halde fleire kurs for folkeregistera gjennom åra. Eg håpar det at eg produserer namneforklaringar frå Babyverden, og heller dempar enn aukar behovet for svar på spørsmål frå foreldre og interesserte.

Barn av si tid?

Sjølv er Ivar Utne fødd på slutten av ei Ivar-bølgje. Journalisten er fødd på tampen av to bølgjer: Hilde hadde si stordomstid på 1960-talet, og doble førenamn var vanlegast fram til om lag 1980.

Khrono har bede namnegranskaren om å sjå nærare på namna til nokre av rektorane ved universiteta og høgskulane:

Anne (Borg), Svein (Stølen) og Dag Rune (Olsen) er alle fødde på 1960-talet, og har typiske 60-talsnamn.

— Margareth fekk ein ny giv på 1960-talet, seier Utne, og lurer på om årsaka til at Margareth Hagen og andre små jenter på 1960-talet fekk akkurat dette namnet var ei britisk prinsesse, fødd nokre tiår før.

Lars-Petter (Jelsness-Jørgensen) og Odd Helge (Mjellem Tonheim) er fødde i 1975 og 1980, og slik sett er dei òg fødde på tampen av trenden med dobbeltnamn.

— Kva med Astrid (Kvalbein), fødd 1971?

— Då var Astrid sjeldan, seier Utne.

Foreldre ber om råd

Det hender ganske ofte at foreldre, eller andre slektningar, ringjer til han og ber om råd. I 1990 ringde ei kvinne og lurte på namnet Simen. Var det ikkje berre gamle menn som heitte det? I åra etter steig populariteten valdsamt.

— No i romjula vart eg ringd opp av ein fortvila bestefar. Her var det eit barn hos nokon han kjende som skulle få namnet Embret, og han lurte på om det vil gå bra.

— Men når ein har fått eitt barn og gitt det namn, må ein jo finna eit namn som passar når ein skal få barn nummer to …

— Ja, trur du ikkje eg får telefonar om det? Og kva skal eg svara då?

For det er mange måtar å sjå samanheng mellom namn på.

— Folk utanfor humaniora tenkjer i alle fall sjeldan ut frå språkleg opphav, og kan ha mange ulike måtar å assosiera på. Det kan til dømes vera lydar, lengde, bruk i bestemte periodar, historisk bruk i lokale miljø, namn som kan fungera i mange land, eller i bestemte land der dei har familie. Men dei er sjeldan så presise som dette. Eg får dei til å gi nokre døme på namn dei meiner kan passa og ikkje passa saman, og så prøver me å ta det derifrå, seier Utne.

Jobba fram lov

Utne viser grafar og slår opp i bøker. Men, tru det eller ei, det er ikkje namnegransking han driv mest med. Det tek berre så stor plass.

Etter hovudfag i Oslo, der han skreiv om klarspråk, jobba han eit år i Tromsø. Så vart han kontakta av UiB. Der var det behov for nokon med kompetanse om nettopp klarspråk.

— Og på instituttet her var det nokon som dreiv med EDB. Ein fekk inn tape frå folkeregisteret, seier Utne, og viser fram ein perm full av mikrokort med statistikk for alle namn. Ved vindauga, under alle plantane, står ein mikrokortlesar.

— Gårsdagens teknologi …

Folkeregisteret sende frå seg data for at Utne skulle kunne hjelpa dei og klageorgana med å svara på mellom anna om eit namn var definert som eit førenamn eller eit etternamn, og på kor mange som hadde eit etternamn. Etter kvart byrja forskaren på eige initiativ å laga namnestatistikk utifrå dette materialet. Dette var før SSB hadde eigne statistikkar over namn.

Etter at Justisdepartementet fleire gongar opplevde at Utne støtta foreldre i saker om namn, fann departementet ifølgje førsteamanuensen ut at det var ein betre plan å verta venner. Slik vart Utne ein del av ekspertgruppa som jobba fram det som er lov om personnamn, vedteken i 2002 og som galdt frå året etter.

Namnegransking var gamaldags, meinte Ivar Utne då han sjølv var hovudfagsstudent. Så vart det likevel det han kom til å jobba mykje med gjennom arbeidslivet. Og når han vert emeritus ser han føre seg at det framleis vert litt jobbing med namnestoff - anten frå emerituskontor eller frå heimekontor.

Sisteamanuensis

Namnegranskarane er ein utdøyande rase, har Khrono skrive. Nyare førenamnbruk er det strengt teke berre Ivar Utne som forskar på ved universiteta, under pensjonsalder.

— Det vert ikkje satsa, det er trongt om pengane i humaniora, seier Utne.

— Det har vorte satsa meir på stadnamn. Kartverket treng kunnskap om det. Men kunnskap om personnamn kan brukast til underhaldning og rådgiving for foreldre.

Å vita noko om personnamn er elles viktig for namnesaker hos folkeregisteret, mellom anna for skikkar blant innvandrarar og for eldre norsk namnebruk. Det gjeld både føre- og etternamn, seier Utne.

— Undersøking av namnespreiing og andre namneskikkar over tid og mellom land seier mykje om kulturspreiing og korleis motar fungerer. På den måten er det eit tverrfagleg felt. Namneformer er dessutan dokumentasjon for den norske språkhistoria, både i tale og skrift.

I tillegg handlar satsing på ulike fagfelt om kva studentane er interesserte i, seier førsteamanuensen.

Og apropos førsteamanuensis. Ivar Utne var lenge amanuensis, ein kategori som ikkje lenger finst. Han har nemleg ikkje doktorgrad.

— Då eg vart tilsett, var det knytt til digitale ordsamlingar på instituttet. Difor vart eg amanuensis, og ikkje universitetslektor. Eg fekk amanuensisstilling i 1986, då eg vart fast tilsett ved UiB, og kravet om doktorgrad for å kunne ha ei slik stilling kom like etter. Så eg plar seia at eg var sisteamanuensis.

Powered by Labrador CMS