universitetsstatus
Kva skal the baby heite? Kort sagt, Univest, håpar rektor
Høgskulen på Vestlandet vil bli Universitetet på Vestlandet. No skal det engelske namnet, og kortversjonen, bestemmast.
Siste etappe med namnediskusjon skal etter planen passere målstreken når styret ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) møtest til siste møte før ferien neste veke.
Dersom det går som planlagt, og høgskulen får godkjenning til å kalle seg universitet, kjem det på engelskspråklege nettsider til å stå University of Western Norway.
Det er i alle fall innstillinga frå høgskuleleiinga, som altså ønskjer seg det norske namnet direkte omsett. Med kortversjonen stiller det seg litt annleis.
Skal universitetet kalle seg UPV? UVL? UV? Og på engelsk, UWN?
«Moderne aktør»
Nei, ingen av delane, om tilrådingane frå ei intern arbeidsgruppe blir følgde. Gruppa som har jobba med namneforslag har laga eit notat til styret med råd om kortnamn (og domenenamn) og engelsk namn. Rådet derifrå er University of Western Norway som engelsk namn.
Når det gjeld kortform, blir to alternativ trekt fram: UVL og Univest.
Rektor Gunnar Yttri vil at styret skal vedta Univest.
«Høgskolen har vært tydelig på at vi ønsker å bli et annet universitet enn de tradisjonelle universitetene, med vår innretting mot arbeidsliv og profesjoner. I et slikt perspektiv, er argumentene for å velge nyskapningen Univest gode», heiter det i rektors vurdering i saksframlegget. Vurderingane bygger på innspel frå arbeidsgruppa, kommunikasjonsbyrået Tante Randi og ein uavhengig konsulent.
Eitt av argumenta for å velje Univest som kortnamn er i desse vurderingane at det underbygger institusjonen sitt sjølvbilde som «en offensiv, moderne aktør og institusjon med nærhet til regionens arbeidsliv og profesjoner».
I saksutgreiinga blir Univest også vurdert som eit meir folkeleg alternativ enn UVL, som er meir i tråd med med dei gamle universiteta forkortar namna sine på.
At det i Bergen finst eit mindre eigedomsselskap som heiter Univest, blir i utgreiinga vurdert som ei høgst overkomeleg utfordring, i alle fall for høgskulen.
Søker i år
Høgskulen på Vestlandet hausta i fjor innspel frå tilsette, studentar og andre for å komme fram til namn på det nye universitetet. Totalt kom det inn 131 innspel. Blant forslaga var både tradisjonelle norske namn, men også meir ukonvensjonelle, som VestlaMet.
Til slutt konkluderte styret med Universitetet på Vestlandet.
Høgskulen på Vestlandet har i lang tid arbeidd med å ruste institusjonen for å tilfredsstille krava til å bli universitet, og planlegg å søke akkrediteringsorganet Nokut om universitetsstatus i 2023.

Nylige artikler
Hedret etter å ha vært folkefiende i 20 år. — En voldsom oppreisning
Frykter uttalelse fra rektor kan skremme undervisere
Lars Gule ut mot NTNUs rektor: — Han har et spesielt ansvar for å ta avstand
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Dømt til 8 års fengsel for terror — får bli på universitetet
Mest leste artikler
Disse studiene ble ikke valgt av noen – derfor står studieplassene tomme
Opp mot 250.000 studenter kan være rammet av hackerangrep
Vi forbereder studentene på en verden som ikke eksisterer
Epstein hjalp diplomatsønn med å søke studieplass på universitet
Mener særlig uavhengige stillinger er misbruk av ansatte