eigenannonse
Ledig stilling i Khrono
Har du lyst til å sette dagsordenen i kunnskapssektoren? Har du nyheitsteft, ein frisk og rask penn og i tillegg er god på sosiale medium?
Då kan du vere den vi leiter etter. Vi søker ein nyheitsjournalist til Khrono-desken med arbeidsstad anten i Bergen eller Oslo.
Hovudoppgåvene er å følge nyheitsbileta i vår nisje og lage korte, gode nyheitssaker som engasjerer. I tillegg skal du formidle innhald i sosiale medium.
Vi ser etter deg som er flink til å finne akkurat den vinkelen på ei sak som våre lesarar vil ha, og som ikkje er redd for å dykke ned i ein rapport eller ein statistikk for å hente ut dei gode poenga. Khrono er kunnskapssektorens nisjeavis. Målgruppa er alle som er knytte til universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta, og alt som er relevant for dei, er godt khronostoff.
Khrono er i dag aktiv i sosiale medium, i hovudsak på Facebook, men det vil vere aktuelt å satse breiare på Some.
Søknadsfristen er 22. juni.
Arbeidsoppgåver:
- Lage digitale nyheitssaker og reportasjar frå kunnskapssektoren
- Noko redigering, desking og publisering
- Handtering av, og å vere til stades i sosiale medium
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Journalistisk teft, gode idéar og sterk motivasjon for å finne dei gode journalistiske sakene i nedslagsfeltet vårt
- God forståing for samfunn og politikk
- Utdanning på universitets- eller høgskolenivå, fortrinnsvis journalistikk og/eller medieutdanning. Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning.
- Erfaring frå fleirmedial journalistikk og publisering, eller annan relevant digital erfaring ville vere ein fordel
- Gode norsk- og engelskkunnskapar
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ei føremon
Vi ønsker at du skal bidra på ein arbeidsplass og i eit kreativt og pågåande redaksjonelt miljø der det skal vere kjekt, meiningsfullt og fagleg utfordrande å jobbe. Du er uredd og påliteleg, har stor arbeidskapasitet og engasjement. Du liker å samarbeide, og kan bygge tillit i universitets- og høgskolemiljøa, på same tid som du held fast ved den kritiske og uavhengige redaksjonelle linja til avisa. Khrono er ei riksdekkande avis og du må rekne med noko reising. Stillinga inneber noko turnusarbeid.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 65 - 72 (for tida kr 635 400 - 720 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Du vil bli tilsett ved OsloMet eller Universitetet i Bergen. Eigarskapsstrukturen til Khrono er under utreiing og kan bli endra ved årsskiftet. Arbeidsoppgåvene som er som ligg til stillinga kan bli endra.
Generell informasjon
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare informasjon om tilsettingsprosessen (Bergen) her.
Søk her
Søk på stillinga med arbeidsstad Bergen her.
Søk på stillinga med arbeidsstad Oslo her.
Kontaktinformasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:
Ragnhild Bjørge, nyheitsredaktør tlf. 900 73 491 / e-post: ragnhild.bjorge@khrono.no
Sveinung Engeland, vaktsjef/reportasjeleiar, tlf. 913 22 043 / e-post: sveinung.engeland@khrono.no
Nyeste artikler
UiT planla underskudd etter andre tertial. Gikk solid i pluss
Kritikk mot regjeringens satsing på forskning
Student ble beskyldt for 85 prosent «mistenkelig likhet»
Gjør din plikt, krev din rett
Sikkerhetsloven er ikke vår eneste rettesnor
Mest lest
For fem år siden vant han nobelprisen. Nå er 13 av artiklene hans trukket
Om min «plagiering» og bruk av egen tekst
Ny rangering: Disse rektorene leder Nordens beste universiteter
Unison kritikk: Hessens bok burde ikke være en sak for forskningsetisk utvalg
Dag O. Hessen innklaget til forskningsetisk utvalg