nord universitet

Må bruke ekstra årsverk for å administrere ny studieavgift

Går ut over andre oppgåver, meiner Nord universitet, som har rekna på utgiftene etter innføring av ny studieavgift. 

Den økonomiske vinninga ved innføring av studieavgift går så langt opp i spinninga ved Nord universitet. Bildet er frå campus i Levanger.
Publisert Oppdatert

— Vi har fått fleire millionar kroner i reduserte løyvingar. Inntekta vi kan få gjennom studieavgift frå internasjonale studentar er usikker. Det er ingen tvil om at vi har hatt mykje ekstra administrasjon så langt, seier prorektor for utdanning ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk.

Nord gjort ei førebels utrekning av kostnadene ved ekstraarbeidet med å administrere studieavgifta.

Rundt rekna meiner universitetet at studieavgifta medfører eitt ekstra årsverk til administrasjon.

Nord universitet var blant dei som tydeleg varsla om faren for byråkratisering då Kunnskapsdepartementet (KD) hadde forslaget om innføring av studieavgift ute til høyring i fjor haust. «Samlet sett vil innføring av studieavgift kreve en betydelig administrasjon for den enkelte institusjon», skreiv Nord universitet i sitt svar.

Forslaget vart som kjent vedtatt, til massive protestar frå universitets- og høgskolesektoren. Det betyr at institusjonane frå og med i haust skal ta betalt frå studentar som kjem frå land utanfrå EU/EØS eller Sveits.

Ekstra årsverk

På lista over oppgåver som fører til meirarbeid står mellom anna:

Fakta

Studieavgift

  • Ifølgje regjeringa skal innføring av studieavgift «frigjere» ca. 2600 studieplassar som kan gå til studentar frå Noreg eller andre land innanfor EU/EØS.
  • Regjeringa har rekna verdien til 225 millionar kroner i 2023 og 900 millionar i 2025, som skal komme utdanningsinstitusjonane til gode.
  • Institusjonane skal stå for innkreving av pengane frå studentane.
  • Regjeringa la i statsbudsjettet til grunn at 30 prosent av studentane utanfrå EU/EØS ville halde fram med å komme til Noreg og dermed betale for studia. Førebelse opptakstal viser at berre 20 prosent kom.

* Forsinking av opptak på grunn av sein instruks om innføring av studieavgifta

* Saksbehandling av fritak

* Utsending og oppfølging av faktura

* Manuell gjennomgang av lister for å finne søkarar som skal ha eige brev på studiet dei har fått opptak på

* Mykje planlegging: nye opptaksbrev, oppdatering av informasjon til søkarar og på nettsider, planlegging og handtering av unntak for betaling (og rutiner knytt til dette)

I tillegg til dette kjem meirarbeid i samskipnaden, økonomiavdelinga, for leiarane m.m.

— Eit lite mareritt

Leiinga ved Nord universitet meiner bekymringane som vart lagt fram i høyringa i haust langt på veg er blitt stadfesta. Særleg jobben med å finne ut av kven som har rett på unntak for betaling og ikkje, har vore krevjande.

— Å få oversikt over kven av studentane som høyrer til dei ulike kategoriane, har vore eit lite mareritt, rett og slett, seier Gårseth-Nesbakk.

— For fagmiljøa kan det også bli vanskeleg å handtere éi guppe med studentar som ikkje betalar og ei anna som betalar, særleg når dei går på same studium. Dette kan skape ulike forventningar som fort vil generere meirarbeid også for fagtilsette, legg han til.

Regjeringa kalkulerte med at universiteta og høgskulane skulle dekke inn utgifter gjennom pengane frå dei ikkje-europeiske studentane. I statsbudsjettet kutta regjeringa 75 millionar kroner, basert på ei gjennomsnittleg betaling per student på 130 000 kroner per semester.

Men då opptakstala var klare i juli, viste dei færre betalande studentar enn regjeringa hadde rekna med. Dermed står utdanningsinstitusjonane igjen med tap. Tal Khrono innhenta i juli viste minus på nær 13 millionar kroner ved NTNU og  5 millionar ved UiT.

Fleire åtvaringar

— Det er på ingen måte sikkert at vi får så mange betalande studentar. Det er også usikkert kor mange studentar som er villige til å betale, og kva slags betalingsevne dei har. Uansett må vi ha eit studieadministrativt apparat for å organisere opptaket og administrere det praktiske, seier Gårseth-Nesbakk.

Regjeringa la sviktande føresetnader til grunn, meiner prorektor ved Nord universitet, Levi Gårseth-Nesbakk

Under høyringsrunden i fjor haust åtvara fleire av utdanningsinstitusjonane om kostnaden med innføring av studieavgift. (…) vi ser det som lite sannsynlig at disse kostnadene dekkes inn av den økonomiske modellen som er foreslått.», skreiv NTNU.

Noregs arktiske universitet — UiT peikte mellom anna på behovet for «økte ressurser rundt markedsføring, administrering og innkreving».

Det såkalla BOTT-samarbeidet mellom universiteta i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har basert seg på eit administrasjonsgebyr på 10 000 kroner per student for opptaket i haust.

— For vår del, basert på årets opptak, har departementet bomma kraftig med sine kalkylar og lagt sviktande føresetnader til grunn for sine vurderingar, seier Gårseth-Nesbakk.

Stipend kan koste

HK-dir (Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse) har på oppdrag frå departementet sett i gang ei utgreiinga av moglege stipendordningar for studentane som no er betalingspliktige.

Per i dag er det ikkje klart om ei stipendordning faktisk blir innført, og langt mindre kva det vil koste og kven som skal betale. Derfor veit institusjonane heller ikkje kva dei må setje på budsjettet og kva slags bemanning dei vil trenge for å behandle søknader.

Det som derimot er klart, er at også administrasjon av eventuelle stipend kan bli ein ny utgiftspost.

Prorektor Gårseth-Nesbakk ved Nord universitet er ikkje i tvil om at innføring av stipendordning vil føre til ytterlegare kostnader.

— Men dette må vi berre finn ut av, for dei internasjonale studentane er så viktige for oss. Men kor raskt vi kan få det til, er ikkje lett å seie. Dette er byråkratiserande, og det er synd dette ikkje er blitt tenkt på i først omgang.

Powered by Labrador CMS