Sommar i Khrono

Må kunna tilby utdanningar som også passar små stader

Ein enklare veg inn i lærarutdanninga og ei lærarutdanning som passar i rurale strok er noko av det Hanne Gravrok håpar å kunna arbeida meir med  ved Nord universitet framover. 

Hanne P. Gravrok, Nord universitet.  Før ferien befinner jeg meg på taket på NRK Nordland der jeg ble intervjuet om de fine resultatene vi kan vise til i LæreriNord.
— Før ferien stod eg på taket til NRK Nordland der eg vart intervjua om dei fine resultata me kan visa til i LæreriNord, fortel prosjektleiar Hanne P. Gravrok ved Nord universitet.
Publisert Oppdatert

Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Hanne Gravrok. Gravrok er prosjektleiar for LæreriNord, eit prosjekt som arbeider med rekruttering til lærarutdanningane ved Nord universitet.

— Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23?

Fakta

Hanne Paulsen Gravrok

  • Gravrok er prosjektleiar for LæreriNord, eit prosjekt som arbeider med rekruttering til lærarutdanningane ved Nord universitet.
  • Prosjektet har akkurat for finansiering for ein ny periode.

— Dette har utan tvil vore det mest spanande året i mi karriere. Med den nye rekrutteringssatsinga «LæreriNord» har eg og gode kollegaer vore på vegen og besøkt 40 kommunar i Nordland og ein god del kommunar i Trøndelag. Det er gjevande og utfordrande å møta vaksne og etablerte folk som arbeider som ufaglærte i skular og barnehagar som ynskjer seg ei lærarutdanning. Eg har alt vorten godt kjend med Widerøe, Hurtigruten og mykje ekte og ramsalt nordnorsk vintervêr i jakta på nye lærarstudentar.

— Kva vert den største utfordringa i året som kjem?

— Ei av dei største utfordringane me som jobbar med lærarutdanningane står over for er å få fylt opp studieplassane våre. På Nord universitet har me eit par spanande pilotar som styret ved universitetet har gjeve grønt lys for å søkja Kunnskapsdepartementet om å få innføra. Dersom desse vert implementerte, vil me både kunna tilby ein enklare veg inn til lærarutdanningane, og me vil kunna tilby ei grunnskulelærarutdanning som passar for alle skular i heile landet. Eg bur i ein del av landet som har mange distriktskommunar, og me må kunna tilby utdanningar som òg passar for dei rurale stroka – for å få dekt behova til alle born og unge i Noreg.

— Kva er ditt forhold til sjølvplagiering? 

— Eg er ein ikkje-akademikar som jobbar med kommunikasjon i akademia. Eg meiner at dersom du har produsert ein tekst sjølv, bør du kunna bruka han på nytt i andre samanhengar. Eg forstår at dette kan vera krevjande i akademisk samanheng, men for meg er det dette enkelt – det eg sjølv har skrive må eg kunna bruka som eg vil. 

— Framlegg til ferielektyre?

— Eg har alltid mange planar om å lesa mykje i ferien, men med to aktive ungar, er eg ekstremt nøgd om eg får lese éi bok perm til perm gjennom av sommaren.

Og så er eg litt treg på avtrekkjaren, men las nettopp ferdig biografien til Abid Raja og syntest den var utruleg sterk. Eg held meg til familien, og held fram i same sporet. Difor vert årets sommarlektyre for meg biografien til Abida Raja – «Frihetens øyeblikk».

— Kven fortener ei rose, og kven fortener ein kaktus? 

 — Eg gjev med glede ei rose til alle lærarar i Noreg som kvar dag jobbar for å gje borna våre den beste plattforma dei kan få. Kaktusen er enkel – den får Putin. 

Powered by Labrador CMS