Vil vere språkleg forbilde
Mest norsk, men bruken av engelsk aukar ved Høgskulen på Vestlandet
To år etter innføring av ein ambisiøs språkpolitikk har Høgskulen på Vestlandet (HVL) kartlagt bruk av norsk og engelsk fagspråk.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det er ei arbeidsgruppe ved høgskulen som har kartlagt bruk av norsk og engelsk i pensumlitteratur, undervisning og formidling i 2018 samanlikna med 2020. I rapporten frå arbeidsgruppa går det fram at
- det er klar overvekt av norsk som undervisningsspråk og språk i pensumlitteratur
- der er store variasjonar mellom fakultet og fagområde
- bruken av engelsk aukar til ein viss grad
- den vitskapelege publiseringa er i all hovudsak på engelsk
Meir engelsk undervisning
Det er særleg Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN) som har hatt ei utvikling i retning av mindre norsk og meir engelsk dei siste to åra, viser rapporten. Det gjeld både pensumlitteratur og undervisning. Medan 60 prosent av pensumlitteraturen var på norsk hausten 2018, er talet for våren 2020 nede i 50 prosent.
Bruk av engelsk som undervisningsspråk auka frå vel 28 prosent i 2018 til 32 prosent i 2020.
Institutt for miljø- og naturvitskap og Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag er det instituttet som brukar mest engelsk på fakultetet (FIN). Kartlegginga viser likevel at det meste av undervisninga skjer på norsk ved fakultetet.
Samla sett er det ein liten auke i bruken av engelsk på HVL, frå 15 til vel 18 prosent.
Fortsatt er om lag 70 prosent av all pensumlitteratur på norsk, og tala er stabile. I rapporten blir det likevel understreka at tidsspennet er for kort til å kunne trekke konklusjonar om ei meir langsiktig utvikling.
Når det gjeld vitskapeleg publisering, vart det i 2019 publisert meir på engelsk enn norsk på tre av fire fakultet ved HVL. Unntaket er Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett – der blir mest publisert på norsk. Dette er det største fakultetet, med 6000 studentar fordelt på Bergen, Sogndal og Stord.
«Språkleg føredøme»
HVL skal ifølgje sine retningslinjer vere eit «språkleg føredøme for norske universitet og høgskular nå det gjeld god og rett bruk av språket». Retningslinjene slår fast at det skal vere ein «god balanse mellom bruken av norsk og det viktigaste parallellspråket, engelsk (…).»
I universitets- og høgskulesektoren generelt har bruken av engelsk auka i mange år og bruk av norsk gått ned, trass i lovpålagte krav om ta vare på det norske fagspråket.
I tildelingsbreva til institusjonane stilte Kunnskapsdepartementet i 2019 for første gong krav om konkrete tiltak for å motverke denne utviklinga.
HVL har vore mellom dei «flinkaste i klassen» når det gjeld å bruke norsk i faglege samanhengar. Arbeidsgruppa bak den nye kartlegginga peikar på at det på sikt kan bli utfordrande å bevare denne posisjonen, og å utvikle norsk fagterminologi utan bruk av norske læreverk og relevant forskingslitteratur i undervisninga.
I rapporten blir ambisjonane om å bli universitet innan 2023 trekt fram som ein faktor som kan trekke utviklinga mot meir bruk av engelsk, sidan universitetsstatus vil føre med seg høgare krav til internasjonalisering.
Kartleggingsrapporten skal no vurderast av fakulteta og Studenttinget med sikte på å utarbeide nokre felles prinsipp for parallellspråk ved HVL.
Nyeste artikler
«Prosessane er lukka, og ein får ei katastrofekjensle»
Mange positive utviklingstrekk i den norske universitets- og høyskolesektoren
Venstre frykter at Norge havner på B-laget i forskning
— Det hadde vore ein draum å få Maria Toft som statsråd
Doktor først, verdensmester i jiu-jitsu etterpå
Mest lest
Fem personer har sluttet på kort tid i prestisjeprosjekt
Bekymret over norske politikeres lave utdanning
Han underviser for tomme saler. Vil ha studentene tilbake på campus
Svindlerne fikk napp hos Sintef. 9 av 25 ga fra seg passord
Professor trekker seg i protest: —Kommer ikke til å være høflig og hyggelig mot Elon Musk