uit Noregs arktiske universitet
Milliardkutt for nytt museum
UiT Noregs arktiske universitet sitt nye museum skulle kosta 2,8 milliardar kroner. Men før ein einaste spade er sett i jorda, må prosjektet kuttast med minst ein milliard kroner.

I 2016 var bestillinga eit museum med ei kostnadsramme på 1,5 milliardar kroner. Sidan den gong har som kjent mykje vorte dyrare. Prislapp for nytt universitetsmuseum ved UiT Noregs arktiske universitet har no stige til 2,8 milliardar kroner.
Det er for mykje, meiner regjeringa. Allereie i samband med statsbudsjettet for 2023 sa dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe at prisen måtte ned. Som Khrono har skrive, vart det ikkje sett av ei krone til museet den gongen.
No har noverande forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch vore i Tromsø saman med statsminister Jonas Gahr Støre, og UiT har fått beskjed om at budsjettet må kuttast til om lag det halve, melder Nordlys.
Skal levera tre eller fire alternativ
— Me såg at NTNU vart for dyrt med 12 milliardar, så det tok regjeringa ned til sju milliardar kroner. Me må gjennom same øvinga når det gjeld Universitetsmuseet i Tromsø. Me tek det ned frå 2,8 milliardar kroner, til ein stad mellom 1,1 og 1,5 milliardar kroner, seier Borch til avisa.
Soga om lokaliseringa av museet er lang. UiT hadde først tenkt å ha det på campus i Breivika, men museet vert no etter planen ein del av det nye kulturkvartalet i byen.
Då Khrono snakka med UiT-rektor Dag Rune Olsen hausten 2022, var han særleg oppteken av at det må vera nok lagringsplass til dei museale gjenstandane. Men:
— Prosjektet skal innom tørketrommelen, sa Olsen, og viste til at det var kome ei melding om kutt.
No seier han til Nordlys at UiT vil ha skissene for nytt museum klare midt i september. Fristen frå regjeringa er 1. februar.
— Me skal levera tre til fire alternativ, seier Olsen.
Deretter skal dei i samtalar med departementet og Statsbygg for å få kostnadsrekna skissene.
Får prosjekteringsmidlar

Då statsministeren og forskings- og høgare utdanningsministeren var i Tromsø denne veka, hadde dei også med seg litt pengar. Dåverande kulturminister Anette Trettebergstuen lova i juni fire millionar til prosjektering av dei andre delane av kulturkvartalet, der universitetsmuseet altså også skal inn. I tillegg lova ho at det skulle koma fleire millionar, totalt mellom 15 og 20. No kjem det totalt 12 millionar, lovar statsminister Jonas Gahr Støre.
— Me har sett frå ei rekke prosjekt, frå jernbaner og mykje anna, at kostnadane berre har auka. Me må koma ned på eit nivå som gjer at me kan bygga så mange offentlege bygg som mogleg. Det er definitivt ikkje berre i Tromsø me senkjer rammene, seier han til Nordlys.
Nyeste artikler
Universitetet i Bergen har funnet sin nye direktør for kommunikasjon
Nedslående resultater for norske elever i matematikk, naturfag og lesing
Er studenter mindre resiliente enn før?
Hun er ny direktør for Kulturhistorisk museum
Rekrutteringsarbeidet til realfagstudier starter i grunnskolen
Mest lest
Dømt for karakterjuks, ga dattera på 10 år skylden
Studenten vant fram i selvplagiat-saken
Universitetet i Agder fornyer ikke kontrakt med omstridt psykiater
Ny cateringavtale: — Alle syns dette er helt håpløst
Mannlige studenter jukser mer enn kvinnelige: — Jeg ville gjort det igjen