habilitet

NHH-rektor utpeikte kjæraste og noverande kone til styreverv. — Ein dum feil

Rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, utpeikte kjærasten og noverande kone, Linda Nøstbakken, til styreverv i høgskolens forskingsselskap.

Rektor ved NHH, Øystein Thøgersen, innrømmer, etter at Khrono tok kontakt, at han var inhabil. Han karakteriserer sin eigen feil som alvorleg.
Publisert Oppdatert

Rektor ved Noregs handelshøgskole (NHH), Øystein Thøgersen, erkjenner at han var inhabil då han hausten 2022 utnemnde Linda Nøstbakken til styreverv i Samfunns- og næringslivsforsking AS (SNF).

Nøstbakken trekte seg onsdag kveld frå styret, kort tid etter at Khrono tok kontakt.

— Eg har gjort ein dum feil. Eg kan ikkje seie noko anna enn at det er alvorleg. For leiarar generelt, og øvste leiar spesielt, er habilitet veldig viktig. Eg tar fullt ansvar for dette og legg meg så flat eg berre kan, seier Thøgersen til Khrono.

Styreverv og ekteskap

Linda Nøstbakken var prorektor i Thøgersens rektorat frå 2017 og fram til våren 2020, då ho blei forskingsdirektør i SSB (Statistisk sentralbyrå), før rektorperioden var over. Ifølgje Thøgersen var dei i ferd med å bli kjærastar på dette tidspunktet. 

Sommaren 2022 vart Nøstbakken oppnemnd av Thøgersen, til ein ny periode i styret i SNF. 

Paret gifta seg kort tid etterpå, i august 2022.

Det er rektor ved NHH som peikar ut styremedlemmene i SNF utan noka form for formell nominasjons- eller innspelsprosess. SNF er eit selskap knytt til NHH med oppgåve å initiere, organisere og utføre eksternt finansiert forsking. Selskapet har ei omsetning på 65 millionar årleg og mellom 30 og 35 tilsette.

Nøstbakken vart første gong utpeikt til styrevervet i 2019, medan ho var prorektor, men ikkje kjæraste med Thøgersen.

Han seier til Khrono at forholdet dei imellom «begynte å endre seg frå et vennskap til noe mer» etter at Nøstbakken fekk jobb som forskingsdirektør i SSB og gjekk ut av rektoratet. 

— Gode kandidatar

På spørsmål om korleis det han i ein e-post til Khrono omtalar som ein «feil» kunne skje, forklarer Thøgersen at det «har gått fort i svingene». Han karakteriserer handlinga som slurv.

— Det er ganske vanleg at styremedlemmer blir re-oppnemnde for ein ny periode. I 2022 var jobben med å finne kandidatar til styret veldig enkel. Det var berre to som sto til val og kom på min rektorpult. Begge var gode kandidatar, seier Thøgersen.

Den eine var altså kjærasten, utan at rektoren på det tidspunktet ifølgje seg sjølv tenkte på inhabilitet.

Forholdet mellom Linda Nøstbakken (nr.2 f.v.) utvikla seg til kjærleik og ekteskap. Det skjedde etter at ho gjekk ut av rektoratet, ifølgje Thøgersen. Her flankert av resten av rektoratet i 2017. Helge Thorbjørnsen (til venstre) er i dag styreleiar i SNF. Til høgre Therese Sverdrup og Gunnar Christensen.

Vil du føreta deg noko meir i saka?

— Så langt har eg orientert min styreleiar og vil også informere leiargruppa mi om dette.

— Har dine næraste leiarkollegaer vore kjende med forholdet mellom deg og Nøstbakken, og i så fall, på kva tidspunkt har du informert og til kven?

— Nøstbakken jobba ikkje lenger på NHH då det eventuelt ville ha vore aktuelt informere om vårt forhold. Etter dette har eg derimot påpeikt at vi har eit forhold i ulike samanhengar der eg meiner dette har vore nødvendig. Ulike personar i gruppene du nemner har derfor blitt kjende med vårt forhold på ulike tidspunkt, seier Thøgersen.

Nøstbakken: — Heilt einig

— Eg er heilt einig i at eg ikkje skulle blitt re-oppnemnd til styret, seier Linda Nøstbakken,

Kort tid etter at Khrono tok kontakt onsdag, informerte Linda Nøstbakken styreleiaren og direktøren i SNF om at ho trekker seg frå styret. 

— Eg er heilt einig i at eg ikkje skulle blitt re-oppnemnd til styret, og derfor trekte eg meg, seier Nøstbakken, som ikkje ønskjer å kommentere saka til Khrono utover dette.

Øystein Thøgersen vart tilsett som rektor ved NHH i 2017 og fekk Linda Nøstbakken med som prorektor for utdanning. Ho var også vikar for rektor.

Både Thøgersen og Nøstbakken har lang fartstid på NHH, og begge har hatt professorstillingar der.

Powered by Labrador CMS