Vil ha menn som ambassadørar i helsefag

Ragnhild Bjørge
helsefag menn høgskolen i molde

Høgskolen i Molde vil skapa nye møtestader for mannlege helsefagstudentar i byen.

Difor skal dei tilsetja mannlege rollemodellar for helse- og sosialfag.

I tillegg til å laga møtestader, skal ambassadørane også jobba med å auka forståinga for helsefaga og visa fram kva moglegheiter som ligg i helse og omsorg.

I utlysinga skriv høgskulen at “Rollemodeller møter unge og andre målgrupper for å dele egne erfaringer, og for å snakke om utdanningsvalg og hvorfor helsefag kan være det riktige valget - selv for menn”.

Powered by Labrador CMS