styremøte

Ønskjer seg bygg for fem milliardar

Universitetet har ei lang liste over byggeprosjekt det ønskjer å få gjennomført dei neste åra. Styret skal drøfta lista — sjå møtet direkte her.

I Bergen kallar ein det for det gamle BT-bygget, sjølv om det er lenge sidan Bergens Tidende heldt hus i Nygårdsgaten 5. UiB har eigd bygget i ei årrekke, og no er det totalt ombygd.

Nytt museumsbygg. Nytt bygg til musikkutdanning, ei storstilt satsing på realfagsmiljøa og ei samling av dei humanistiske faga.

Slik kan ein oppsummera Universitetet i Bergen (UiB) si ønskeliste når det gjeld bygg. Universitetsstyret har studieårets første møte torsdag 14. september, og skal då mellom anna drøfta Masterplan for areal.

Møtet startar klokka 10, og du kan sjå det direkte her:

Treng pengar frå staten

Fakta

Dette ønskjer UiB seg

  • Nytt Griegakademi, kostnadsrekna til 870 millionar kroner
  • Nytt bygg på Nygårdshøyden sør, kostnadsrekna til 400 millionar kroner
  • Rehabilitering av Realfagbygget, kostnadsrekna til 2,5-3 milliardar kroner
  • Rehabilitering av Fysikkbygget, kostnadsrekna til 400-600 millionar kroner
  • Nytt HF-bygg, kostnadsrekna til 350 millionar kroner
  • Rehabilitering Sydneshaugen skole, kostnadsrekna til 200 millionar kroner
  • Rehabilitering av dei kulturhistoriske samlingane, kostnadsrekna til 400-600 millionar kroner
  • Christiesgate 12, kostnadsrekna til 70 millionar kroner
  • Nytt plantehus til muséhagen, kostnadsrekna til 90 millionar kroner

 

Nyleg flytta fellesadministrasjonen ved UiB inn i eit ombygd, felles bygg. Men det er fleire stader UiB ønskjer å samla seg. Byuniversitetet har mange bygg, og ein god del av dei eig det sjølv. 

Om to av prosjekta heiter det følgjande: 

«På campus Nygårdshøyden er en særlig utfordring knyttet til teknologi- og realfagssatsingen på Nygårdshøyden sør. Det er samtidig tidenes største gjenbruksprosjekt. Prosjektet inkluderer rehabilitering av Realfagbygget og Fysikkbygget, samt etableringen av et nybygg» og «Planene for et HF- nybygg på Dokkeveitomten bak Sydneshaugen skole, vil kunne samle HF-miljøene, som i dag er spredd i flere bygg og i lite hensiktsmessige boliggårder på Sydneshaugen. I tillegg planlegges en underetasje med fasade ut mot Dokkeveien som kan bli arealer for spesialsamlingene. Planene innebærer også å erstatte eldre og lite egnede villaer med mer moderne og formålstjenlige universitetsarealer, i tråd med målsettingene i tidligere arealplaner».

Det er ikkje ei billig ønskeliste UiB har. Slår ein saman alle summane, hamnar ein mellom fem og seks milliardar kroner. Nokre av prosjekta er tenkt finansiert mellom anna gjennom å auka internhusleige og selja eigne bygg, andre er så store at ein vil trenga ei løyving over statsbudsjettet, heiter det i saksframtillinga.

Nytt museumsbygg

I fjor kom det eit slags klarsignal til eit etterlengta bygg for Griegakademiet — Institutt for musikk. Som Khrono har skrive, held musikkmiljøet ved UiB til i ein gamal skule, utan lydtette lokale. Planen er eit nybygg ved sida at Fakultet for kunst, musikk og design sitt eksisterande, temmeleg nye bygg på Møllendal i Bergen.

Dåverande statsråd Ola Borten Moe ringde til UiB-rektor Margareth Hagen og sa at det ikkje kom pengar i statsbudsjettet. Men som ein del av budsjettforliket i Stortinget vart det klart at forprosjektet i alle fall kan halda fram. Byggestart kan verta i 2024 — dersom det kjem midlar, heiter det i saksframstillinga.

Khrono har òg skrive at UiB per no har stengt eit av museumsbygga sine. I 2019 opna Universitetsmuseet sine naturhistoriske samlingar etter å ha vore stengt i årevis. Men bygget der dei kulturhistoriske samlingane held til treng sårt ei oppgradering. Dette er òg eit prosjekt som må inn på statsbudsjettet, meiner UiB, og kostnadsramma er omlag ein halv milliard kroner.

Dette skal dei drøfta

Av saker elles skal det peikast ut nye æresdoktorar, tilsetjast senterleiarar, og handlingsplan for HMS skal drøftast.

Her er heile sakslista:

Powered by Labrador CMS