Journalistpris til På Høyden

På Høyden får pris for kritisk forskningsjournalistikk om Statoilavtaler.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Vitenskapsakademiet i Stavanger (ViS) deler ut ViS-prisen for «kritisk, innsiktsfull og vederheftig forskingsjournalistikk».

Prisen er på 50 000 kroner og vert delt ut 17. juni i Stavanger, skriv På Høyden.
Tidlegare har Morgenbladet (2013), Aftenposten (2012) og P2-programmet Museum vunne prisen.

Redaktør Dag Hellesund vart tilsett for to år sidan. Samtidig fekk På Høyden redaktørplakat, og med den eit større rom for uavhengig journalistikk og kritisk debatt.

– Eit av måla du proklamerte som nytilsett redaktør for to år sidan, var at På Høyden skulle vinne ein pris. Kva betyr det for På Høyden å få denne prisen?

– Vi er særs lukkelege over å ha fått ViS-prisen. Årets pris er ein stor heider til den veksande sektoren av universitets- og høgskuleaviser, som driv kritisk journalistikk på ein meir fagnær måte enn ålmenne aviser kan tillate seg. At fagblad vinn prisar er eit teikn på at vi er der vi skal vere når det gjeld kvaliteten på journalistikken vår, seier redaktør Dag Hellesund.

–  På Høyden feirar snart to år med redaktørplakat. Kva kan lesarane vente seg meir av framover?

– Vi vil strekke oss endå lenger for å gi lesarane våre god, kritisk og relevant journalistikk. Og endå fleire gode debattar.

Nominasjonskomiteen skriv i grunngjevinga at dei særskilt har merka seg redaksjonen si dekning av UiB sin Akademiaavtale med Statoil. 

Nominasjonskomiteen har vore sett saman av:
Professor Roald Berg ved Universitetet i Stavanger  og styremedlem Roald Berg i ViS, førsteamanuensis Harald Hornmoen ved HiOA, debattredaktør Hilde Sandvik i Bergens Tidende og dekan Trine Syvertsen ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Oslo. 

Tidlegere har P2-programmet Museum, Aftenposten og Morgenbladet fått prisen.

(På Høyden ved universitetet i Bergen)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS