norsk medborgerpanel

Professor: — I ei tid med fake news er det viktig med gratis forskings­data

Ja, tilliten til norske politikarar har vorte dårlegare dei siste ti åra. Det veit ein fordi Norsk medborgerpanel har samla inn data heilt sidan 2013.

Turbulent tiår var overskrifta på Norsk medborgerpanel sitt jubileumsarrangement. Professor Elisabeth Ivarsflaten hadde med seg ideen om webbaserte undersøkingar frå Storbritannia, og sidan 2013 har tusenvis av nordmenn svara på spørsmål. Dette har vore ti år med flyktningkrise, krig og pandemi.

Talet på personar som er svært uroa over klimaendringane er høgare i 2023 enn i 2013. Tilliten til norske politikarar er høg, men er samstundes på sitt lågaste nivå i november 2023 når ein samanliknar dei ti siste åra. 

Talet på personar som meiner at det er kvinner sitt eige ansvar å unngå seksuell trakassering har gått nedover etter at metoo-bølgja kom i 2018, og Senterpartiet har snudd medvind til motvind etter at dei gjekk inn i regjering.

Desse sakene heng ikkje saman på nokon måte. Men dei er døme på kva dataa til Norsk medborgerpanel kan seia noko om. Panelet, som høyrer heime ved Universitetet i Bergen, har i desse dagar samla inn data i ti år.

Det ringjer, det ringjer …

— Me byrja arbeidet for 12 år sidan. Eg har doktorgrada mi frå Storbritannia, og der var det vanlegare med webbaserte undersøkingar. I Noreg nytta ein på den tida framleis stort sett telefon når ein skulle gjennomføra spørjeundersøkingar, forklarar professor Elisabeth Ivarsflaten.

Ho er heimehøyrande ved Institutt for politikk og forvaltning, og leiar Medborgarpanelet.

Det som gjorde panelet unikt i norsk samanheng, er at der er heildigitalt. No er dette standard for alle spørjeundersøkingar. Deltakarane svarar dei på mange ulike spørsmål.

— Det dei ikkje ser, er programmeringa som ligg bak. Det gjer at me kan finna ut mykje utifrå dei spørsmåla me stiller. Ved å stilla spørsmål på ulike måtar kan me mellom anna få sikre estimat på kva som bevegar nordmenn sine haldningar, seier Ivarsflaten.

Ho legg til:

— Tidlegare måtte ein søkja om midlar til eit stort forskingsprosjekt for å kunne stilla eitt spørsmål. No kan me samla inn data langt meir effektivt.

— Eit offentleg gode

Det Ivarsflaten og medforskarane hennar er opptekne av, er kva spørsmål som kan vera interessante å sjå på over tid. På lista så langt står mellom anna klima, tillit, innvandring og mangfald.

— Det var nokon som nettopp sa til meg at «tenk kor spanande det er å følgja dette i ti år til». Men eg tenkjer på kor spanande det er å sjå på desse dataa om hundre år! Berre tenk på noko av det som har skjedd dei siste ti åra; med pandemi, krig, inflasjon og flyktningkrise. I tillegg er me på veg inn i ei tid med både grøn omstilling og der kunstig intelligens vert viktigare, seier Ivarsflaten engasjert.

I høve tiårsjubileet har dei sleppt trenddata for, i tillegg til tillit, syn på økonomien, omfordeling, klimatiltak, innvandring, sentralisering og dei ulike politiske partia. Poenget med desse er at dei skal vera gratis og tilgjengelege for alle. Ei eiga nettside og kortfatta tekst frå forskarane gjer at dette mellom anna skal kunne brukast til undervisning.

At data kan brukast er viktig, meiner professor Ivarsflaten, og kallar Medborgarpanelet for eit offentleg gode.

— Det er meir data tilgjengeleg enn før, men ein er òg meir usikre på kvaliteten på desse og på kor dei kjem frå. Våre data er det uavhengige forskarar som står bak, seier ho.

Nokre av dei som med jamne mellomrom svarar på spørsmål som går inn i panelet, har vore med i ti år. Andre er med i kortare periodar. Men felles for alle er at dei er heilt tilfeldig plukka ut.

— Me vil jo gjerne at dei som er tilfeldig plukka ut held fram, for då kan me få data for eit livsløp. Samstundes veit me at dei som er engasjerte og som seier ja til å vera med på noko slikt som dette over tid, gjerne har høgare utdanning. Det må me så ta omsyn til når me gjer analysar, seier professoren.

Kva er det som er interessant å vita noko om over tid? Det er spørsmålet forskarane har stilt, og har landa på mellom anna klima, innvandring og tillit. Dei ferske dataa viser at dei seinaste sakene knytt til norske politikarar har noko å seia for folk sin tillit til dei. Her er det dekan Jan Erik Askildsen som gratulerer Medborgarpanelet sin leiar Elisabeth Ivarsflaten.

Vil samla data frå fleire

Å få sannferdig kunnskap ut til folket er òg bakgrunnen for at Norsk medborgerpanel har hatt eit samarbeid med Bergens Tidende under dei siste valkampane. 

Ivarsflaten seier at forskarane er opptekne av at kunnskapen dei sit på ikkje berre skal vera ein del av det usynlege kunnskapsgrunnlaget i samfunnet, men at data frå panelet òg kan verta brukt mellom anna til å seia noko om kva som er dei viktigaste sakene for veljarane i eit val.

— Me kan òg seia noko om kva veljarar som likar ulike parti, seier ho.

Medborgarpanelet er ein del av infrastrukturen Digital Social Science Core Facility (DIGSSCORE), der Ivarsflaten er leiar. Under denne paraplyen finn ein Norsk medborgerpanel, Norsk forvaltningspanel, Norsk representantpanel og Medborgerlaben.

Norsk forvaltningspanel og Norsk representantpanel er ein del av eit nytt nasjonalt forskingsinfrastrukturinitiativ, KODEM. Her er universiteta og forskingsinstitutt i heile landet med.

— Her ønskjer me å samla inn data frå både politikarar, journalistar og tilsette i statsforvaltninga, i tillegg til frå medborgarar. Dette vil gjera ein heilt ny type demokratistudiar, som me treng no i møte med desinformasjon og påverknadskampanjar, mogleg, seier Ivarsflaten.

Powered by Labrador CMS