teologi

Professor kan bli biskop

Stephanie Dietrich (56) som er blant dei fem nominerte til å bli ny biskop i Bjørgvin, er professor ved VID.

Stephanie Dietrich har vore professor og førsteamanuensis ved VID vitenskapelige høgskole sidan 2007.

Dietrich er professor i diakoni på VID vitenskaplege høgskole, ved fakultet for teologi, diakoni og verdibasert ledelse. Ho har arbeidd ved høgskolen sidan 2007.

VID-professoren er fødd og oppvaksen i Tyskland og kom til Noreg som utvekslingsstudent på Menighetsfakultetet i 1987.

Blant konkurrentane til å ta over det høgthengande vervet etter avtroppande Halvor Nordhaug, er blant andre Sunniva Gylver, sokneprest i Fagerborg og domprosten i Bjørgvin, Gudmund Waaler.

Avgjerd i januar

Bispedømet Bjørgvin har eksistert sidan 1070 og er eitt av fem historiske bispedøme i Noreg saman med Nidaros, Oslo, Stavanger og Hamar. Bjørgvin omfattar i dag Vestland fylke. Sjømannskyrkja er også knytt til bispedømet.

Tilsetjinga av ny biskop skjer etter ein omfattande prosess der bispedømerådet nominerer frå ein bunke innsende forslag, basert på intervjurundar. Dernest følgjer ein såkalla supplerande nominasjon, før den endelege lista blir lagt fram og sjølve valet kan starte. Ei rad aktørar og institusjonar knytt til kyrkja har stemmerett.

Den endelege avgjersla om kven som blir Bjørgvins 35. biskop vil bli tatt av Kyrkjeårdet i februar neste år.

Akademiske biskopar ikkje uvanleg

Det er langt frå uvanleg at professorar og andre med høge akademiske stillingar, primært innan teologi, blir biskopar. Ein av dei mest kjende var Per Lønning, som var biskop først i Borg, der han gjekk av i 1975 i protest mot liberaliseringa av abortlova.

I 1987 vart Lønning utnemnd til biskop i Bjørgvin. Lønning hadde doktorgrad både i teologi og filosofi, var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1978, og han hadde i tillegg ein karriere som høgrepolitikar.

Student blir biskop i Hamar

Dersom Dietrich blir biskop, vil det bli den andre «signeringa» frå VID på kort tid. Kyrkjerådet tilsette nyleg Ole Kristian Bonden som biskop i Hamar bispedøme.

Bonden er student på VID og skal fullføre eit fireårig masterprogram i løpet av våren 2023.

Powered by Labrador CMS