Stortingsvalet 2025

Psykologijubel i Agder

Universitetet i Agder får 30 studieplassar i psykologi. — Me trippar etter å koma i gang, seier UiA-rektor Sunniva Whittaker.

Sunniva Whittaker og Sigrun Aasland feirar 30 studieplassar i psykologi til UiA
I Kristiansand skein toppane om kapp med sola då det vart klart at dei får pengar til 30 studieplassar i psykologi. Frå venstre: Nina Mevold, administrerande direktør ved Sørlandet sykehus, fylkesordførar Arne Thomassen, dekan ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap ved UiA Anders Johan W. Andersen, og UiA-rektor Sunniva Whittaker og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap.)
Publisert Sist oppdatert

I 2026 startar Universitetet i Agder (UiA) opp utdanning i psykologi. 

Det vart klart då forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland kom til Kristiansand laurdag for fortelja at dei får finansiering til 30 studieplassar på utdanninga. 

Det skjedde same dagen som statsminister Jonas Gahr Støre og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun var i Stavanger for å fortelja at også UiS sin kamp for psykologiutdanning har ført fram. 

Sigrun Aasland og Sunniva Whittaker feirar 30 studieplassar i psykologi til UiA.
Sigrun Aasland og Sunniva Whittaker feirar finansiering av 30 studieplassar i psykologi med kake.

Glad og letta

— I dag kjenner eg ei stor lette! Me har jobba målretta for dette i mange år, og dette med å få sikra finansiering var siste kneppet som skulle til, seier Sunniva Whittaker til Khrono.

Og at det kjem pengar er viktig for fleire enn universitetet.

— Det er store levekårsutfordringar på Agder, særleg knytt til psykisk uhelse. Så heile regionen treng fleire fagfolk, som legar og psykologar, seier ho. 

— Er de klare til å starta opp neste haust? 

— Definitivt! Me har alt tilsett mange flinke fagfolk, og dei står berre og trippar etter å koma i gang. 

Og ein av ting dei ynskjer å sjå på når dei skal etablera eit nytt studium er kjønnsbalansen i studentmassen. 

— Me ser at det er skeiv rekruttering til psykologistudia, og dermed at det vert ein kjønnsubalanse. No startar arbeidet med å sjå på kva kriterium som skal leggjast til grunn for opptaket ved UiA, seier Whittaker. 

Har stor tru på UiA

Statsråd Sigrun Aasland seier til uia.no at ho kjenner på dei særleg utfordringane og behova som er på Agder, og at det er bakgrunnen for at regjeringa opprettar 30 studieplassar i psykologi nettopp her.

— Universitetet i Agder og heile regionen har jobba iherdig over lang tid for å få på plass eit godt fagleg tilbod, og har knytt til seg eit spanande forskingsmiljø. Dette har eg verkeleg tru på, seier ho.

Det har vore fleire rundar med nei og klager, før UiA fekk ja til å setja i gang arbeidet i februar i år. Deg gongen utan at finansieringa var på plass.

Fleire feirar i dag

Også fylkesordførar Arne Thomassen og administrerande direktør ved Sørlandet sykehus Nina Mevold feirar i dag.

— Dette er veldig gode nyheiter for heile regionen, for me treng psykologar, seier Thomassen, medan Medvold gler seg mest over å ha sikra rekruttering framover. 

— Eit fullt studium vil sikra rekrutteringa av psykologar i regionen vår. Me gler oss, og står klare til å ta imot studentane i praksis, seier ho til uia.no.

Powered by Labrador CMS